Marie Sahba, still fra musikkvideoen til Limbo

Paradoksal politikk

Då årets festspelprogram vart lansert, var det under parolen ”Politikken trenger kunsten”. Men Festspillene i Bergen rørte seg i realiteten innan eit meir polarisert tilhøve, der ”politikken trenger kunsten, og kunsten trenger politikken”.

Av Ida Habbestad
Den islandske forfattaren Hallgrímur Helgason sette ein første standard, då han i sin opningstale framheva det gode ved finanskrisa: ”Island er nå et annet land. Istedenfor å lytte til politikere lytter vi til poeter”, sa han der.
Og i den grad me talar kunst som har ein politisk fundert bodskap, har den absolutt vore representert på festspelprogrammet.
Dømevis i framsyninga ”Elephant Stories”, der regissør Tore Vagn Lid let stilla spørsmål ved kva som hender med individet når den moderne verda så lett vil kategorisera – og plassera menneska i bås. Eller – om enn i mindre grad – i ”American Influence: Good or bad?”, der Jo Strømgren Kompani la grunnen for ein artig harsellas om kultur og fordommar.
Vidare finst der samfunnskritikk i Berthold Brecht sin tekst – om enn dette aspektet ikkje var det mest vektlagde i Robert Wilsons versjon av ”Tolvskillingsoperaen”. Avlysinga av fest-arrangementet i hindutemplet grunna krigshandlingar på Sri Lanka var såvisst ei politisk handling. Og kan henda fanst der fleire døme.


Videoklipp fra Tolvskillingsoperaen.
Mellom protest og feiring
Men ein kan òg snakka om kunsten som eit politisk verkemiddel: Det vil seia dette som finn stad når Utanriksdepartementet sponsar ein nordisk festkonsert, og der programmet meir enn å protestera eller stilla spørsmål kring samfunnstilhøve, vert ei feiring av den nordiske kulturen.
Ser ein til dei kring 100 arrangementa under årets festival, vil ein finna at dei rørde seg innan ein slik balansegang mellom innfallsvinklane til det politiske.
Der var dei bejubla, gode prestasjonane, samt konsertar som er komne til grunna velvillige sponsorar. Der var dei som stilte sine subtile spørsmål, og dei som utforska uventa tema med kjend musikk. Der var dei som utforska ukjende klangrom, slik BIT20 synte gjennom Ruben Sverre Gjertsen sitt nye verk. Og der var dei som meir direkte protesterte mot samfunnsordningar, som verka nemnde ovanfor.
Motsetnader
Gjennom denne utforskinga – av nye uttrykk, ukjende namn; det uventa iblanda dei store, stadfestande opplevingane, har det vore eit godt festivalår: Kan henda det mest interessante med Boye Hansen som direktør.
Dei store aktørane har innfridd, få konsertar har verkeleg skuffa – og, ikkje minst, det har vore mogleg å trø opp ei konsertrute i eit sjangermessig opnare landskap enn før.
Og – der har vore rom for paradoks.
På eine sida”Elephant Stories”, med sin kritikk mot diagnoser, merkelappar – og på andre sida programtekstar der ein nettopp set folk i bås, karakterisert som dei mest interessante og eineståande av sitt slag. På eine sida eit program prega av vilje til utforsking, og ynskjet om å opphøga kunsten til det som er politikken sin føresetnad. På andre sida eit program som føyer seg inn under forventa rammer; som er avhengig av offentleg velvilje, av publikum og omtale.

Festspilldirektør Per Boye Hansen
For meg vart oppsetjinga av ”Vildanden” – som paradoksalt nok har dobbeltmoral og livsløgn som tema – den viktigste påminnaren om dette. Der direktøren – og ikkje politi eller publikum – opptil fleire gonger sette stoppar for framsyninga vart det heilt enkelt understreka ei forventning om at protesten skal finna stad innan gitte rammer. Og at tilhøvet mellom politikk og kunst, friksjon og forventning er fylt av motstand.
For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Lyden av Gamle Oslo Gammaldans

Lyden av Gamle Oslo Gammaldans

Gamle Oslo Gammaldans er sju voksne folk som ikke spiller gammaldans. Opplev dem live på Ballade-arrangement i Gamlebyen i Oslo torsdag 27. mars.

Ballade på Parkteatret: Opera-premiere, musikkvideovisning og minikonsert søndag 23. mars

Ballade på Parkteatret: Opera-premiere, musikkvideovisning og minikonsert søndag 23. mars

Solveig Sørbø og Maria Kjos Fonn snakker om operaen "Heroin Chic". Rockemusiker Henning Andersen spiller utvalgte låter. Og vi viser et godt knippe nye musikkvideoer på skjermen.

Selma fra Hønefoss ble publikummer nummer en million i Bærum Kulturhus

Selma fra Hønefoss ble publikummer nummer en million i Bærum Kulturhus

Selma Hasund Poole (18) fra Hønefoss ble overrasket med konfetti, gavekort på danseforestilling og jazzfestival som besøkende nr. 1 million i Bærum Kulturhus i helgen.

Tord Gustavsen kåret til Årets europeiske musiker 2024 i Frankrike 

Tord Gustavsen kåret til Årets europeiske musiker 2024 i Frankrike 

Musikeren og komponisten dedikerer prisen til musikerkollegaer gjennom årene.

Ballade video: Våpen og ammunisjon

Ballade video: Våpen og ammunisjon

Vi setter fyr på kontoret med Honningbarna, Moddi, Don Juan Dracula, Hüskey King, Earth Moon Transit, Tor Kvammen, Kyra Snø, Heartland Countrytrio og Markella.

Om kunst og tankefrihet

Om kunst og tankefrihet

ESSAY: Plutselig er det å tenke egne tanker og la fantasien spinne fritt en radikal ting. Og her er kunsten ikke bare nyttig, den er essensiell, skriver Torstein Slåen.

Konserttips Oslo

Serier
Video
Radio