Hopp til innhald

UTLA på Vestlandsturné

Etter fleire turnear i inn og utland inneværande år (m.a England, Færøyane og Bologna), er gruppa UTLA klar for ein fem dagars turné i Norge. Konsertane er i hovudsak lagt til kyrkjer, og vil innehalde vokal og instrumental musikk i «UTLA-tradisjonen». Berit Opheim er med på song.

Trioen UTLA – med Håkon Høgemo (hardingfele), Terje Isungset (trommer, tre, stein, bjøller, munnharpe) og Karl Seglem (tenorsaksofon og bukkehorn) – held fram sitt samarbeid med den prislønna songersken Berit Opheim, og opptak frå turnéen skal gjevast ut på CD i 2001. UTLA sin musikk er unik i norsk og internasjonal samanheng. Gruppa byggjer musikken sin på norsk vokal folkemusikk og hardingfeletradisjon. Nye element vert tilført gjennom tekstar, lydar, klangar, improvisasjon og komposisjon. Resultatet er eit moderne musikkuttrykk: ærleg musikk på eigne premiss. På repertoaret under denne turnéen finn ein mellom anna salmar, lydarslåttar, rudlar og balladar. I hovudsak frå Sogn og Voss. UTLA har gjeve ut CD´ane: ”Utla”, ”Juv”, ”Brodd” og ”Dans”, som alle har motteke svært gode kritikkar av ei rekke anmeldarar i inn og utland. Berit Opheim har medvirka på sentrale folkemusikkutgjevingar dei siste åra, og har også gjeve ut solo CD.

Her kan du sjå Utla med Berit Opheim:

Onsdag 15. november: Voss Kyrkje
Torsdag 16. november: Sogndal Folkehøgskole
Fredag 17. november: Eikelandsosen Kraftstasjon
Laurdag 18. november: Hol Kyrkje
Søndag 19. november: Årdal Kyrkje.

Meir om Utla finn du på: http://www.norcd.no/utla.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Karl Seglem

«Nye Nord» med Karl Seglem lanseres i dag

Torsdag 20. juni holdt tenorsaksofonist Karl Seglem åpningskonserten under Dei Nynorske Festspela i Volda. Deretter fulgte opptredener i Lærdal og...

Isglem

Isglem turnerer Irland

Den norske jazzduoen Isglem turnerer i Irland i øyeblikket. Isglem er invitert av stjernegitaristen Mark O´Leary, som finner det «utrolig...

Utla,

Karl Seglem og Utla til Tyskland

Gjennom et drøyt tiår har trioen UTLA blandet folkemusikk og samtids-impulser. Bandet har gitt ut fire CDer, og kommer i...

Karl Seglem

BBC-konsert og ny plate fra Karl Seglem og Utla

Britene har oppdaget Karl Seglem og Utlas fintfølte miks av norsk tradisjon og eksperimentell lyd. Onsdag 7. mai slapp trioen...

Terje Isungset

Jazzsonen inntar Kvarteret i Bergen

Studentradioen i Bergen arrangerer søndag 9. november en dobbel-jazzkonsert, med musikere fra Norge, Island og USA. Det er Studentradioens eget...

Unni Løvlid på Balladefest

Ei musikalsk bru mellom Noreg og Kina

Sist vinter møtte kvedaren Unni Løvlid Dong-musikken i landsbyen Tang’An i Kina. Her traff ho unge tradisjonsbærarar frå ein sterk...

Flere saker

Åge Aleksandersen

Sandbeck-pris til ridder og æresslusk Åge Aleksandersen: – Takk for at du tar vare på sangen min

Det ble konsert i et fullt Åmot kulturhus med allsang og taktfast applaus da Åge Aleksandersen mottok Vidar Sandbecks kulturpris...

Hilja albumdebuterte i høst, og fant seg sjøl som musikkskaper da hun omfant viseformen.

Den sjette masseutryddelsen og moderne, norske viser

En historie om vår overlevelse, fortalt i ord og toner.

Framføring under nyMusikk Bergens jubileum høst 2018, Krapyl serien. Dansere fra Langhaugen videregående skole

Inkonsekvent innstilling til musikk for barn

nyMusikk Bergen yter godt formidlingsarbeid der barna medvirker. Men hva er intensjonen?