Peer Gynt_1_07

Lyden tå Gudbrandsdalen

Per Gynt-stemnet satsar i år på barn og unge. I august skal Lyden tå Gudbrandsdalen i støypeskeia og smeltast om. - Under paraplyen Lyden tå Gudbrandsdalen lanserar vi to prosjekt retta mot barn og unge, samplarverkstad og ein slagkraftverkstad, seier Bjørn Sletten i Peer Gynt A/S. Slagkraft! set fokus på slagverk - frå tradisjonsmusikk til perkusjon og rytmisk musikk. I samband med Grieg 07 blir det arrangert samplarverkstad med komponist og lydkunstnar Bjarne Kvinnsland.

Av Heidi Nesttun Sunde

Norsk kulturråd

I år går Lyden tå Gudbrandsdalen att som ein raud tråd gjennom alle dei større postane på programmet under Per Gynt-stemnet. Dette er òg fellesnemnaren for den nye storsatsinga for barn og unge.

– Vi ønskjer å overføre den fagkompetansen som ligg hjå våre profesjonelle utøvarar til barn og unge som satsar på kunst og kultur. Under paraplyen Lyden tå Gudbrandsdalen lanserar vi difor to prosjekt retta mot barn og unge, samplarverkstad og ein slagkraftverkstad, seier Bjørn Sletten i Peer Gynt A/S.

Samplarverkstad

I samband med Grieg-året 2007 blir det arrangert samplarverkstad med komponist og lydkunstnar Bjarne Kvinnsland. Edvard Grieg var si tids samplar – lydar frå naturen og tonane frå folkemusikken var blant hans viktigaste inspirasjonskjelder.

— Vi inviterer difor ungdom til å samle lydar og lage musikk. Lyden tå Gudbrandsdalen skal i støypeskeia og smeltast om. Samplarverkstaden blir ei unik moglegheit å læra seg nye måtar å skape musikk på, forklarar Sletten.

Deltakarane vil få innføring i heile prosessen frå innhenting av lydar, bearbeiding og tilrettelegging av innsamla materiale – og til framføring av ferdig komposisjon.

Slagkraft!

— Vi vil òg samle slagverkarar, trommeslagarar og slåttetrommemusikarar til ein spanande verkstad – Slagkraft! – med påfølgjande konsert under stemnet, forteljar Sletten.

Prosjektet er laga i samarbeid med slagverkarane Eirik Raude og Markus Hernes, som gjev ein spennande kombinasjon. Raude er ein av landets fremste klassiske slagverkarar, medan Hernes har brei erfaring frå R’n B, pop/rock og housemusikk. Ungdommane skal jobba med stilovergangar og fusjon mellom rytmisk slagverk, pop, rock og jazz, tradisjonsmusikk og klassisk slagverk.

Slagkraft! Blir etablert som ein større camp saman med Samplarverkstaden og Anitranett. Ein fellesnemnar for dei to prosjekta er deltakaranes eigne skapande prosessar og møtet med den profesjonelle kunstnaren.

Anitranett

Festivalleiinga vil òg vidareutvikle Anitranett, som blei etablert i 2006. Dette er eit nettverk som jobbar for å fremje dans som kunstform i Gudbrandsdalen og skal vere ein rekrutteringsarena for amatørdansarar til JUV. JUV er ei sjangerovergripande danseframsyning som kvart år inviterer om lag 15 dansarar til å delta saman med 8 profesjonelle dansarar.

Målgruppa for nysatsinga er barn og unge i alderen 10 – 19 år. Det er eit tilbod til barn og unge som allereie er inne i kulturskular og liknande, men òg eit fyrste møte med kunst og kultur.

I år er det regionen som er nedslagsfelt, men på sikt ønskjer Peer Gynt å utvide satsinga til å omfatte barn og unge – både nasjonalt og internasjonalt ifølgje Bjørn Sletten.

Norsk kulturråd gjev 100 000 kroner til Lyden tå Gudbrandsdalen.

Denne artikkelen er hentet fra Norsk kulturråd, og gjengis her med deres velvillige tillatelse.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Tekstforfatterpris til Ane Brun

Tekstforfatterpris til Ane Brun

– Hun skriver personlig og eksistensielt, men samtidig universelt.

Ballade video: Søvnløse netter

Ballade video: Søvnløse netter

Med Synne Sanden, Døssi, Bjørn Berge, Jonas Lovv, Joakim Kleven, Leander, Twin Serpent, Nullskattesnylterne & Teater nonSTOP, Halycon Days og Nicolas Leirtrø’s Action Now!

Sarah Winona Sortland er ny daglig leder i Musikkforleggerne

Sarah Winona Sortland er ny daglig leder i Musikkforleggerne

Går fra kommunikasjonsstilling til toppjobben.

Musikk på litteraturfestival: Fortelling, poesi – og nødvendig friksjon

Musikk på litteraturfestival: Fortelling, poesi – og nødvendig friksjon

Hvilken rolle kan musikk ha i en litteraturfestival? Blir vi klokere på musikkens og ordenes roller i språkmodellenes tid? Kan konserter vise veien til leselyst?

– Hva skjedde med rehabilitering ...

– Hva skjedde med rehabilitering ...

Ting man tenker på er som regel lett å få ut, bare man får det til å rime. Slik ser en innsatt på Ullersmo på rap.

Et rom for alt – unntatt musikk

Et rom for alt – unntatt musikk

INNLEGG: – Det er rart hvordan musikkens kraft alltid hylles i festtaler, men aldri i romfordelingen. Musikkfaget er viktig – så lenge det ikke tar plass, skriver Bodil Gullseth, musikklærer og 2. nestleder i Skolenes landsforbund.

Se alle saker
Konserttips Oslo
Serier
Video
Radio