Trompetist Ole Jørn Myklebust er ein aktiv musikar og produsent som har samarbeida med mellom andre Jonas Fjeld, Ingrid Olava og Unni Wilhelmsen, og vore medlem av Mari Boine sitt band dei siste femten åra. Myklebust har tidlegare gjeve ut to instrumentaljazzplater under eiget namn. Men i 2016 vende Myklebust seg til visesong. På plata Gløymde fotefar tonesette han dikt frå sambygding i Eidsdal, Arne O. Storås, diktar og gardbrukar.
Det var lite ein fann igjen av diktsamlingane til Storås, men etter ei opprydding på garden fann familien til Storås ei skrivebordsskuff som var trutna bom fast. Då våren kom og skuffa ikkje var like trutna fekk dei opna ho, og ein tjukk bunke med tekstar signert Arne O. Storås openberra seg. Ei skattkiste for Myklebust, som sette i gong med bind to – Heimbygda mi.
«Eg veit at mi heimbygd er lita i verda, men stor når eg ser ho i tanke og sinn». Frå tittelsporet som opnar plata er det tydeleg at Myklebust veit å gjere stemninga i ord levande gjennom musikken, og fangar storleiken i «tanke og sinn». Det kan få alle og ein kvar (ikkje berre sunnmøringar som underteikna) til å lengte heim til bygda si.
Når ein lyttar til ei slik plate, gir det ein ekstra verdi å ha to tankar i hovudet på ein gong – tekstane til Storås og tonesettinga til Myklebust. Ein blir nysgjerrig på kven denne gardbrukaren Arne var. Kvar var han då han skreiv desse dikta – kva handlar dei eigentleg om? Korleis var verda rundt han? Tekstane til Storås er meir enn berre romantiske naturskildringar. Dikta er personlege, såre og nære. Mellom anna går «Ord» og «Rivalstrid» inn i det indre kjenslelivet. Men også i desse tekstane skin bygda gjennom.
Myklebust har med godt handverk skrive songar av tekstane. Songar som kan stå på eigne bein også utanom denne plata, og ein kan naturleg sjå for seg at desse kan samlast mellom to permar så kvar og ein kan synge heime ved pianoet. Det er ikkje ei sjølvfølge når dikt blir tonesett – det er ein eigen kunst å skrive songar.
Songane har fått plass i eit stort uttrykk. Tore Bruvoll sitt gitarspel har ei sentral rolle i lydbiletet. Både hans akustiske og elektriske gitarspel er gjennomført smakfullt. Myklebust veit også å legge dei rette trompetlinjene for å løfte songane utan å virke påtvinga. Det er liksom sjølvsagt at det skal vere der, kvar gong han kjem inn. Assosiasjonen i uttrykket kjem fort til Arve Henriksen sitt arbeid på Odd Nordstoga si plate Pilegrim. På «Eg og du» ligg det eit forsiktig trøorgelkomp, som lét som det er blanda med mellotron (på «kjærleik» er det heilt klart ein mellotron) – i alle høve fungerer det strålande. Plata er full av slike små detaljar som er med på å utvide lydbiletet slik at det gir naturen i Eidsdal storleiken den fortener.

Ole Jørn Myklebust (Foto: Nina Holtan)
Men heile produksjonen er ekstremt reinvaska og glattpolert. Nesten litt for glatt.
Det som skurrar er nemleg fråveret av skurr. Myklebust syng i tillegg eksepsjonelt reint. Det er jo ikkje noko gale i seg sjølv, men noko er gjort i miksen som har polert stemma så mykje at det står i vegen for uttrykket. Det gjer at mange av songane mistar ein nerve, ein energi. For eksempel lét det på «Ei ukjend stjerne» nærast som autotune på vokalen. Eg kan ikkje vite om det er det som er gjort, men det er uansett synd når miksen står i vegen for det naturlege uttrykket som desse songane er avhengig av. Det trengst rett og slett litt meir skurr.
Trass i at eg skulle ønske at ein droppa det finaste sandpapiret i produksjonen, har Ole Jørn Myklebust gjort eit grundig og vellukka arbeid med tonesetting av dikta til Storås på Heimbygda mi. Fleire av songane høyrer eg for meg på ein radio på stranda – «Fjellfugl» har for eksempel potensial til å bli ein sommarslager. Avslutningssporet, «Isflå-is», har fått eit sløyt country-uttrykk.
Her er stemma til Myklebust i sitt rette element. Eg kan godt høyre for meg ei heil plate i dette landskapet.

Ballade video: Trygghet og kontroll
På utstilling med Himmelleite, Luna Mare, Andie Loui, Maizu & Richard, Kristine Blir Rapper, Kamelen, Rule Of Two og Clawfinger.

Mari Boine hedret
Artist og låtskriver Boine fikk ærespris for langt og betydningsfullt virke. Og avslører at hun skriver på ei bok.

Adama Janlo lar seg ikke stanse av musikalske grenseposter
Fra Sagene til Mississippi-deltaet, via Senegal og Gambia – Adama Janlo er Norges mest oppsiktsvekkende tilskudd til den tradisjonelle bluesen, og hun er ikke redd for å hente inspirasjon utover det forventede.

Ballade på Tidsskriftbonanza: Samtale med Peter Case & Sid Griffin
En sjelden mulighet til å møte to amerikanske legender, når Balladeskribent Arvid Skancke-Knutsen snakker med Peter Case & Sid Griffin på Deichman Grünerløkka torsdag 5. mars.

Å være musikalsk i et etisk perspektiv
Under festivalen "Ding-dong eller dong-ding?" 4. mars vil pianist Ellen Ugelvik og musikkterapeut Gro Trondalen utfordre publikum til å reflektere over hva det egentlig betyr å være musikalsk, også i et etisk perspektiv.

Norske arrangører om «de fire store» og internasjonal konkurranse
Får «de fire store» i livemarkedet for mye makt? NKA-lederen peker på maktskifter som kan skape en ubalanse i resten av feltet.











































