Frå «I resign» til «Music for people in trouble»: Tekstane til Susanne Sundfør er lidenskaplege oppgjer med Gud, verda og kjærleiken.

Susanne Sundfør. Stillbilde fra videoen «Accelerate» av Stian Andersen

Eg såg og høyrde Susanne Sundfør for første gong då ho framførte «I resign» på TV i 2007. Det første som gjorde inntrykk var sjølvsagt den vidunderlege kanten ho har i stemma, den som straks fangar merksemda og får det til å risle elektrisk frå nakken og nedover når ho går opp i høgda med full kraft. Men det andre eg merka meg, var at ho faktisk sat der ved pianoet og song ein lovsong i beste sendetid!

Eg veit kva eg snakkar om, for eg var medlem av ei karismatisk frikyrkje størstedelen av tjueåra. Og «I resign», altså tittellåta på Sundfør si første plate, kunne like gjerne ha blitt framført i hovudteltet på eit kristen-karismatisk sommarstemne. Seinare har eg sjølv rørt meg langt vekk frå det livssynet, og skal ein døme etter tekstane, var også Sundfør berre ein liten snartur innom dei lukkeleg frelste. Men at karrieren starta akkurat der, gjorde meg nysgjerrig på henne som artist. Det seier nemleg noko om eit temperament med vilje til å oppsøke randsonene i leitinga etter meining.

Frelst frå verda
Opningslinja i «I resign» er uvanleg harmonisk til ein pop-låt å vere, og skiljer seg sterkt frå det som skal kome seinare i artistkarrieren til Sundfør: «I have found peace / where it’s impossible to rest». Alt der begynner ein som har dei kristne talemåtane inne få visse assosiasjonar. Når så andre strofe startar med «I’ve found what I’ve been looking for / and I wanted more and more», spissar eks-karismatikaren øyrene endå meir. Og skulle det framleis vere tvil om at det er himmelsk nåde songaren har gitt seg over til («I resign»), forsvinn den når refrenget kjem:

Hallelujah
Show me all the glory
Celebrate our freedom from poverty and hell
And you sing hallelujah
And you show me all the glory
You embrace our eternity
And you tell me that I’m not a sinner

Ah ah ah ah
Oh I know
I am not a sinner

Sidan eg ikkje veit kor mykje (eller lite) folk utan kristen bakgrunn kjenner igjen av kristen sjargong, veit eg ikkje korleis dei tolkar språkbruk som dette. Men har ein lese Høgsongen eller veit korleis lovsong vanlegvis høyrest ut i frikyrkjelege samanhengar, er også ei seinare linje som «I will follow you, I will turn to you / You are the one I adore» utvitydig; denne songaren har funne Jesus!

Sett i lys av tekstane på seinare plater, er det spesielt interessant å sjå nærmare på siste vers:

Everything is worthless
Just believe and that is all it takes
And baby, you know you should
Prayer is a language we never understood

Susanne Sundfør

Rett nok er artisten her lett forkynnande («you know you should»), men det mest påfallande er det fatalistisk-depressive «Everything is worthless». Det er nærliggjande å sjå ei slik formulering i samanheng med Paulus sin verdsfråvende idealisme i Det nye testamentet, som gav opphav til det sentrale «nåden aleine»-dogmet i protestantisk pietisme: Ingen kan frelse seg sjølv gjennom gode gjerningar, det er berre trua på Jesus som frelser. Slik høyres det ut hos Paulus i Brevet til Filipparane 3,8-9:

Ja, eg reknar alt som tap mot det som er så mykje meir verdt: å kjenna Kristus Jesus, min Herre. For hans skuld har eg tapt alt, og eg reknar det som skrap så eg kan vinna Kristus og bli funnen i han, ikkje med mi eiga rettferd, den som lova gjev, men med den rettferda vi får ved trua på Kristus, rettferda frå Gud, bygd på trua.

Denne typen åndelegheit, som er så brennande at ingenting anna betyr noko, og som i seinare Sundfør-låtar viser seg som ei dramatisk og desillusjonert livskjensle, er for meg det mest karakteristiske trekket ved både tekstane og komposisjonane hennar.

