Anne Danielsen og Anne Lorentzen (Foto: Sigrun Åland)

A little less conversation

Har det eigentleg skjedd noko med likestilling innanfor musikken dei siste åra, sett vekk frå prat? No venter bransjeaktørar på støtte frå Kulturdepartementet til å utarbeide ein handlingsplan.

BransjenPolitikk & debatt

«Musikk, likestilling og rekruttering- utdanningsinstitusjonenes ansvar og utfordringer» var tittelen på ein konferanse i regi av Institutt for musikkvitskap som fann stad onsdag denne veka.
Som tittelen indikerer var det ikkje lettfattelege tema som stod på agendaen, og som så ofte ellers i tilsvarande debattar, sat ein att med fleire spørsmål enn svar ved vegs ende.
Tal og statistikk
Programmet byrja med at representantar frå Norsk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU STEP) la fram kvantitative resultat frå forsking på musikkutdanninga. Dette gjekk både på å kjenneteikne endringar over tid, samt vise kven som vert rekruttert til høgare musikkutdanning og kva jobbar dei får etterpå. Trass i at desse tala tidvis var bekymringsverdige, kan dei ikkje seiast å vere særskilt overraskande.
Kvar ligg ansvaret?
Neste punkt på programmet var ein paneldebatt om utdanningsinstitusjonane si rolle og perspektiv på rekruttering og likestilling. Paneldeltakarane som representerte alt frå kulturskule og vidaregåande, til høgskule, universitet og øvrig musikkutdanning, kunne også presentere ein del tal og statistikk. Her vart det også diskutert kvar eit eventuelt ansvar for den skeive kjønnsfordelinga kunne ligge, samt presentert teoriar på kvifor situasjonen er som den er.
Har det eigentleg vore ei utvikling?
Etterkvart som konferansen nærma seg slutten vart det tydleg at det komplekse diskusjonstemaet utfordra både synspunkta til folk, samt verka vanskeleg som utgangspunkt for konkrete tiltak. Nokre lurte på om ein ikkje snart hadde snakka lenge nok, mens andre ikkje kunne sjå at det i det heile fanst eit problem.
Spørsmåla salen sat att med var: Har det eigentleg skjedd noko dei siste åra sett vekk frå prat? Kvar vert det av reell handling? Kvifor skjer det ikkje nokre politiske eller strukturelle innblandingar?
Konkrete planar
I avslutninga påpeika Svein Bjørkås frå Institutt for musikkvitskap at ein nok hadde eit litt snevert historiesyn om ein ikkje kunne sjå nokon utvikling. Trass i dette, sakna fleire den konkrete handlingsplanen på den skeive kjønnsfordelinga i musikkfeltet.
Då Ballade spurte forskar og paneldeltakar, Anne Lorentzen om eventuelle tiltak, kunne ho avsløre at ein handlingsplan moglegeins ikkje er så langt vekke.
— Når det gjeld ein handlingsplan for musikklivet, så har det seg faktisk slik at Ingrid Røynesdal (statsviter og pianist, journ. anm) og eg har blitt spurt på vegne av Norsk Jazzforum, AKKS Norge, Orkester Norden og Ny Musikk, om å utvikle ein. Vi skal no søke kulturdepartementet om finansiering til å utarbeide forslag på ein slik plan. Signala frå departementet er jo at ein slik plan er ynskjeleg, så vi får sjå om dei står ved dette. Sidan vi har blitt spurt, og har relativt god kjennskap til musikkfeltet, så vil jo vi ta ansvar for denne planen. Når det er sagt, er det viktig å fundamentere ein slik plan i musikklivet, organisasjonane, utdanningsapparatet osv. Vi håpar at vi i ein slik prosess kan lukkast både i å oppmuntre og ansvarleggjere partane, samt komme med konstruktive forslag.
Handling, ikkje prat
Camilla Slaattun Brauer i Norsk Jazzforum seier at dei ynskjer meir handling og mindre prat.
— Ukas konferanse likna mykje på den for tre år sida. Vi tykkjer det er behov for handling, ikkje repeterande prat, og alle er einige om at dette er ei problemstilling ein bør ta tak i nå.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Tekstforfatterpris til Ane Brun

Tekstforfatterpris til Ane Brun

– Hun skriver personlig og eksistensielt, men samtidig universelt.

Ballade video: Søvnløse netter

Ballade video: Søvnløse netter

Med Synne Sanden, Døssi, Bjørn Berge, Jonas Lovv, Joakim Kleven, Leander, Twin Serpent, Nullskattesnylterne & Teater nonSTOP, Halycon Days og Nicolas Leirtrø’s Action Now!

Sarah Winona Sortland er ny daglig leder i Musikkforleggerne

Sarah Winona Sortland er ny daglig leder i Musikkforleggerne

Går fra kommunikasjonsstilling til toppjobben.

Musikk på litteraturfestival: Fortelling, poesi – og nødvendig friksjon

Musikk på litteraturfestival: Fortelling, poesi – og nødvendig friksjon

Hvilken rolle kan musikk ha i en litteraturfestival? Blir vi klokere på musikkens og ordenes roller i språkmodellenes tid? Kan konserter vise veien til leselyst?

– Hva skjedde med rehabilitering ...

– Hva skjedde med rehabilitering ...

Ting man tenker på er som regel lett å få ut, bare man får det til å rime. Slik ser en innsatt på Ullersmo på rap.

Et rom for alt – unntatt musikk

Et rom for alt – unntatt musikk

INNLEGG: – Det er rart hvordan musikkens kraft alltid hylles i festtaler, men aldri i romfordelingen. Musikkfaget er viktig – så lenge det ikke tar plass, skriver Bodil Gullseth, musikklærer og 2. nestleder i Skolenes landsforbund.

Se alle saker
Konserttips Oslo
Serier
Video
Radio