Hopp til innhald
Dvergmål,

Folkemusikkgruppa Dvergmål på turné for Rikskonsertene

Rikskonsertane samarbeider denne våren med folkemusikkgruppa Dvergmål om ein konsertturné med helgasongar av Elias Blix. Den norske kyrkja har nyleg fått si eiga kulturmelding, og i fylgje denne bør kyrkja etablere eit eige kunstsenter for å styrkje kulturengasjementet. Rikskonsertane ynskjer å vere ein aktiv medspelar i arbeidet med å bruke kyrkjerommet til kulturføremål, og samarbeider blant andre med kyrkjer i Nordland med denne konsertturneen.

Konserten med Dvergmål inneheld eit utval helgasongar av Elias Blix (1836-1902) og fleire av songane priser våren og lyset. Dvergmål byrja alt i 1997 å sysla med tekster av Blix i folketonedrakt. Blix-konserten blei laga til 100-årsmarkeringa for at Blix døydde i 2002 og vart til CDen «Song i himmelsalar» i 2004 utgjeve på Grappa Musikkforlag as.

Dvergmål (eit gamalt ord for ekko) er ei ung folkemusikkgruppe som i 1996 med brask og bram gjekk i studio og spelte inn «Visor og kvæde frå Blåberglandet», og endte med å bli Spelemannpris-nominert. Medlemmene i Dvergmål er: Jon Anders Halvorsen (song, harmonium, frå Lunde i Telemark busett i Oslo), Marit Mattisgard (song, langeleik, frå Valdres), Øyonn Groven Myhren (song, lyre, seljefløyte, frå Oslo), Turid Spildo (song, hardingfele, frå Granvin i Hardanger, busett i Reykjavik).

Elias Blix, fiskarsonen frå Gildeskål i Nordland blei Noregs fyrste store nynorske salmeskald, i tillegg til å vera professor i hebraisk ved Universitetet i Oslo og kyrkjestatsråd ein periode. Songane og salmene til Blix blei fyrst møtt med spott og hån, fordi mange syntes at skaparverket ikkje kunne lovprisast på slikt eit språk. Fyrste gongen ei Blix-salme blei bruka i den norske kyrkja var under joledagsmessa i Lårdal i 1884, og det var eit lovbrot. Men etterkvart blei salmane godkjende til kyrkjebruk, og endå viktigare: særs omtykte blant lek og lærd. Snart slo salmar som «No livnar det i lundar», «Barndomsminne frå Nordland» og «No koma Guds englar» seg fast i songminnet til mang ein nordmann.

Tre av medlemmene i Dvergmål skal også vitja Nordland hausten 2005 i samband med ei folkemusikkoppsetjing av Tryllefløyta. Jon Anders Halvorsen har rolla som Prins Sveinung (Pamino), Øyonn Groven Myhren har rolla som Ung Silja (Tamina) og Marit Mattisgard er terne.

Rikskonsert-turné 2005:

27. april: Alstahaug kirke, Sandnessjøen
28. april: Ytteren kirke, Mo i Rana
29. april: Gildeskål kirke, Inndyr
30. april: Kjerringøy kirke, Kjerringøy
1.mai: Bodø Domkirke
3.mai: Laget Idrettshus, Risør
4.mai: Lyngdal kulturhus, Lyngdal

Turneen er støtta av Fondet for utøvande kunstnarar og Rådet for folkemusikk og folkedans. Interesserte kan lese mer på www.kveding.net, og på www.grappa.no.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Tore Bruvoll, Jon Anders Halvorsen

God europeisk mottagelse for norske nattsanger

Folkemusikk-duoen Jon Anders Halvorsen og Tore Bruvoll er nettopp ferdig med turné i Tyskland og Nederland, hvor byer som Nurnberg,...

Majorstuen Spelemannslag (Anne Lise Flavik / Fotofabriken).

Kalottspel i Målselv satser friskt

Kalottspel går av stabelen denne uka, med folkemusikkurs for unger, ungdomssatsing med deltakere fra hele Barentsregionen, og dobbelt så mange...

Bruvoll/Halvorsen,

Melankolsk folkemusikkduo på Fabrikken

Førstkommende onsdag presenterer folkemusikkserien OsloFOLK duoen Bruvoll/Halvorsen på Fabrikken. Tore Bruvoll og Jon Anders Halvorsen møttes på Vinterkappleik i Rauland...

Tindra

INTRO-folk: Åtte folkemusikk-formidlere i kappestrid

For ferske musikere kan en liten håndsrekning være alt som trengs for å komme ut av startgropa. Rikskonsertene har hatt...

Fra «Skal – skal ikkje»

Folkemusikk og drama med Kvarts

Forestillinga «Skal – skal ikkje» hadde urpremière under folkemusikkfestivalen i Førde i år, og gjorde stor suksess. No skal «Skal...

Øyonn Groven Myhren

Folkemusikk på Grønland

Folkemusikkscena – Oslo innvier i kveld, 23. august, høstens FolkemusikkPØBB-sesong der Asylet på Grønland blir ny arena. Øyonn Groven Myhren...

Flere saker

Blank Out av Michel van der Aa Foto: Marco Borggreve

Skandinavisk premiere for 3D-opera under Trondheim kammermusikkfestival

Blank Out er skrevet av festivalkomponist Michel van der Aa.

Thorbjørn Tønder Hansen

Thorbjørn Tønder Hansen ny direktør og kunstnerisk leder for Ultima

Hansen, som tiltrer 1. oktober, kommer fra stillingen som leder av SNYK i Danmark.

Lansering av Klassisk tirsdag Foto: Det Norske Kammerorkester

Vil gjøre tirsdag til kammermusikkens dag

Konsertserien Klassisk tirsdag får større musikalsk bredde, og satser ukentlig.