Denne typen åndelegheit, som er så brennande at ingenting anna betyr noko, og som i seinare Sundfør-låtar viser seg som ei dramatisk og desillusjonert livskjensle, er for meg det mest karakteristiske trekket ved både tekstane og komposisjonane hennar. Og det gir fullstendig meining om ho starta i eit kristen tankeunivers der hovudpersonen, Jesus, knyter frelse til forsaking av den fysiske og sosiale verda: «Den som elskar livet sitt, mistar det. Men den som hatar livet sitt i denne verda, skal berga det og få evig liv.» (Johannes 12, 25).

Resten av tekstane på debutplata er korte og handlar mykje om kjærleik. Sjølv om dei vel er på høgde med og innimellom betre enn poptekstar flest, var det først med «The Brothel» (2010) at tekstforfattaren Sundfør verkeleg falda seg ut. Og då var det brått slutt på trua og håpet – men ikkje på kjærleiken.

Frå kyrja til horehuset
Kontrasten mellom debuten og neste plate kunne knapt vore større, det er som om artisten i løpet av berre tre år har gått frå blåøygd konfirmant til desillusjonert litteraturstudent som har forlese seg på dekadanse og dekonstruksjon. Og det var vel omtrent då dei fleste av oss tok til å skjøne at Sundfør var noko heilt for seg sjølv både som komponist og låtskrivar.

Grunnstemninga på The Brothel er prega av at trua og tryggleiken er tapt. I tittellåta er heile verda eit valdeleg bordell; det heng lik frå tak og stolpar, og det talande eg’et i teksten er, eller kjenner seg som, ein prostituert. Ho har resignert i ei heilt anna tyding enn på debuten: «I’ll do it all, I’ll do whatever you say / God has left me anyway».

Tekstane til Sundfør er uløyseleg knytte til den ferdige komposisjonen, kor melodien, stemma og – ikkje minst – instrumenteringa og produksjonen utgjer heilskapar som kan veksle så brått mellom det sakrale, beintøffe og vare at ein blir rykt rett ut i vektlaus tilstand

Tekstane til Sundfør er uløyseleg knytte til den ferdige komposisjonen, kor melodien, stemma og – ikkje minst – instrumenteringa og produksjonen utgjer heilskapar som kan veksle så brått mellom det sakrale, beintøffe og vare at ein blir rykt rett ut i vektlaus tilstand. Men teksten til «The Brothel» er også isolert sett ein sterk tekst. Sundfør er nok inspirert av den store modernistiske poeten T.S. Eliot (1888–1965), sidan linja «Restless nights and one night cheap hotels» er henta direkte frå diktet «The Love Song of J. Alfred Prufrock» (1915). Forfattarskapen til Eliot starta i ei modernistisk form tilpassa eit lett nevrotisk, desillusjonert og ironisk blikk på samtida, men seinare rørte han seg mot ein kristen mystikk. Prufrock-diktet høyrer til den første fasen. Teksten i «The Brothel» er faktisk meir dramatisk i tonen enn Eliot, kjensla av å leve i eit univers utan empati og håpløysa ligg mykje tyngre over teksten.

Tekstlinjene «You cover your eyes / You cover your mouth / You cover your ears» refererer til den kjende, austlege figuren «Three wise monkeys», vanlegvis referert til gjennom seiemåten «See no evil, hear no evil, speak no evil». I Sundførs tekst er det nærliggjande å knyte det til å ikkje ville sjå og ta inn over seg andres smerte. Det kan gjelde halliken, men like gjerne alle oss som lever trygge liv i ei verd kor mange – vel; ikkje gjer det.

