Hopp til innhald

Sin stil

På duoen Mean Steel si første plate spelar dei nordnorske komponistar, men musikken er frå kvar som helst.

Eg må innrømme at eg sperra opp øyrene då eg trykte på play. På høgt volum fylde barytonsaksofonar stova med eit krispt riff. «Stakhlijan» av Torbjørn Ingvaldsen lét syltøft. Eg snudde undrande på omslaget – kven er dette?

Fuglesong? Vindaugspussing, kyrkjeklokker. Til og med den pensjonerte FM-radioen spelar ei sentral rolle i forteljinga «Scener fra et nabolag», komponert av Lars Skoglund.

Fortejlarstemmene er cellist Hans-Urban Andersson og saksofonist Ola Asdahl Rokkones. For øvrig på cello, trommer, saksofonar og elektronikk i tomannsorkesteret Mean Steel. Andersson er mellom anna kjent frå MiN-ensemblet, som kanskje har fått mest merksemd for sin herleg respektlause leik med Grieg på OleBullsHits frå 2006. Rokkones har dei siste åra vore i krikar og krokar i det musikalske landskapet, frå symfoniorkester til støymusikk.

Zwei-Mann-Orchester er komponistane frå Nord-Noreg, men musikken frå kvar som helst andre stader. Det er seks ulike komponistar på plata, og stilen spenner på mange måtar vidt. Likevel er vi i det same lydlandskapet, snakkar det same tonespråket og er på den same reisa gjennom heile plata.

Det heilskaplege uttrykket på denne plata er jazza. Eg er ikkje sikker, men eg trur dette påverkar lyttinga å vite at det er komponert. Det som er sikkert er at om du får komponert musikk til å låte improvisert, må du ha klart å dynke notane i augeblikkets vitalitet. Dette er i stor grad tilfellet her.

Tomannsorkesteret Mean Steel (Foto: Knut Bry)

Komposisjonen «Zwei-Mann-Orchester» av Erik Stifjell kunne jo like godt vore Eirik Hegdal eller ein av hans medsammensvorne. Temaet på den slappe fløyta er mystisk meir enn noko. Eg tenkjer Tarantino. Når dei tette, varme firklangane frå dobbelsaksofon og cello kjem inn høyrer vi kor genial den besetninga er.

Einmannsorkestertradisjonen er lang. For nokre år sidan laga animasjonsimperiet Pixar eit vidunderleg portrett i kortfilmen «One man band». Assosiasjonane til denne ligg ikkje berre i ordet, men det er som om musikken kjem frå eit slags lydmaskineri, meir enn eit orkester. Og så ligg der ein slags animasjonsfilmhumor i musikken. For eksempel på tittellåta «Mean Steel».

«Smelt» av Erik Håkon Halvorsen er eit lydmåleri som blir ei drøymepause på plata. «Huttetutt» av Rune Larsen (ikkje han med Mozart-kuler), ein musikar som i fylgje Salangen-nyheter har ein uoffisiell verdsrekord i samanhengande akkordeonspel. Ei lita Mozart-kule på plata.

Cellostemma «Purgazione» av Bjørn Breimo har eit hint av Arvo Pärt si Berlinmesse. Og i saksofonen kjem til og med nokre linjer eg assosierer med «Moldau» av Smetana. “Purgazione” stikk seg ut på plata. Smått impresjonistisk, og kanskje den minst jazza. Kanskje er det då det funkar best?

Den komponerte jazzen fell nemleg litt mellom to stolar for meg inn i mellom. Av og til undrar eg meg over om ikkje dei har lyst å bryte meir ut frå oppskrifta. Fri seg meir. Dét sagt er ikkje det eit poeng i seg sjølv, nødvendigvis, men det er noko med dei klanglege assosiasjonane til det frie som får meg på tanken.

Ledige stillinger

«Detta är inte begynnelsen» av Lars Skoglund er hardtslåande. Den har eit fantastisk lydspor frå omgjevnadane. Replikkar. Skoglund sine komposisjonar er verdt lytten aleine. Ein slags musikalsk variant av Roy Anderssons surrealistiske komedier. Eg lo høgt.

Mean Steel er i alle høve musikk som bør oppdagast av fleire enn dei ivrigaste lesarane av opa klasse-posten.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Hilde Marie Holsen Foto: Jenny Berger Myhre

Disse har fått stipend av Norsk Jazzforum

330 000 kroner fordelt på 9 musikere og 14 band.

Silje Solheim Johnsen og Ola Asdahl Rokkones, fra videoen til prøveforestilling på Ubeskrivelig!

På tvers og mot nord

Gjør det noe med kunsten og kunstnerne å bo langt nord? I en tid med kulturpolitisk desentralisering, tar Ballade en...

Tromsø Foto: Wikimedia Commons

Barentsjazz blir Tromsø jazzfestival

Festivalen flytter også fra november til august.

Treskatresk, Ola A. Rokkones ytterst til venstre, Andrej Kondakov andre fra venstre. Foto: Bjørn Leirvik

En russisk-norsk bromance

På hver side av grensa sitter musikerne i jazzbandet Treskatresk. Når de møtes, slår det gnister. På hvert sted de...

Flere saker

Linda Hofstad Helleland Foto: Thomas Haugersveen

Slik er musikkbudsjettet

Mer til Kreativt Norge, Talent Norge og kor. Ingen økning til Norsk kulturfond.

Erlend Gjerde driver Indie Recordings og er styreleder i Fono.

Protesterer mot Spotifys nye modell: – Omvendt av Robin Hood

Sammenslutning av plateselskap protesterer mot Spotifys nye nivåer for utbetaling til artister og opphavere.

Stillbilde fra Abbaths video Dream Cull

Ballade video: Alt for alle

Vi starter det nye året i selskap med Ole G. Nilssen, Bjørn Riis, Jack Stillwater, Ane Brun, Susanna, KitFai, Thee...