Hopp til innhald
Tryllefløyta – ein folkeopera, Rikskonsertene,

«Tryllefløyta»: Ein stemningsrapport

Folkemusikk.no var fredag kveld gjestar på premieren på Tryllefløyta på Den Norske Opera, og la samme kveld ut denne stemningsrapporten. – Det var ei storslått framsyning, som kanskje varslar om nye tider for folkemusikken. Mest imponerte fanten og fenta, Odd Nordstoga og Berit Opheim, skriv Frode Rolandsgard i Folkemusikk.no.

Stemningsrapport frå «Tryllefløyta» – fredag 14. oktober 2005

Av Frode Rolandsgard, Folkemusikk.no

Folkemusikk.no var i kveld gjestar på premieren på Tryllefløyta. Det var ei storslått framsyning, som kanskje varslar om nye tider for folkemusikken. Mest imponerte fanten og fenta, Odd Nordstoga og Berit Opheim!

Dette var ein kveld for paradoks: Operasjef Bjørn Simonsen opna framsyninga. Han tala varmt og lenge om det unike tiltaket Tryllefløyta er, og helste statsminister Kjell Magne Bondevik velkomen blant publikum, – den siste kvelden hans som statsminister. Bondevik fekk masse skryt frå scena for dei store løyvingane operaen fekk i det nye statsbudsjettet. Sjølv sat vi i salen og tenkte på dei lusne kronene statsbudsjettet hadde til folkemusikk.

Pytt sann, dette var uansett folkemusikken sin kveld. Framsyninga starta roleg, med Harv, og at dei tre ternene Marit Mattisgard, Gro Kjelleberg Solli og Kirsten Bråten Berg kom fram på scena. Så kom dei i tur og orden, Fuglefanten Odd Nordstoga, Månefrua (og fuglefenta) – Berit Opheim, Ungsilja – Øyonn Groven Myhren, prins Sveinung – Jon Anders Halvorsen, Solsira – Aasmund Nordstoga og Annar Bye som Svein Svarte. Og for ikkje å gløyme gamlekarane Martin Myhr og Jon Ellingsen som verkeleg gjorde ein flott jobb som skumle dansarar.

Kritikkane finn de i avisene i morgon, men inntrykket er ei på mange måtar vellukka framsyning, trass i skodespelarprestasjonar som veksla mellom det gode og det stive. Det var flott å sjå folkemusikken inn i dei rammene som ei stor scene kan gje, og å sjå at musikken vår ikkje har noka problem med å fylle forma.

Det var diverre dårleg balanse mellom instrument og vokal, slik at det til tider var vanskeleg å få med seg tekstane. Dette hadde ein del å seia for opplevinga. Men dette er vel ting som går seg til… Musikken var god og fengande, med artige vriar på originalmusikken. Eg synest kanskje folkemusikkuttrykket kan bli intenst når eit heilt ensemble spelar, heile tida. Det vart iallefall ei vakker avveksling med dei fåe enkle partia, der t.d. berre ein langeleik eller ei lyre var å høyre. Eg kunne såleis ha tenkt meg eit litt meir variert lydbilde.

Og heilt til slutt kom kulturminister Valgerd Svarstad Haugland fram. Ho skulle dele ut Rff-prisen for 2005 til Leif Stinnerbom. Så kom det iallefall litt frå kulturministeren til folkemusikken i 2005.

Note fra Ballade: Denne stemningsrapporten kan i sin opprinnelige kontekst leses på denne siden hos Folkemusikk.no, som er netttavisen til Landslaget for Spelemenn. Artikkelen er bragt videre av Ballade med velvillig tillatelse fra Rolandsgard, som ellers er rimelig opptatt med Folkelarm-arrangementet om dagen.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Tryllefløyta – ein folkeopera, Rikskonsertene,

Tryllefløyta – ein folkeopera: Rikskonsertenes største satsning noen gang

14. oktober entret noen av våre fremste folkemusikkutøvere scenen på Den Norske Opera. Forestillingen heter «Tryllefløyta» – og byr på...

Magnar Sundt, LfS (Foto: Kjell Bitustøyl)

– Eit defensivt farvel frå den avtroppande kulturministeren

– Akkurat som forventa er dette eit defensivt farvel frå den avtroppande kulturministeren, mener dagleg leder i landslaget for Spelemenn,...

Schous kvartalet, innvendig

– Kulturkvartalet Schous må få ei avklaring i haust

– Her er det ingen signal om at staten tar ansvar for etableringa av Riksscene for folkemusikk og folkedans, seier...

Samstemt 2006: Illustrasjonsbilde

– Lite ambisiøst på vegne av kulturen

Musikkorganisasjonene bak Samstemt 2006 mener den avtroppende regjeringen har for lave ambisjoner på vegne av norsk kultur. Organisasjonene hadde håpet...

Agnes Buen Garnås (Foto: Anders Bruen)

Buen Garnås fikk ærespris

Folkemusikeren Agnes Buen Garnås er blitt tildelt Norsk kulturråds ærespris for 2005. Prisen er på 300 000 kroner. «Garnås har...

Majorstuen collage

Majorstuen vant INTRO-folk

– Vi har allerede masse ideer, sier en overlykkelig Andreas Ljones i folkemusikkgruppa Majorstuen. Under sommerens Jørn Hilme-stevne vant de...

Flere saker

Illustrasjonsfoto

Konsekvenser av britisk nei til EU

Mange i britisk musikkindustri frykter inntektstap om landet skulle gå ut av EU etter folkeavstemningen i slutten av juni.

Loppemarked for Ila og Bolteløkka Foto: Anke Imsen

Høy pris for restlopper

Skolekorps i Oslo får levere rester gratis på Grønmo. Men frakten etter loppemarkedene må de betale selv.

Abid Raja (V) la fram forslag til kulturbudsjett onsdag 7. oktober i Bærum Kulturhus

Kompensasjonsordning for kultursektoren forlenges ut året

– Gjennom å forlenge ordningen ønsker jeg å skape fortsatt forutsigbarhet for kultursektoren, sier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.