Noko av det som gjer denne tittellåta så spesiell, er at det mot slutten kjem ein heilt uventa overgang til ein ny, lett og harmonisk melodi. Ser ein berre på teksten, er det likevel framleis det gudlause universet vi er i, men no sett frå den tomme hagen vi la bak oss då vi vart drivne ut av paradis – og vart levande på den måten at vi også vart døydelege:

There are echoes in the garden is anybody listening
There are echoes lost in the garden is anybody listening
They whisper:
The ones who are only living are the ones who are only dying

Det er den mørke verda etter syndefallet vi møter på dette albumet, og for meg uttrykkjer både musikken og tekstane mange av kjenslene knytt til å gå frå eit gudssentrert til eit gudlaust univers.

Det er den mørke verda etter syndefallet vi møter på dette albumet, og for meg uttrykkjer både musikken og tekstane mange av kjenslene knytt til å gå frå eit gudssentrert til eit gudlaust univers. Til og med nostalgien og saknet finst: Songen «Father, father» er så vakker og sakral i uttrykket at eg har brukt å spele han i jula; ein salme til den Guden eg ikkje lenger trur på, men som eg likevel kjenner at eg må vende meg til av og til. Der «I resign» handlar om gleda i å ha fått tilgjeving og ha blitt syndfri, finn vi her behovet for tilgjeving, kanskje også kopla til ein viss dødslengt:

Father Father
Will you forget me
When I’ve crossed the seventh sea?
I will sink this boat, this canopic jar
To feel again the beating of your royal heart

(«Canoptic jar» er ei krukke som innvollane til egyptiske kongelege vart lagd i når kroppen blei balsamert.) Melankolien er altså sterkt til stades i tekstane til Sundfør, men vegen er kort til opprør og valdsfascinasjon.

Ein rykande revolver
Den som tenkjer på Jesus som ein langhåra mann med kjortel, sandalar og snille auge, vil kanskje tenkje at eplet har trilla veldig langt vekk frå epletreet i paradis når Sundfør i opninga av «It’s all gone tomorrow» omtalar kristendommen slik:

I pull the trigger at your command
You put the last host of Christendom in my hand
Well it was all a lie
It was all a motion picture crime

Første og andre linje kan lesast som ein påstand om at kristendommen er spreidd med hjelp av vald, og dermed eit brotsverk mot verda. Men som eg var inne på i omtalen av «I resign», er det også kimar til opprør i den radikale trua. Slik formulerer frelsaren sjølv seg i Evangeliet etter Lukas:

Eg er komen for å kasta eld på jorda. Kor gjerne eg ville at brannen alt var tend! Ein dåp må eg døypast med. Kor det tyngjer meg til han er fullført! Trur de eg er komen for å skapa fred på jorda? Nei, seier eg, ikkje fred, men strid. (Lukas 12,49-51)

Dermed kan ein sjå ikkje berre påverknad, men også noko av den same lidenskapen i opprøret mot trua som i trua. Sams er sansen for det dramatiske, og når ein først tar til å legge merke til det, er det ein god del referansar til vald og skytevåpen i tekstane til Sundfør. Det gjeld «White foxes», første singel frå The Silicon Veil (2012):

You gave me my very first gun
I’ll go out and hunt the hidden dome
With white foxes, with white foxes

Og på neste plate, «Ten love songs» (2015) finn vi for det første igjen samankoplinga av religion og vald knytt til ei kjensle av endetid:

Bear the cross, die for love
Crucify them, kill for love
Pray the gods will turn the time if you can
To death

(frå «Accelerate»)

For det andre dukkar det opp skytevåpen som ein både kan kople til destruktiv, eventuelt sadomasochistisk, kjærleik …:

I love the pain, I love the game
Come into my arms, come into my arms
You say that I’m delirious
But I’m not the one holding the gun

(frå «Delirious»)

… og til sjaulusidrap:

Here I stand with the gun in my hand
Waiting for the water to calm

(frå «Silencer»)

