Hopp til innhald

Leiken energi, svulmande strykarklang

PLATEMELDING: Trondheimsolistene feirar 20 år, og er plateaktuelle med ”Divertimenti” utgiven på 2L. – Bartok sitt drivande gode verk for strykarar spenner på eit vis bein på si eiga namngjeving – med ei heilt anna djupne enn tittelen tilseier. Trondheimsolistene understrekar tilhøvet med si intensive tolking skriv Ballades meldar om denne nye utgjevinga.

Av Ida Habbestad

Trondheimsolistene er nyleg heimkome frå Asia-turné med fiolinst Anne Sofie Mutter, der dei etter seiande har gjort det godt. Denne nye plata, utgiven på 2L understrekar inntrykket av eit ensemble i storform – ungt og vitalt som aldri før.

Kunstnarleg leiar Øyvind Gimse har hand om kammerorkesteret men deler for høvet ansvar med Geir Inge Lotsberg samt endå yngre krefter; Lotsberg og Anders Kjellberg Nilsson er konsertmeistre for kvar sin halvdel av plata. Saman står dei bak ei innspeling som slår gneistar av leiken energi og sjarmerer med svulmande strykarklang.

Intens Bartok

Trondheimsolistene står bak eit tjuetals utgjevingar av klassisk repertoar. Fleire på selskapet Deutsche Grammophon, som Bachs fiolinkonsertar og Vivaldi sine fire årstider. På denne plata er repertoaret henta frå det førre århundret; her er komposisjonar av Britten, Vacewitz og Bartok samt ”Carmina” av norske Terje Bjørklund. Sistnemnde skrive mot slutten av århundret.

Som ”Divertimento”-tittelen tilseier er det enkelt å omtala mykje av musikken som lett og uanstrengt. Her er spenstige rytmer, virtuose tolkingar og me vert overtydde om ensemblets energiske overskot alt i opninga av Brittens ”Simple Symphony”. Dertil kjem deira gode lag med meir melankolske stemningar, som i tredje sats i Brittens ”Simple Symphony” – med det beteiknande namnet ”Sentimental Saraband”.

Men her er òg ei større uro. Paradoksalt nok finn dei krassaste klangane plass innafor ramma av det einaste verket som faktisk heiter ”Divertimento”. Bartok sitt drivande gode verk for strykarar spenner på eit vis bein på si eiga namngjeving – med ei heilt anna djupne enn tittelen tilseier. Trondheimsolistene understrekar tilhøvet med si intensive tolking – ei definitiv favoritt for underteikna.

Paradoks

Men det er mykje anna flott på plata. Mest oppsiktsvekkjande er kanskje Grazyna Bacewick sin konsert for strykarar. Den er lite framført – min einaste tidlegare kjennskap til verket er gjennom ei innspeling leiia av Gideon Kremer utgiven for nokre år sidan – og det er prisverdig at ensemblet har funne plass til verket hennar her. Skrive kort etter 2. verdskrig (i 1948), får denne komposisjonen saman med Bartok sitt verk frå 1939 omkransa den monomentale perioden på 1900-talet som ein ikkje så lett kjem utanom når ein handsamar nær sagt kva som helst frå det 20. århundret.

Nok eit sentimentalt verk er det plass til på denne eigentleg så sorgfrie plata. Terje Bjørklund sitt ”Carmina” er full av vakre, langsomme harmoniske progresjonar, mot slutten med lange flater som virkar Pärt-inspirerte gjennom minimale, emosjonelle klangteppe Nok ein gong utfordrar Trondheimsolistene tittelen dei har valt – i alle fall opnar den for ei rekkje fascinerande tankar om kompleksiteten i førre århundret.

Ledige stillinger

Perfeksjon i alle ledd?.

2L bidrar som vanleg med strålande lydkvalitet. Nytt med denne utgjevinga er at den kjem i Blu-ray-forpakning (i følgje Fono som den første i verda) i tillegg til SACD-en som dei fleste av oss har utstyr til å spela av. I våre konsumenttider kan det kjennast noko overflødig å få med seg to CD-ar kvar gong ein handlar ei 2L-plate, og me vonar at format og innpakningsproblematikk etterkvart får ei mindre bruk-og-kast-prega løysing.

Det lydlege resultatet er uansett i ein klasse for seg. Kanskje er neste steg på vegen for desse feinschmeckerane av lyd å kasta eit meir kritisk blikk på sine eigne coverdesign?

Ledige stillinger

Relaterte saker

Marianne Thorsen – Mozartcover

Suksess for Thorsen og 2L

Marianne Thorsen og TrondheimSolistenes Mozart-konserter kan man dø for, mener amerikanske Stereophile.

Bylyder profil 07/08

Ikkje alltid blodpris!

REPLIKK: – Du må ikkje alltid betale ”blodpris” for å vere garantert klassisk musikk av høg kvalitet. På Noregs musikkhøgskole...

Arve Tellefsen og Karin Krog

Anders Jahres Kulturpris til Karin Krog, Arve Tellefsen og Trondheimssolistene

Anders Jahres Kulturpris utgjør til sammen 1,250 millioner kroner og er en av de største æresbelønningene en kunstner kan motta...

Terje Boye Hansen

Det gløymde Requiem

Den siste tida har ein i avisene debattert om den klassiske musikken er i ferd med å døy eller ikkje....

Morten Lindberg,

To Grammy-nominasjoner til 2L

Norsk musikkbransje sprenger nye grenser: For første gang noensinne er et norsk selskap nominert til Grammy-priser både i klassen for...

Steffen Horn: "Konsert" (2L, 2007)

Steffen Horn: Konsert (2L/Musikkoperatørene)

Klar for en test om du liker klassisk musikk eller ikke? Prøv et realt stykke live piano!

Flere saker

Grunde Kreken Almeland

Kulturkomiteens leder (V): – Bare tull at kulturministeren måtte spare

Venstre mener kulturministeren har varslet kutt unødvendig. Et pausebudsjett, kaller Venstre – og flere i kulturfeltet – Trettebergstuens økonomiske plan for...

Klaus Mäkelä

Beethovens niende symfoni: Hvor går Oslo-Filharmonien?

Oslo Konserthus var smekkfullt den 4. januar, med stående, brakende applaus. Stort orkester, fire sangsolister, fullt kor – og lansering...

Harald Otterstad på Popsenteret nov 23 – foredrag om Aunt Mary

Hall of Fame-debatten: Hva er det dere driver med, Rockheim-folk?

Selv en blind høne må kunne se Aunt Marys store betydning som nyskaper i norsk musikk og inspirasjon til senere...