Av Ida Habbestad
Duo Oktava inviterer med si første plate til ei vandring gjennom tid og stad. På heimesida deira formidlar dei korleis ein er på søken; ”etter det innerste i mennesket som har eksistert uforandret i alle kulturer gjennom alle tider”.
Med det er ramma lagt, for ei stillfarande, kontemplativ innspeling, der Povilas og Toril Syrrist-Gelota presenterer ei rekkje ulike komponistar, alle frå det 20. århundret. Dei seks opphavsmennene er av ulik nasjonalitet, og folkemusikk frå deira respektive tradisjonar er utgangspunkt for dei presenterte verka.
Rått og polert
Slik vert felles tematikk belyst frå mange sider, med spaninga mellom folkekultur og kunst, rått og polert som det gjennomgåande. Innleiingsvis i norske Kjell Mørk Karlsen sitt ”Partita Brevis”. Den byrjar med ein lang kvintbordun som sender tanken til middelalder og religiøs mystikk, til klostergangar og heilage rom der ein får bli gjennom store delar av stykket.
Sidan varierast stemninga. Heile tida med det meditative til grunn, men med meir eller mindre utettervende innslag. Dømevis er det tidlege Lutoslawski-verket, ”Bucolics”, eitt av dei meir leikne på plata. Verket frå 1952 er dessutan ein interessant studie av folketonehandsaming i Bartok-ånd, i eit tonespråk han sidan skulle ta meir avstand frå.
Hjå israelske Noam Sheriff finst andre spaningstilhøve. Her er dialogen mellom jødisk folkekultur og vestleg kunstmusikk, men òg eit spel mellom gamalt og nytt i kunstmusikken – gjennom konkrete referansar til Bach og barokke vendingar, iblanda Sheriff sitt eige tonespråk.
Rasa Bartkeviciute sitt stillfarande ”In Memoriam” byd så på meir langsame progresjonar, der dei mørke klangfargane i instrumenta kjem særleg til rett. Tyrkiske Mert Karabey sin suite har større ekspressivitet, dissonansar og ujamn rytmikk, før amerikanaren Walter Piston får avslutta reisa, med sin nokså lystige ”Duo”.
Mellom konsonans og dissonans
Det fascinerande er at mykje kling likt, om musikken enn er norsk, polsk, jødisk, litauisk, tyrkisk eller amerikansk. Typisk for fleire av verka er at dei er bygde etter klassiske formar; og slik er det tradisjonsbevarande sentralt både kva gjeld folkelege og kunstmusikalske aspekt. Det gjer at musikken ofte opplevest som noko ein har høyrt før, og somme gonger er dét mindre interessant. Til dømes i Sheriff sitt verk, som etter mi meining verkar meir oppteke av å samanstilla uttrykka enn å søkja ny meining i dei.
Men jamnt over trivst ein i dette spaningsfeltet mellom konsonans og dissonans, mellom nytt og gamalt. Den alt for lite kjende Duo Oktava spelar både vakkert og rått, og har med denne samansetjinga av verk lukkast fylla det som kunne vore ei høgtsvevande og innhaldslaus erklæring med eit rom av ettertanke – utan svar.
Duo Oktava – Pilgrimage (Platearbeiderne)
Medverkande:
Povilas Syrrist-Gelota (bratsj), Toril Syrrist-Gelota (cello)
Komposisjonar av
Kjell Mørk Karlsen
Witold Lutoslawski
Noam Sheriff
Rasa Bartkeviciute
Mert Karabey
Walter Piston

Ballade video: Fristeder og intergalaktisk dans
Vi deler et romskip med Vegar Vårdal, Rebekka Karijord, Ora The Molecule, Don Juan Dracula, Gunerius & Verdensveven, Rimmslimm, Simon Moholt, Chris Eriksen, De Press og Statsmenn.

Hvor brenner det? Stemmer i musikkbransjen svarer
KI-innblanding i musikkproduksjon? Spotifys fordelingsmodell? Spellemannprisen? Her er spalten for deg som vil høre mer om de store spørsmålene i musikkbransjen.

– For meg er det sikreste tegnet på at jeg har mestret låta, at jeg klarer å skru av hjernen
Brede Sørum anses for å være en av de virkelig store favorittene i det norske jazzmiljøet. Men musikken han formidler er alt annet enn den 'den nordiske jazzen'.

Elna skal jobbe for likestilling i nordisk kunstmusikk
Databasen ELNA – Equality Library for Nordic Art Music skal bidra til likestilling i kunstmusikken i Norden.

– Det er ikke algoritmene, men håndverket som til syvende og sist gir resultater
Gitarist Magnus Berg gav nylig ut albumet «Electric Sugar» til strålende kritikker. Ballade har fått innblikk i prosessen bak verket.

Bylarm lanserer «Bransjeprisen»
Musikk-Norges største bransjekonferanse og -festival presenterer Bransjeprisen: Til menneskene som sjelden får applausen, men som alltid fortjener litt mer av den.