Under fleire av konsertane på Hemsingfestivalen skal Arve Tellefsen endeleg stå på scena, skriv Hemsingfestivalen i ei pressemelding. Ragnhild og Eldbjørg Hemsing har spelt fleire gonger med Tellefsen, men det er første gongen dei har fått musikaren med på festivalprogrammet sitt. Hemsingfestivalen skjer i Aurdal frå 19. til 23. februar.
– Arve Tellefsen er ein fantastisk formidlar og ein fiolinist som har vore eit stort førebilete for oss sidan vi starta. Han er vår tids Ole Bull, og det betyr mykje for oss at han har lyst til å kome hit, seier festivalsjef Ragnhild Hemsing.
Under Hemsingfestivalen får ein høyre Tellefsen mellom anna under musikalsk lunsj på Nythun, der han også er programleiar. Han bidreg under familiekonserten «Eventyret om Beethoven» saman med Valdresstrykarane og andre, medan Liv Bernhoft Osa fortel om Beethoven. Tellefsen held også intimkonsert laurdagskvelden i Frikarsmia. Han skal spele verk av blant anna Beethoven, Grieg og Ole Bull.
Hemsing-søstrene gler seg stort til å sjå førebiletet på fleire av arrangementa:
– Det blir ei god blanding av skjemt og alvor, og det er alltid flotte opplevingar å sjå han på scena. Han formidlar alltid ei stor entusiasme og glede, og er verkeleg ein spelemann av rang, seier Ragnhild Hemsing i meldinga.

Hemsingsøstrene (Foto: Cathrine Dokken)
Temaet for festivalen i år er fridom og forvandling, og ei feiring av ein av musikkens største fridomskjemparar – Ludwig van Beethoven, skriv festivalen på heimesidene sine, der dei også skriv at Hemsingfestivalen er «eit unikt høve til å få oppleve klassisk musikk kombinert med friluftsliv i vakre omgivnader og med utsikt til snøkledde valdresfjell».
Sjå her for meir info og fullt festivalprogram.

Tekstforfatterpris til Ane Brun
– Hun skriver personlig og eksistensielt, men samtidig universelt.

Ballade video: Søvnløse netter
Med Synne Sanden, Døssi, Bjørn Berge, Jonas Lovv, Joakim Kleven, Leander, Twin Serpent, Nullskattesnylterne & Teater nonSTOP, Halycon Days og Nicolas Leirtrø’s Action Now!

Sarah Winona Sortland er ny daglig leder i Musikkforleggerne
Går fra kommunikasjonsstilling til toppjobben.

Musikk på litteraturfestival: Fortelling, poesi – og nødvendig friksjon
Hvilken rolle kan musikk ha i en litteraturfestival? Blir vi klokere på musikkens og ordenes roller i språkmodellenes tid? Kan konserter vise veien til leselyst?

– Hva skjedde med rehabilitering ...
Ting man tenker på er som regel lett å få ut, bare man får det til å rime. Slik ser en innsatt på Ullersmo på rap.

Et rom for alt – unntatt musikk
INNLEGG: – Det er rart hvordan musikkens kraft alltid hylles i festtaler, men aldri i romfordelingen. Musikkfaget er viktig – så lenge det ikke tar plass, skriver Bodil Gullseth, musikklærer og 2. nestleder i Skolenes landsforbund.



















































