Olavsvake - fra Olavsfestdagene 2010 (Foto: Olavsfestdagene)

Tidlegkurs i Inderøy

Då røyrsla rundt tidlegmusikk blei latterleggjort, starta entusiastane kurs.

Kunstmusikk

Olavsfestdagane tilbyr kurs for tidleg musikk, kammermusikk og tidebønstradisjon, i tillegg til meisterklasser med nokre av Europas fremste sangpedagogar.

– Desse kursa bidreg til å utfylle ein svært viktig funksjon for festivalen, nemleg å legge igjen næring i regionen, seier festivaldirektør Randi Wenche Haugen.

Europas lengstlevande kurs for tidleg musikk
Under Ringve internasjonale sommerkurs, ved Sund Folkehøgskole i Inderøy, blir det sju dagar med minikonsertar og meisterklasser med kammermusikk, renessanse- og barokkdans. Festivaldirektøren setter stor pris på samarbeidet.

– Ringve Internasjonale Sommerkurs starta som eit sjølvstendig kurs i ’75, då røyrsla rundt tidleg musikk blei latterleggjort. I dag er sjangeren superetablert, og dette kurset er eit av dei mest betydningsfulle innanfor dette feltet i Europa, seier ho.

Haugen fortel at kurset har deltakarar frå tjue nasjonar, og instruktørar som representerer elitelaget i Europa, som til dømes barokkfiolinisten Gottfried von der Goltz.

Populære meisterklasser
Ved Olavskvartalet vert det også i år meisterklasser for vokalistar med Susanna Eken i spissen. Ho har undervist vokalistar som Sissel Kyrkjebø og Randi Stene. Det er hard konkurranse om plassane.

– Susanna Eken går mot pensjonsalder og vi opplever stor pågang til kurset. Her får deltakarane gå igjennom eit tungt fagleg opplegg, og vi erfarer at dei går ut med massevis av inspirasjon til å jobbe vidare med det dei har lært, fortel Haugen.

Tidebøner og gregoriansk sang i Nidarosdomen
Med gjennomføringa av tidebønene under olsokdøgnet som mål vert det holdt eit kurs i Olavsofficiet, som er dei historiske olsok-tidebønene.

– Dette er den kyrkjemusikkhistoriske arven frå det historiske opphavet til heile festivalen, og ei innføring i den musikken som utanom Grieg var mest kjend utanfor Noreg, seier Haugen.

Kurset er gratis og omfattar om lag 25 timar med øvingar over 4 dagar.

— Ein aktiv del av festivallivet
Det vert lagt opp til at alle kursdeltakarar skal få tid til å oppleve resten av festivalen, med musikk som er relevant for alle tre kursa. I år vert det til dømes konsertar med Verdis Requiem og The Tallis Scholars med Nidaros Domkor.

– For oss er det viktig å få vist alle som kjem kva som foregår i byen og at dei er ein del av eit større arrangement, seier Randi Wenche Haugen.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Blodtur til København

Blodtur til København

I midten av januar dro ein full buss frå Oslo og omland til København med Tuvas Blodklubb. Sjå korleis det gjekk med "den norske invasion” på dansk folkemusikkfestival.

Slik ble jeg en diva

Slik ble jeg en diva

KRONIKK: – Jeg må slutte å late som om forståelsen av sangerens rolle i jazzmusikken ikke henger sammen med likestilling og en kjønnsdefinert og forutinntatt forståelse av hva sangere befatter seg med.

Ballade video: Trygghet og kontroll

Ballade video: Trygghet og kontroll

På utstilling med Himmelleite, Luna Mare, Andie Loui, Maizu & Richard, Kristine Blir Rapper, Kamelen, Rule Of Two og Clawfinger.

Mari Boine hedret

Mari Boine hedret

Artist og låtskriver Boine fikk ærespris for langt og betydningsfullt virke. Og avslører at hun skriver på ei bok.

Adama Janlo lar seg ikke stanse av musikalske grenseposter

Adama Janlo lar seg ikke stanse av musikalske grenseposter

Fra Sagene til Mississippi-deltaet, via Senegal og Gambia – Adama Janlo er Norges mest oppsiktsvekkende tilskudd til den tradisjonelle bluesen, og hun er ikke redd for å hente inspirasjon utover det forventede.

Ballade på Tidsskriftbonanza: Samtale med Peter Case & Sid Griffin

Ballade på Tidsskriftbonanza: Samtale med Peter Case & Sid Griffin

En sjelden mulighet til å møte to amerikanske legender, når Balladeskribent Arvid Skancke-Knutsen snakker med Peter Case & Sid Griffin på Deichman Grünerløkka torsdag 5. mars.

Se alle saker
Konserttips Oslo
Serier
Video
Radio