Rural Tapes live frå låven i Grimstad – på internett. (Foto: Skjermdump frå vierlive.no)

Rural Tapes: Eit rikt, indre liv, heimedyrka i Grimstad

Men med internasjonale venner frå Dream Syndicate og R.E.M. Musikk du kan oppleve djupare og djupare for kvar gjennomlytting.

Kalender

Reza e i Ragazzi

12/04/2024 Kl. 20:00

Viken

Operapub på Grønland Boulebar

13/04/2024 Kl. 19:00

Oslo

Engegård, Svendsrud og Haugen trio i Trysil

13/04/2024 Kl. 15.00

Innlandet

Anmeldt: Inner Space Music (album) / livesending Vier.live, Rural Tapes
Arne Kjelsrud Mathisen flytta til eit småbruk i Grimstad og har her dyrka fram prosjektet Rural Tapes på låven, i Nygrenda vev og dur. I november kom andre albumet ut av prosjektet – Inner Space Music. Og namnet er godt, for det er liksom noko introvert over det heile. Eit rikt, indre liv rett nok.

Torkjell Hovland er kritikar for ballade.no. (Foto: privat)

På den måten er det kanskje ikkje så feil å lansere plata også på internett. Slippkonserten gjekk av stabelen på Vierlive.no, som gjennom pandemien etablerte seg som kanskje den mest innovative nettscena og har ut i frå det fått vidare liv også i 2022.

På live-versjonen av Rural Tapes har Arne Kjelsrud Mathisen med seg tidlegare kollega frå Heroes and Zeros Lars Løberg Tofte, Sigurd Thomassen frå Pow Pow og Øystein Braut kjend frå mellom anna Electric Eye.

Men i det eg set meg til rette for konserten heime i sofaen, så må eg innrømme at begeistringa for konsertopplevinga nærmast er fråverande. Eg trur rett og slett at det framleis er alt for tidleg å kome tilbake til strøymekonsertar utan å bli retraumatiserte av nedstenging og pandemimøkk. Konserten frå låven er for så vidt godt filma, og som videodokumentasjon er det sterkt. Men det blir aldri noko meir originalt enn ein fin youtube-video frå ein studiosession. Og for all del – det er fin promo, det.

Nei, la meg heller behandle dette som ei god lytteøkt, og fokusere på plata Inner Space Music. For den er verd merksemda di. Så kan du heller få med deg Rural Tapes live, på ekte, ein gong.

Dei hadde nokre annonserte livekvelder før digitalsendinga også – men kan hende er det rett å også nå det internasjonale publikumet på internett? Ei rekke internasjonale medier har omtalt soloprosjektet Rural Tapes. Her er Arne Kjelsrud Mathisen alt anna enn aleine. Han har denne gongen invitert med seg namn som Steve Wynn frå The Dream Syndicate, Peter Buck og Scott McCaughey frå REM, i tillegg til ein av landets mest interessante komponistar, Kristine Tjøgersen.

Arne Kjelsrud Mathisen bak kunstverket av eit Slingerland-trommesett (Foto: Skjermdump frå vierlive.no)

Rural Tapes lét som eit orkester, og det er mykje iøyrefallande lydar frå første stund. I opninga «Inner Space» høyrer vi ein deilig skeiv lyd, av det eg trur må vere det tradisjonelle indiske blåseinstrumentet pungi. På finurleg vis blir dette para med det klangslektskap frå synthar, og under veks det organisk fram rytmer på melodisk perkusjon. Ikkje ulikt balinesisk gamelanmusikk. Det er altså eit ope musikalsk sinn vi har med å gjere – eit rikt indre rom.

Her er samtlege musikarar finsnekkarar som filer og pussar til dei har den perfekte lyden, klangen og tonen, og produktet har blitt vidare foredla gjennom smakfull miksing. Kjelsrud Mathisens Slingerland-trommesett lét like sølvglitrande som det ser ut, og med augene lukka så våknar mitt indre rom til live med fargar og assosiasjonar. Vi høyrer trommemaskiner frå gamle husorgel, strykeorkester. Vi går frå dub og reggae til agentjazz og eit destillat av dei deiligaste progrockriff.

Rural Tapes er ikkje aleine i denne sjangergryta, og det skal mykje til for å skilje seg ut. Vi høyrer trioen Orions Belte, Khruangbain og for så vidt ikkje ulikt Geir Sundstøl si siste plate. Men Rural Tapes er meir rocka enn desse, dei har energien frå 80-talslegender. På singelen «Bossa nova for the contrails of my tears» har Kjelsrud Mathiesen nemleg fått med seg sjølvaste Steve Wynn herleg fabulerande i si varme røyst. Dette drøymande sporet er eit høgdepunkt.

Rural Tapes er perfekt musikk til å sette på i bakgrunnen og sone heilt ut. Det er berusande musikk, absolutt. Men det er først når du går aktivt lyttande til verks, at det rike indre rommet opnar seg. Både gjennom konserten og plata er det eit stort dynamisk spenn og kreativt variert uttrykk at vi kan oppdage nye ting for kvar gjennomlytting.

 

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.