Hopp til innhald

Håvard Skaadels artikkelserie under lupen

I forrige uke publiserte Ballade en artikkelserie basert på en større artikkel om de eldre almuevisers hamskifte i Norge. Forfatter var Håvard Skaadel, lektor ved Bodø videregående skole. I dette svaret kritiserer Velle Espeland, daglig leder i Norsk Visearkiv, Skaadels metodebruk, spesielt i behandlingen av visa om De tre grever, -Når ein gjev seg i kast med denne idretten og skal dra dei store linjene over tid og rom, er det viktig å halde tunga rett i munnen og ikkje trekke dei sparsame kildane lenger enn dei tåler, skriver Espeland.

Av Velle Espeland

Det er ingen enkel oppgåve Håvard Skaadel tek på seg når han vil rekkje opp kvar folkevisene våre kjem frå. Kjeldene er sparsame og visene skifter stadig form i den munnlege tradisjonen oftast utan at det vert dokumentert. Når vi kjem eit godt hundreår tilbake er også samanhengen mellom tekst og melodi plagsamt laus og det verkar nesten som om songarane bruker kjente melodiar på nye tekster utan vidare.

Situasjonen er likevel ikkje fullt så håplaus som den danske folkeviseforskaren Sofus Larsen uttrykte i 1902: At forfølge en saadan Vises Liv gennem Tiderne er naturligvis ligesaa umulig som at paavise, hvor Skibet engang drog sin Kølvandslinie gennem Bølgerne; … Men når ein gjev seg i kast med denne idretten og skal dra dei store linjene over tid og rom, er det viktig å halde tunga rett i munnen og ikkje trekke dei sparsame kjeldene lenger enn dei tåler. Propps metode vart utvikla for å avdekke grunnleggjande strukturar. Dersom ein bruker den for å identifisere ei visetype, vert det stor fare for at visetypen kan eksplodere og materialet vert grenselaust. I eit slikt materiale kan det vere freistande å sjå liner og sammanhengar som ved grundigare undersøking ikkje er reelle.

De tre grever

Som eit eksempel kan vi sjå på visa om ”De tre grever”, som Håvard Skaadel tok for seg i andre delen av sin artikkel. Denne tyske visa har vore svært populær også i Noreg og går under mange namn: ”Skjønn jomfru hun stander”, ”Jomfrua og greven”, ”Der ginger en skjønn jomfru”, ”Uventet bryllupsgjest” etc. I tysk balladeforsking vert ho oftast kalla ”Graf und Nonne”, og det finst så mange oppskrifter av visa at ho fyller heile band 8 i den vitskapelege utgåva av tyske balladar. Utifrå liknande strukturar plukkar likevel Håvard Skaadel fleire viseoppskrifter som redaktørane ikkje vil rekne som variantar av ”Graf und Nonne”. Dermed kan han konstruere ein sammanheng langt bakover i tid.

Mange tidlegare forskarar har også brukt nettopp denne visa for å knyte den tyske balladetradisjonen bakover til mellomalderen, men når Otto Holtzapfel, som er hovudredaktør for dette bindet, skal kommentere visa, bruker han likevel anledningen til å gå til frontalangrep på sjølve ideen om ei mellomaldersk urform. Trass i noko strukturell likskap med to gamle nederlandske oppskrifter, hevdar Holtzapfel at kjeldene ikkje gjev oss grunnlag for å seie noko vesentleg om visa før år 1771. Det var året da J. W. von Goethe skreiv visa opp i Elsass, inspirert av det nye ordet ”folkevise” som Herder nettopp hadde funne på. Denne eldste tyske oppskrifta av visa gjev slett ikkje inntrykk av at ho er ein utdøyande relikt frå tidlegare generasjonar, visa verkar tvert imot som ei høgst aktuell vise. Sentimentaliteten og skildringa av kjærleiken mellom høg og låg, rik og fattig, plasserer henne solid på midten av det attende hundreåret.

Om vi etter denne argumentasjonen mister mellomalderen, blir ikkje visa dårlegare for det. Med over 2000 dokumenterte tekstvariantar og ca. 1000 melodioppskrifter, plasserer visa om ”De tre grever” seg solid som Europas mest populære vise nokon gong. Og denne store populariteten kan vere god nok grunn til å studere ho nøyare. ”De tre grever” var yndlingsvisa til min oldemor, og ho song ikkje visa fordi ho var gammal og ærverdig, for henne var den viktorianske sentimentaliteten ekte og djupt følt tragedie.

Håvard Skaadels artikler om de eldre almuevisers hamskifte kan leses i lenkene under.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Astrid Nora Ressem og Velle Espeland 1 (Foto: Carl Kristian Johansen)

Middelalderballader på CD for første gang

Etter en utvelgingsprosess som har foregått blant feltopptak i Norsk Folkemusikksamling, har Norsk Visearkiv kommet fram til en samling av...

Velle Espeland (foto: Lisbeth Risnes/MIC)

Norsk visearkiv – et kompetansesenter

Flere sentrale aktører i norsk musikkliv har nå flyttet sammen i Nasjonalbibliotekets nyrestaurerte bygg i Drammensveien 42. Det dreier seg...

Kjettersk kjeller plakat

Velle Espeland snakker om nøkk, skrømt og spøkelser

Folklorist Velle Espeland snakker om nøkk, skrømt og spøkelser på Kjettersk Kjeller i Oslo onsdag 12. november. Kjettersk Kjeller, som...

Velle Espeland, Norsk Visearkiv

Norsk visearkiv er 20 år

Laurdag 25 januar feirar Norsk visearkiv sitt 20 årsjubileum. I løpet av desse åra har arkivet etablert seg og funne...

Velle Espeland, Norsk Visearkiv

500.000 mer til Norsk Visearkiv

Norsk Visearkiv fikk tirsdag en hyggelig beskjed fra stortingsrepresentant Olemic Thommesen: Det blir bevilget 500.000 kroner ekstra til visearkivets 2003-budsjett....

Jørn Simen Øverli

Nordisk sangkultur 2002

26. – 28. april blir det konferanse rundt den folkelige sangkulturen i Norge og Norden. Arangører er Norsk Visearkiv, Norsk...

Flere saker

Sigrid Traasdahl

DJ og bar – vil det sikre fremtidens publikum for klassisk musikk?

I kveld arrangeres KLUBB Klassisk for første gang i Oslo – et uformelt klubbkonsept med klassisk musikk, bar og DJ.

Kulturrådet har møte, fra venstre kunstner Håkon Stenstadvold, byråsjef Ingeborg Lyche, ekspedisjonssjef Leif J. Wilhelmsen og arkitekt Torbjørn Rodahl, 26. mars 1965. Foto: Leif Høel, Dagbladet. Hentet fra Digitalt museum

Estetikk eller politikk?

Tanken om Kulturrådets uavhengige ekspertvurderinger forteller på langt nær hele historien om rådets rolle som ”musikalsk nasjonsbygger”, i følge et...

Chika Dole spelte på Blå under Oslo World. Frå venstre: Jenny Jorde Lunde, Chika Dole og George Kwadwo Ofori

Oslo World: Blå unplugged

Sjølv om både Kamara og Nova Amor dessverre måtte melde avbod, fekk vi oppleve nokre av dei mest spennande stemmene...