Borealis 2013 - veien til Solheim kapell (Foto: Magda Groshal)

Låge lydar og djupe tonar

ANMELDELSE: Kontrabassoktetten Ludus Gravis har utvida horisonten for instrumentet, skriv Svein Høgemo.

I høve Borealisfestivalen har musikkelevar ved Langhaugen videregåande skole hatt seminar om musikkritikk. Denne teksten er eit resultat av seminaret.

Det var fleire som måtte ty til ståplass då Ludus Gravis spelte i Solheim Kapell på torsdag. Den italienske kontrabassoktetten, leidd av Daniele Roccato, er noko av det nye hippe på samtidsscena og representerer ein heilt ny type instrumentbesetning. Dei to komponistane som faktisk har kome på å skriva musikk for kontrabassoktett, har begge gjort det i samarbeid med Ludus Gravis. Festivalfolket var klare for å høyra djupe tonar ein heil kveld.

Mot undergangen
Dei starta med Trauer Ode av Hans Werner Henze. Dette var dissonerande, men vakker musikk der alle spelte ulike melodiar. Av og til låg det akkordar i botnen, men oppå spelte dei melodiar som ikkje hadde noko med det andre å gjera. Musikken flaut jamt og trutt mot undergangen.

Ein eksplosjon av steinsprut
Det andre nummeret, Bajo el Volcán av Julio Estrada, innebar at oktetten kort sagt spelte på instrumenta sine på alle andre moglege måtar enn ved å stryka bogehåra mot strengene i eit stillferdig, men likevel samspelt energisk verk. Spenninga bygde seg opp på ein så umerkeleg måte at før me visste ordet av det, sat me plutseleg inne i ein eksplosjon av steinsprut. Stykket døydde ut med at alle, inkludert dirigenten Roccato, vifta prøvande med bogane, som om dei ikkje var sikre på om dei hadde lyst til å laga lyd. Til slutt var det berre bakgrunnsstøy igjen.

Etterpå vart konserten delt. Den eine halvparten av publikum gjekk ned i kjellaren, der Daniele Roccato framførte to minimalistiske songar av Giacinto Scelsi: Wo-Ma. Desse enkle, skjelvande melodiane, med utgangspunkt i ein enkelt tone, oppatt og oppatt, gav uttrykk for noko fullstendig naturleg, lyden av treverket i ein kontrabass. Denne stemninga gjekk fullstendig tapt då me gjekk ut att og høyrde den monotone støyen frå Fjøsangerveien. Tilsikta eller ikkje, det var svært effektivt.

Støy og blanke ark
Kontrasten vart endå større då me kom inn att og høyrde støymusikk. Med det høge volumet og maskinelle stemninga kjende eg at det eigentleg ikkje passa heilt inn, som om det var heilt tilfeldig. Men bevares, me sat ikkje der og keia oss, og då endeleg alle kom inn att, sat me med blanke ark til høgdepunktet.

Ottetto av Stefano Scodanibbio var det tyngste, skumlaste og det aller beste nummeret. Det byrja berre med nokre tilfeldige tonar, men bygde seg snart opp til ein rytme som låg og mumla i bakgrunnen mens lausrivne idear vandra rundt i resten av ensemblet. For kvar nye sats kom ein ny rytme, som igjen gav ei heilt ny stemning. Snart laga alle berre suselydar, snart kom det ein kakafoni frå ei anna verd. Oktetten har rett og slett utvida horisonten for kva for instrumentale idear som går an å gjennomføra musikalsk. Då dette stykket døydde ut (bokstavleg tala), etterlét dei publikum fullstendig overvelda, og me kunne ikkje gjera noko anna enn å klappa oss slitne i hendene. Musikarane verka oppriktig takknemlege over å ha klart å gje oss slike opplevingar, og me var alle takknemlege tilbake.

Av Svein Høgemo, elev i 2MM ved Langhaugen videregående skole

Konsert
Borealis 7. mars, Solheim kapell
Med Ludus gravis (kontrabassoktett)
Musikk av Scelsi, Estrada, Henze og Scodanibbio
Notations project: Political Act av Andrea Spreafico med Jerome Noetinger

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Mari Boine hedret

Mari Boine hedret

Artist og låtskriver Boine fikk ærespris for langt og betydningsfullt virke.

Adama Janlo lar seg ikke stanse av musikalske grenseposter

Adama Janlo lar seg ikke stanse av musikalske grenseposter

Fra Sagene til Mississippi-deltaet, via Senegal og Gambia – Adama Janlo er Norges mest oppsiktsvekkende tilskudd til den tradisjonelle bluesen, og hun er ikke redd for å hente inspirasjon utover det forventede.

Ballade på Tidsskriftbonanza: Samtale med Peter Case & Sid Griffin

Ballade på Tidsskriftbonanza: Samtale med Peter Case & Sid Griffin

En sjelden mulighet til å møte to amerikanske legender, når Balladeskribent Arvid Skancke-Knutsen snakker med Peter Case & Sid Griffin på Deichman Grünerløkka torsdag 5. mars.

Å være musikalsk i et etisk perspektiv

Å være musikalsk i et etisk perspektiv

Under festivalen "Ding-dong eller dong-ding?" 4. mars vil pianist Ellen Ugelvik og musikkterapeut Gro Trondalen utfordre publikum til å reflektere over hva det egentlig betyr å være musikalsk, også i et etisk perspektiv.

Norske arrangører om «de fire store» og internasjonal konkurranse

Norske arrangører om «de fire store» og internasjonal konkurranse

Får «de fire store» i livemarkedet for mye makt? NKA-lederen peker på maktskifter som kan skape en ubalanse i resten av feltet.

En ny vår for norsk opera: To × opera off-Bjørvika

En ny vår for norsk opera: To × opera off-Bjørvika

Ballades klassisk-anmelder Ola Nordal opplevde nylig operaene «Heroin Chic» og «Nokon kjem til å komme» på Parkteatret i Oslo. I denne dobbeltanmeldelsen prøver han å fange noe av det som skjer i norsk operaproduksjon.

Se alle saker
Konserttips Oslo
Serier
Video
Radio