Hopp til innhald
L’amour de loin 1 (Foto: Helge Skodvin)

FiB: Kjærleiken i mange lag

KONSERTMELDING: «Orkester og kor gjorde dyktig innsats – men frå min plass i salen virka forsterkinga av desse grupperingane ikkje optimal. Det overskugga imidlertid ikkje gleda over å få høyra ein internasjonal samtidsopera i Noreg – plassert som ein av dei viktigste satsingane ved vår største kunstmusikkfestival». Det meiner Ballades utsende om operapremieren L’amour de loin, den første konsertopplevinga under Festspillene i Bergen.

Av Ida Habbestad

— Veit du kvifor havet er blått, spør Jaufré Pilgrimen.

— Det er fordi det speglar seg i himmelen, svarer Pilgrimen.

— Men kvifor er himmenel blå, spør Jaufré.

— Det er fordi den speglar seg i havet, er svaret.

Slike er den enkle, middelalderske tonen i libanesiske Amin Maalouf sin
tekst.

Finske Kaija Saariaho fylgjer opp, med eit tonespråk rikt på mystiske,
varme klangfargar.

Moderne klisjé

I 1984 uttalte komponisten at det aldri ville verta aktuelt for henne å
skriva korkje symfoniar eller opera. Forma er av mange rekna som konservativ
og satt – men då hennar «L’amour de loin» faktisk var ferdigstilt
i 2000, og urframført under Salzburg-festivalen, var det starten på eit
nyskapande og nært samarbeid med Maalouf. Det resulterte ikkje berre i
dette verket, men i nok ein opera, samt eit oratorium, begge ferdigstilte
i 2006.

Ledige stillinger

Ei av årsakane til at Saariaho ikkje tidlegare tilnærma seg operaformatet,
var redsla for å tråkka i gamle konvensjoneller rammer. Etter mi meining
trør Saariaho langt på veg i gamle spor i dette verket, og fyller det med
operatiske klisjéar.

Det musikalske innhaldet teiknar stemningar kring teksten, karakterane
vert portretterte gjennom det musikalske materialet, slik det er vanleg
å gjera innan operaforma. Samstundes lukkast ho skapa ei moderne ramme
kring verket – og tonespråket er som ei bru mellom nytt og gamalt; middelalder
og notid.

Dragning mellom motsetningar

Til denne framsyninga hadde songarane ingen regi. I staden vart ei animert
utgåve av forteljinga vist – i det direktørane i høvevis festspela og
Den Nye Opera kalla eit «moderne gesamtkunstverk». Kunstnarduoen
Elmgreen & Dragset sto bak denne: Ein vakker, var og innhaldsrik beretning
i tonar av kvitt, svart og blått.

Repetisjonar, samt hyppige vekslingar mellom konkrete og abstrakte bilete
var mellom verkemidla her. Forteljinga vart dessutan beretta på fleire
plan. Middelalderversjon med den uskuldige, vakre Clémence i lange, enkle
kjoler og trubaduren Jaufré med alpelue, sto i kontrast til 2008-versjonen.
Der møtest dei på Internett, korresponderande gjennom enkle, forkorta setningar,
og der ein lytta til stilla mellom dei, medan ein venta på den andres svar.

Slik tilførde dei nok ein kontrast til verket, som elles er bygd opp av
dragninga mellom motsetningar; mellom mann og kvinne, kjærleik og død,
Europa og Orienten.

Forstyrrande lydbilete

Solistane som var henta til forestillinga song framifrå. Baryton Jaakko
Kortekangas gjorde ein varm og inderleg Jaufré, mezzosopran Helene Gjerris
ein audmjuk Pilgrim – medan sopran Pia Freund gjorde sterkt inntrykk i
si avsluttande, djupt fortvila bøn.

For som kjærleikshistorier (og operaer) flest enda også denne i det botnlaust
djupe: Jaufré som etter eit utsvevande liv endelig har funne den reine
kjærleiken hjå den vakre, uskuldige Clémence vert dødssjuk på veg til henne,
og døyr så snart han kjem fram. Slik vert kjærleiken aldri fullbyrda. Clémence
klandrar seg sjølv for hendinga, og bestemmer seg for å gå i kloster for
å gjera opp for seg.

Også orkester og kor gjorde dyktig innsats – men frå min plass i salen
virka forsterkinga av desse grupperingane ikkje optimal. Heller virka det
forstyrrande på det elles velbalanserte inntrykket av songarane på scena
og bileta på skjermen.

Det overskugga imidlertid ikkje gleda over å få høyra ein internasjonal
samtidsopera i Noreg – løfta opp som ein av dei viktigste satsingane ved
vår største kunstmusikkfestival.

Med strålande vær attpå, samt ein godt tima avblåst flystreik, vart tonen
med dette satt, for ei bevgivenhetsrik første festivalhelg.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Logo Norsk kulturråd siste

Seminar om musikkensemblefeltet

I samarbeid med Nattjazz og Festspillene i Bergen inviterer Norsk kulturråd til seminar om produksjonsvilkår og finansiering for musikkgrupper og...

Arve Henriksen OiOi (Foto: Helge Skodvin)

Festspillene i Bergen – OiOi-programmet

OiOi-festivalen er uteprogrammet til Festspillene i Bergen. Arve Henriksen er årets hovedaktør.

Ricardas Kabelis/Foto: Arunas Baltënas

Provoserande minimalisme?

KONSERTMELDING: Urframføringa av Ricardas Kabelis nye verk hadde ei fascinerande påverknad på publikum. «Gjennom forløpet breidte det seg ei tiltakande...

Bergen Filharmoniske Orkester (Foto: Hans Jørgen Brun)

Kvalitativt intermezzo

KONSERTMELDING: To sparsommeleg programmerte festspeldagar baud likevel på kvalitativt gode opplevingar. Bergen Filharmoniske Orkester tolka Wagner på imponerande vis, og...

Fredrik Schøyen Sjölin bak (Foto: John Hughes/Rikskonsertene)

God øving kan gjøre underverker!

INTERVJU: – Man skal ikke stikke under en stol at det visse dager ikke er så gøy som på andre,...

Per Boye Hansen 2008 (Foto: Eirik Brekke)

Flere gjensyn med gamle utøvere

Festspilldirektør Per Boye Hansen antydet under sin festivaloppsummering onsdag at det også i fremtiden vil bli gjensyn med utøvere som...

Flere saker

Sarah Winona Sortland

Sarah Winona Sortland til Musikkforleggerne

Foreningen for norske musikkforlag får sin første faste kommunikasjonsansvarlige.

Bilde fra live filmen til Naeon Teardrops

Ballade video: Pyramider på Månen

Vi har det greit med Beharie, BLKSTD, Mayflower Madame, Din Våte Drøm, Vidar Furholt, Paulin Voss, Roar Dons og Naeon...

Sondre Ferstad og kvartetten

Melodiar som snirklar seg rundt i hovudet, som planter strekk seg mot sola

Ballade assosierer: Me opnar jazzsesongen med tingingsverk og viltvoksande melodiar og epleblomar.