Hopp til innhald
Som lilja rein/ Foto: www.hilme.no

Jørn Hilme-stemnet opnar 22. juli

Landets største festival for norsk folkemusikk startar på Fagernes i Valdres 22. juli og held på fram til 29. juli. Her kan du lese meir om programmet.

Den tradisjonelle kappleiken har blitt ein festival som greier det folkemusikken ofte blir skulda for ikkje å prøve; å nå ut til eit breitt publikum, formidlast det frå festivalen.

Mellom høgdepunkta 22.-29. juli er danseframsyninga «BASTARD», eit tingingsverk av hallingdansar Hallgrim Hansegård, samtidsdansarane Ingeleiv Berstad og Bruno Caverna og musikarar/komponistar Rolf-Erik Nystrøm, Terje Isungset og Frode Haltli.

I kyrkjekonserten «Som lilja rein» møter publikum Marit Mattisgard, Berit Opheim, Håkon Asheim og Aage Kvalbein. Ein del av konserten er eit tingingsverk av Nils Henrik Asheim. Konserten tek utgangspunkt i tonar og tekster tileigna jomfru Maria, og har premiere i Hedalen stavkyrkje.

Berit Opheim, Karl Seglem, Marit Mattisgard, Andreas Ljones og Rune Tylden er musikarane i fjellkonserten på stølen Jaslangen i Vestre Slidre, nær 100 meter over havet.

Og på Valdres Folkemuseum møtest folk i alle aldrar og med ulike musikkpreferansar til intimkonsertar, bygdedans og gamaldans med dei for kjennarar kjende gruppene Jutullaget og Aage Sogns orkester.

På programmet står m.a. òg Lillebjørn Nilsen og Valkyrien Allstars, Geitungen, Herr Ole, Camilla Granlien, Gunnlaug Lien Myhr, Åse Teigland, Synnøve Bjørset (Majorstuen) og Anne Hytta, kappleik, barneframsyningar og utstilling med festivalkunstnar Eva Laila Hilsen.

7500 menneske besøkte i fjor arrangementa under Jørn Hilme-stemnet. Festivalen mottek i 2007 400 000 kroner i festivalstøtte frå Norsk kulturråd. For fullstendig program, sjå festivalen sine heimesider.

Dette i følgje ei pressemelding.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Hardingfele stående

LFS: – Viktig auke til folkemusikkfestivalane

Landslaget for Spelemenn er svært fornøyde med at også folkemusikken får økt støtten fra kulturrådets festivalstøtteordning. – Vi merker oss...

Synnøve S. Bjørset

Ny publikumsrekord på Jørn Hilme-stemnet

Jørn Hilme-stemnet på Fagernes, som vart arrangert frå 19. til 25. juli, opplevde i år ny publikumsrekord. Om lag 6400...

Agnes Buen Garnås (Foto: Anders Bruen)

Nivelkinn, Landstad og bryllupsdrama på Jørn Hilme-stevnet

Det 43. Jørn Hilme-stevnet som åpnet idag kan friste med 18 konserter, to cd-slepp, Sven Nyhus’ kvartett, kurs og kappleik....

Vårdal, Vindal, Andersen (Jørn Hilme stemnet 2002)

Jørn Hilme-stemnet

Jørn Hilme-stemnet på Fagernes i juli er ein av landets største folkemusikkfestivalar, med nær 6000 besøkande i 2001. Festivalen inneheld...

Jørn Hilmestemnet 07/Foto: www.hilme.no

Publikomsrekord på Jørn Hilme-stemnet

Frå Valdres meldest det om stor oppfølgjing av årets stemne. Med 9000 publikummarar er ny rekord satt.

Flere saker

Saft på Ragnarock festivalen

I nynorskens skog: Slagersong og svartmetall  

Praktverk om den nynorske populærmusikken.

Stilbilde fra Anorakks «Adrenaline»

Ballade video XXIV: – Dette er vi gode på

Adrenalin-kick, plast i havet og seks andre musikalske kortfilmer.

Stein Erik Olsen og Egil Haugland

Slurvete gitarspill og presentasjon

Gitarduoen Olsen/Haugland trekker fram musikk fra 1950-tallets Paris. Anmelderen syns imidlertid at både presentasjonen av platen og tolkningen er ullen.