Marsj på eigne vegar

I Seljord er lyden av 17. mai eit korps og eit spelemannslag som marsjerer med ny musikk.

Kalender

Krantz // La bohème

01/12/2021 Kl. 19.30

Oslo

Operapub på Røverstaden

01/12/2021 Kl. 19:00

Oslo

Tradisjonen med å spela hardingfele i 17. mai-tog er gamal. Kanskje i fleire bygder, og i alle fall i Seljord.

— I Seljord spela tre-fire spelemenn fremst i 17.mai-toget fram til 1930-40-talet, men seinare blei hardingfela avløyst av korps. Dette hadde sikkert å gjere med lyden, men også at korpsa oppsto som noko nytt og spennande i mange små bygdemiljø utover på 1900-talet, seier Sara Fjågesund Aase, som leiar juniorspelemannslaget i Seljord.

Saman med korpsdirigent Gunn Steinstad har ho ynskt å kombinera tradisjonane, og sidan 2008 har korpset og spelemannslaget spela saman nesten kvar 17. mai.

— Korleis får ein korps og spelemannslag til å fungera saman?

— Balanse er kanskje det fyrste ordet som dukkar opp. Me jobbar mellom anna med å få felene langt nok fram i lydbildet, noko som gjev eit større fokus på dynamikk og lytting, seier Steinstad.

— I tillegg er måten me spelar på ei utfordring. På hardingfele spelar me som oftast ei stemme, me lærar etter øyra, og kan slåttane utanåt. I korpsmusikken er det notar, fleire stemmer, mykje telling og venting. Desse to verdene er det spennande og kombinere, og eg trur både spelemenn og korpsmusikantar lærer mykje av kvarandre, seier Aase.

Ei lada ramme
Blant musikken dei framfører dette året er eit nyskrive verk av komponisten Klaus Sandvik. Verket, som har fått tittelen «17. mai-marsj frå Seljord», har blitt ein tradisjonell marsj, med nokre eigne vegar i forma, forklarer Steinstad.

— Introen på fire taktar presenterar alle instrumenta, og så startar hardingfelene med det fyrste veket, som er eit anna ord for tema. Korpset har fått ei rolle som understrekar og broderar delar av veka. Det er i alt tre vek og ein trommemarsj som heng godt saman. Ein kan få assosiasjonar til den tradisjonelle bruremarsjen frå Seljord. Komponisten tek lyttaren ut og inn av det kjende.

Sandvik fortel at det som motiverte han til ta fatt på oppgåva nettopp var det ukjende, og det risikable ved kombinasjonen av instrument.

— Eg likar å skriva mot ei forventningsfull og lada ramme. Dessutan er klangkombinasjonen korps og hardingfeler ikkje helt enkel å handtera. Merkelig nok er eg tiltrekt av det å oppsøka risiko og det som kan verka vanskeleg å få til, som å hekte seg på noko som alt har betyding og samtidig prøva å finna fram til noko nytt, ei utviding.

— Kva skjer når korps og hardingfeler møtest?

— Kvar for seg har dei ein klangidentitet som ikkje berre er påtvingande sterk — uuthaldeleg vil kanskje nokon meina — men som i sine respektive tradisjonar òg ber med seg eit nokså avgrensa klangspenn. Verket forsøker å skapa relevante samanhengar av både klangtypar og andre karakteristika som går langt utover det å la dei to gruppene smaka på delelement til kvarandre. Dåmen av hardingfeler skal inn i korpset og marsjens glade grunnelement skal inn i bogestrøka.

På tvers av stiler
Kvifor ser ein ikkje oftare felles prosjekt i bygder der tradisjonane lever side om side? Reint praktisk handlar det om at det er skrive lite for besetninga, påpeikar Steinstad.

— Ein må ha ressursar til å lage nye arrangement, og krefter i eit miljø som ynskjer å gå ut av det konforme og inn i det meir ukjende. For nokon er det for krevjande å tenke «nytt».

— Når det er sagt er det vel vanlegare, nesten ein trend, på profesjonelt nivå å gå på tvers av stiler. I opplæringssamanheng har ein nok lett for å halde seg til ein stil fordi ein må konsentrere seg om å lære det elementære ved ein sjanger, seier Aase.

Ei god utfordring til tross: Sandvik vil ikkje med dette slå eit slag for alle slags samanblandingar.

— Eg opplever at det finst ein god del lite vellukka samanblanding av ulike, tradisjonsbundne uttrykk der det ofte er mangel på innsikt i både kva ein blandar saman og i korleis uttrykka kan møtast på utfyllande og utviklande måtar. Kanskje er det i vår tid – der ukritisk sjangerblanding seglar avgarde på eit unyansert og lettvint mantra om at mangfaldet er fortreffeleg – nødvendig med ei revitalisering av ein sunn respekt for opparbeida tradisjonar og nettopp «båsane» i musikken, seier han.

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this