At Susanne Sundfør har sansen for dramatiske historier er det liten tvil om, det ber då også alt frå komposisjonane til stemmebruk og orkestrering preg av. Men det er også ei fortviling over verda i dramaturgien, melankolien og valdsestetikken. Olaf Haagensen, kritikar og journalist i Morgenbladet, har knytt låta «Accelerate» til idéretninga akselerasjonismen, som hevdar at miljøøydeleggingane og konfliktane i verda har gått så langt at det er for seint å stoppe katastrofen. I staden er det like godt å akselerere utviklinga og få det overstått («Med ondt skal ondt fordrives», Morgenbladet 6. oktober 2017). Det gir god meining når ein mot slutten av den djupt dystopiske teksten, som set saman fraser som «Blood streaming down the walls» med «I am numb / Let’s have fun», kjem til siste vers:

Start the car, don’t look back, accelerate
This must be paradise, ’cause we can fake
It’s too late, it’s too strong
It’s only blood, it’s the siren song

Mot denne bakgrunnen er på eit vis overraskande, men samtidig på eit vis logisk, at Sundførs så langt siste plate har vendt attende til eit meir strippa uttrykk, som liknar det ho også debuterte med.

Forsonleg mystikk
Førsteinntrykket av Music for people in trouble (2017) er at tonen er merkeleg tam og forsonleg. Men etter kvart kjem disharmoniane fram, og framleis er resignasjon og lidenskap tett samanvove. Her finn vi til dømes sterk desillusjon på vegne av kjærleiken, nydeleg og harmonisk framført i «Undercover»:

Don’t trust the ones who love you
‘Cause if you love them back
They’ll always disappoint you
It’s just a matter of fact

Likevel er dette, som tittelen tydar på, ei plate som siktar mot trøyst, noko vi kanskje finn meir av i melodiane og arrangementa enn i tekstane, men som også finst i eit lite innslag av ein ny type religiøsitet: austleg inspirert mystikk. Ein skal kanskje ikkje legge for mykje i at ein av låtane heiter «Reincarnation», men ein open religiøsitet ligg som ein grunntone også i teksten til «The Golden Age», som i starten gir assosiasjonar til eit buddhistisk tempel med linja «The fading temple bells calm the waves.» Høgdepunktet er likevel siste låt «Mountaineers», ein tittel som leier tankane til buddhistiske eller greskortodokse munkar i kloster langt oppe i fjella. Her teiknar Sundfør først opp eit dystopisk bilete av ei verd prega av styrtande fly, oljesøl og trafikkstøy:

Jumbo jets spiralling down like vultures of the stars
Soaring above barren lands of boiling tar
The liquid rainbow spills an ocean of scars
Among the buzzing of a million cars

Dette verset er sunge av John Grant på ein måte som også fører tankane mot monoton munkesang – men etter ein kort duett tar Sundfør sjølv gradvis over, og då snur også teksten til ei forsonleg lovprising av det vakre i livet og mennesket slik det er – trass alt. Og det er verkeleg rørande å både høyre og lese at Sundfør her igjen gir uttrykk for ein nesten trassig tillit som liknar den vi såg i «I resign», men denne gongen knytt til naturkrafta i mennesket sjølv, ikkje til ei himmelsk makt:

What it is, what it means
Now I know, we’ll never be what you need, no
What we are, what we want, it will never change
We won’t abide your laws anymore
What it is, what it means
Now I know, will never be what you need, no
What we are, what we want, it will never change
We will break through your walls, unstoppable
Wild wolves
Wild wolves
Wild wolves
Wild wolves

Eg bestemde meg tidleg for at denne artikkelen måtte ha tittelen «Himmelstormaren», for Sundfør har dette insisterande, grensesprengande i tekstar og musikk som gir gjenklang i både religiøse visjonar og i den modernistiske poesien si generelle stemning av «Anywhere out of this world» (etter det kjende diktet til Charles Baudelaire). Og det er nettopp det eg opplever at heilskapen av den musikalske poesien til Sundfør gjer; løftar meg opp og ut i noko heilt anna. I det ligg det også ei oppfordring, så eg avsluttar med å la den gå vidare, for noko skal ein då ha å drøyme om:

Climb the stars and
Make a journey
Some will lift you higher up
Some will burn up right before your eyes
Some will take you to another galaxy

(Frå «Lulleby», The Brothel)

Publisert:

Del: