Festivalen Indiefjord på Sunnmøre freistar å blande bygda og indiepopen. Det gir både store opplevingar og anstrengt kulturkræsj.

Dei heimflytta søstrene Silja og Ingvild Haddal Mork frå den vesle bygda Bjørke, inst i Hjørundfjorden i Ørsta kommune har sidan 2014 organisert festen og dugnaden Indiefjord. Slike arrangement i distrikta vert gjerne sett pris på av både lokalbefolkning og tilreisande publikum, men å foreine såkalla “indie” med tilhøva inst i Hjørundfjorden har også utfordringar.

“Indie” og “fjord”
Festivalnamnet er tilsynelatande deskriptivt. Her kan du oppleve indie i ein fjord. Men sjangeromgrepet “indie” er i seg sjølv omdiskutert og gir ikkje eit klart bilete av den musikalske profilen. Utan vidare diskusjon her kan vi i denne samanhengen forstå det slik at hovudpoenget for Indiefjord ikkje er at dette er artistar signert på uavhengige plateselskap, slik omgrepet tyder teknisk, men heller eit hint til at det er meir eller mindre kredibel og ikkje heilt mainstream pop, rock og visemusikk som vert presentert. Elles er omgrepet heller noko ein assosierer med undergrunnscener i til dømes London, og ikkje med norske fjordar.

Indiefjord Foto: Olav Opsvik
Indiefjord Foto: Olav Opsvik

Vi som er oppvaksne i fjord-Noreg veit at også ei bygd i ein fjord kan vere så mangt. Dei ulike bygdene i Hjørundfjorden åleine har ganske varierte kulturmarkørar å skilte med. Du har til dømes Trandal, med blues- og countryfestivalar og ikkje minst Sputniks skilsmissefestival. I ei anna fjordarm finn du det historiske Hotell Union Øye. Og lengst inne har du altså den stille bygda Bjørke, kanskje mest kjent for sin kraftstasjon og for telefonkiosken Prillar-Guri.

Soleis finst ein klår kontrast mellom omgrepa i festivalnamnet, som legg opp til eksotiske møte mellom moderne, globale kulturuttrykk og den vesle, lokale fjordbygda. Det vert eksotisk både for lokalt publikum som får oppleve nye musikalske uttrykk, frå artistar dei færraste har føresetnadar for å kjenne til, og for artistane som får spele i nye omgjevnadar for nye mennesker.

“Fucking amazing venue”
Og eksotisk blei det. Dei av oss som fekk besøke Indiefjord fekk oppdage at Bjørke er meir enn ein kraftstasjon og ein telefonkiosk, med fleire historiske bygg i vakre omgjevnadar. Å få synt fram dette kan også vere god motivasjon for ein festival.

Benjamin Southworth Foto: Olav Opsvik
Benjamin Southworth Foto: Olav Opsvik

Tidleg på ettermiddagen kunne ein oppleve tre visesongarar med eit sett kvar i eit av desse tradisjonsbygga, Notanaustet, der den mest synlege var Benjamin Southworth: Ein engelskmann med sjarmerande, smånervøs framtoning, som nærast ikkje kunne slutte å påpeike at han no var på ein “fucking amazing venue”. Det stod med andre ord ikkje på humor og glimt i auget mellom songane.

Stemninga var hakket meir andektig når han framførte dei såre og melankolske visene sine. “How We Used to Talk” med strofa “as you glissened under Norwegian rain” kunne ikkje passa betre til den fantastiske staden vi var på. Southworths uformelle kommentarar og sjølvironi passa fint til hans nakne, personlege songar og den intime scena, der folk sat henslengt på golvet og langs veggane i naustet.

Visesong med kassegitar er eit nakent utgangspunkt, og dette blei reindyrka på ettermiddagskonserten i notanaustet. At Southworth slo til med ein fin og enkel versjon av Paul Simons “Diamonds on the soles of her shoe” gav også eit artig bilete, der Southworth sat omringa av fjellsko og støvlar.

