Martin Horntveths fargerike fugl er klekka
Martin Horntveth tek oss med på ei leiken reise på sitt soloalbum. Frå solid pophandverk til det farleg eklektiske, utfaldar plata seg som ein livleg eksplosjon av kreativitet.
Eg hugsar fuglen dukka opp i eit blaff på sosiale medier for lenge sidan. «Gouldian Finch» – kva er det for noko? Ein blir nysgjerrig når Martin Horntveth har noko på gang.
Anmeldt: Gouldian Finch – Hatch (LP, All Ape)
Frå Jaga Jazzist, til prosjekt som The National Bank, som produsent og ikkje minst som ein av dei mest kritikarroste filmkomponistane dei siste åra har guru Martin Horntveth her sluppe fri all kreativitet gjennom prosjektet Gouldian Finch.
Plata Hatch starta som Superego, eit tingingsverk til Punktfestivalen 2022. Han tok med seg nokre enormt spennande musikarar på scenen i Ståle Storløkken, Håkon Aase og Petter Eldh, i tillegg til rapparen Vuyo. På Hatch har han utvida både med Ivan Blomqvist på keys i tillegg til gjestevokalistar.
Opningslåta «Just Like a Magnet» med Team Me, vokalist Marius Drogsås Hagen, har eit tilgjengelig lydbilete, enkel harmonikk og rytmikk. Men det er eit gjennomført pophandverk. Ein forsiktig start – iallfall i forhold til det som skal kome.
For så tek fuglen ei anna og skumlare retning med rapparen Vuyo sin entré i låta «This Year». Lydbiletet er skitna til, med deilig «sprengt» tromme og vokal-lyd og ein punchy Vuyo. No våknar vi
Det er nemleg desse drøyaste spora som tenner meg mest på Hatch. Særleg dei spora rapparane er med på. Stella Mwangi er enorm på «Stuck in the Matrix»! Her høyrer vi forøvrig deilig Thundercatsk bass-spel frå Eldh. Eldh er forøvrig ein særleg god match med Horntveth – sjekk for guds skuld ut hans Koma Saxo om du ikkje har gjort det før!
Horntveth har opna opp for heile sin allsidige bakgrunn og interesse her – det er eit herleg eklektisk prosjekt. Det er modig ope, og fleire gongar i løpet av lyttinga, løftar eg augebryna – «verkeleg?». Men Horntveth er ein perfeksjonist. Så om han får ein idé, så skrur han den til slik at kva som helst kan funke.
Bruken av fela på «Breathe» er for eksempel genial. Det aller råaste er når den umerkeleg glir saman med synthen. Og fela, så fett det er når vi på siste låt, «Gouldamadin», får Håkon Aase som spelar folkemusikkish barokk over eit enormt house-orkester.
Og sjølvsagt – det perkussive driv det gjennom heile plata, spekka med små, finurlege rytmiske element. Det er ikkje ofte du kan få kick av triangel, liksom!
Eg får litt nostalgiske jaga-vibbar også, for eksempel på «Algorithm». Lyden av forvrengt stemme over mjuke, tette rhodes-akkordar og «schizofren» elektronisk perkusjon – det blir ikkje meir nujazz rundt 2000 enn det? På same låt kjem det forøvrig ein enormt deilig pianosolo frå Ivan Blomqvist som løftar oss opp i svevet. Deilig.
Eg skal innrømme at eg ikkje var så begeistra over «The Flamingo» då singelen med Emilie Nicholas vart sluppe for nokre månader tilbake. Men i konteksten den kjem på plata, så lét det nærmast som ei heilt anna låt. Den kjem som låt nummer sju, etter ein episk vakker stryke-outro i «Natas Kaupas».
Og det er sentralt å seie – Hatch har ei perfekt utvikling som album frå start til slutt. Det er først ved totalopplevinga av plata at vi er heilt inne i kva Gouldian Finch er. For kvar gjennomlytting, ser vi nye fargar.
Mest av alt er den fargerike fuglen Gouldian Finch leiken. Det er Nintendo 64.
Og om du nokon gong har vore på konsert der Horntveth har vore involvert, så veit du at dette blir ein eksplosjon live.
Dette er kanskje Ola Kvernbergs Steamdome sin rampete veslebror. Eller – om Kvernberg spelar eit episk eventyrspel, så spelar Horntveths Gouldian Finch Mariokart.
Gouldian Finch: Hatch
(All Ape 2023)
Håkon Aase: Violin / Ståle Storløkken: Keyboards / Ivan Blomqvist: Piano / Petter Eldh: Bass
Martin Horntveth – trommer, komposisjon, produksjon og alt slags
Miks av Bjarne Stensli / Master av George Tanderø
Ledige stillinger
Prosjektansvarlig
MusikkforleggerneSøknadsfrist:27/01/2025
Ultima søker kreativ markedsfører og digital innholdsprodusent
Ultima Oslo Contemporary Music FestivalSøknadsfrist:25/01/2025
Professor/ førsteamanuensis i musikkterapi
Norges musikkhøgskole (NMH)Søknadsfrist:09/02/2025
Prosjektleder musikk og arbeidsliv
Institutt for musikkvitenskap - UiOSøknadsfrist:22/01/2025