Avina Foto: Olav Opsvik
Avina Foto: Olav Opsvik

Bygdefest
“Klubbkvelden” seinare same dag var kanskje enda meir eksotisk – på ein heilt anna måte. Det lokale, passe nedslitte forsamlingshuset Haukly er ikkje like vakkert som notanaustet, men viser ogs ei vesentleg side av bygdekulturen, langt frå det urbane som i stor grad er representert i musikken. Der var det lagt opp til eit stramt program med fleire spennande artistar, som truleg er ukjent for dei fleste som hadde kjøpt billett. Først ut var eit av dei lokale (eller i alle fall regionale) alibia, bandet Avind, leia av Tonje Eirin Tafjord, som er oppvaksen i Valldal.

Å starte kvelden med fullt band som slo litt frå seg var ikkje dumt. Tafjords forteljande og lett naive tekstar på sunnmørsdialekt fortente definitivt ein plass blant alle dei engelsktalande artistane.

Kræsjen mellom musikken som blei framført og bygdekulturen er både artig og eksotisk, men utover klubbkvelden fekk den diverre også eit litt uheldig utslag.

Medan Avind spelte, og det utselde lokalet enno ikkje var fullt, var det trauste interiøret, med mørke treveggar, hyttemøblar og eit ikkje alt for imponerande fjell- og fjordmåleri bak på titteskapsscena, ganske sjarmerande. Frå kjøkkenet kunne ein kjøpe kebab, samosa og børek, og folk naut medbrakt drikke. Festivalen hadde med andre ord lagt opp til ein folkeleg, sunnmørsk bygdefest anno 2016, berre med eit ganske anna musikalsk repertoar enn ein vanlegvis ser i ein slik samanheng.

Kulturkræsj
At Indiefjord har trekt publikum frå heile området og seld ut ein slik kveld er definitivt prisverdig. Særleg med tanke på at programmet er nærast blotta for kjende trekkplaster, og heller frontar spennande og relativt ukjende artistar. Kræsjen mellom musikken som blei framført og bygdekulturen er både artig og eksotisk, men utover klubbkvelden fekk den diverre også eit litt uheldig utslag.

For sjølv om lokale bygdefolk var lojale, positive og stilte opp for Indiefjords initativ, var det etter kvart tydeleg at fleire og fleire av publikum som dukka opp utover kvelden var der for festen, og ikkje musikken. Det oppsto eit skilje mellom ei lita, interessert gruppe nær scena, og snakkesalige folk lenger bak i lokalet.

Davina Shell Foto: Olav Opsvik
Davina Shell Foto: Olav Opsvik

Ein av artistane som leid litt under dette var også ein av dei mest spennande. Gitarist og låtskrivar Davina Shell frå gruppa Thee Ahs stilte opp åleine og både song og spelte låtar som vanlegvis vert framført saman med gruppa, då med ein anna vokalist. Det musikalsk møtet var nytt for både publikum og artisten sjølv.

Krev konsentrasjon

Den uanstrengte stilen til Shell kan minne om post-punk og melodiøse grupper som til dømes The Smiths. Ho hadde eit ganske utbroderande gitarspel, og lekker, skitten lyd. I motsetjing til mange av dei andre artistane hadde Shell mindre føreseielege musikalske og lyriske (kva betyr for eksempel “I feel like Rosalyn?”) vendingar og ei beskjeden, men sikker framtoning som stod i stil med musikken.

Difor var det litt trist at Shell ikkje fekk det merksame publikum musikken fortener.

For meg, som er oppvaksen i området er det kult å kunne dra på ein liten, rar festival og oppdage nye artistar. Men når store delar av publikum rett og slett ikkje bryr seg om musikken har Indiefjord ei viktig utfordring ved vidare utvikling av festivalen.

Den årlege festivalen Indiefjord gjekk føre seg 9. og 10. juli.

Publisert:

Del: