Knut Aastad Bråten (Foto: Trygve Lien)

Kven er ein til for?

INNLEGG: Kulturmedia er fokus i redaktør Knut Aastad Bråtens leder til siste nummer av Spelemannsbladet. - ”Kvifor er ikkje dei store avisene på arrangementet vårt?” Eg har sjølv sagt det, og høyrer framleis mange i folkemusikkmiljøet som sutrar over at hovudstadpressa ikkje er til stades, skriver Aastad Bråten.

Av Knut Aastad Bråten

Litt rett har dei: Kulturjournalistikken der i garden handlar i for høg grad om innhaldslaust turrprat og resirkulerte kjendisar. Kjendisfikseringa har blitt eit hinder for andre, mindre kjente til å trenge gjennom lydmuren. Mykje har likevel skjedd. Det er meir interesse for folkemusikken, også i riksmedia.

Folkemusikk er ikkje lenger sjeldsynt og framand. Media skriv jamleg om folkemusikken – ikkje på trass av, eller fordi dei , men fordi dei vil. Rett nok blir folkemusikken sjeldan og aldri diskutert på debattsidene i dei store avisene. Men sjangeren får jamleg merksemd, både gjennom platemeldingar og redaksjonell omtale.

Einskilde dreg sjølvsagt lasset. Tidlegare var det folkrockbandet Gåte, sidan Majorstuen, i dag Valkyrien Allstars. Dei er motoren i den folkemusikalske mediekarusellen. Mykje av omtalen handlar rett og slett om dei. Det skal vi andre vere glade for. Nokon synest sikkert det blir for mykje av det gode, for mykje Tuva, Ola og Erik. Men trur du folkemusikkens ”kjendisar” legg hinder for andre som vil opp og fram? Tvert om. Folkemusikkmiljøet må difor vere sjenerøst overfor eigne kjendisar, og heller bruke dei som brekkstong og spydspiss i eigen aktivitet.

Men, risikerer vi at folkemusikken visnar på rot om pressa melder forfall? Må alt kulturliv vere synleg i media for å eksistere? Er det ein rett vi har for i det heile å vere til? Sjølvsagt ikkje. Eit slikt kultursyn er òg ein populisme. Folkemusikken eksisterer ikkje på grunn av media. Logikken frå det synlege samfunnet har smitta over på dei minste miljøa. Eit liv i løyndom er ikkje noko liv. Eit usynleg miljø eksisterer liksom ikkje.

Mange kultursjangrar legg mykje, ja, unødvendig mykje, vekt på medieomtale. Ta til dømes folkemusikkfestivalane. Det gror godt i festivallandet. Tala peikar oppover, oppover. Men har dei dermed krav på side opp og side ned om aktivitetane sine? Festivalane er då fyrst og fremst ei tilstelling for miljøet i brei meining, for nye interesserte utanfrå, i det heile for dei som er der. Festivalane er offentlegheiter og institusjonar som gjentek seg år etter år. Rett nok skjer det fornying, men ingen revolusjonar av større format.

Difor: Er det så mykje nytt å melde frå år til år, som gjev grunn til mediemerksemd? Jørn Hilme-stemnet på Fagernes mottok heile 700 000 kr i festivalstønad frå Norsk kulturråd for 2008. Telemarkfestivalen i Bø fekk 850 000 kr, medan Den Norske Folkemusikkveka i Ål fekk 650 000 kr. Eg reknar med at kulturrådet fyrst og fremst tek avgjerda på bakgrunn av konseptet og kvaliteten i arrangementa – ikkje ut frå talet på spaltemeter og mediesirkus?

Spørsmålet på funderingane over blir difor: Kven er ein til for? Kven er det vi vil tekkast? Rikspressa eller publikum? Ein som definitivt har ofra sjela og meir til, er festivalsjef Sveinung Sundli, leiaren for kulturfestivalen Storåsfestivalen i Trøndelag. I skrivande stund er det vanskeleg å nemne andre meir mediekåte yndlingar enn nettopp han. Siste stikk var å invitere pornoskodespelar Caroline Andersen til eit morosamt pornoshow på festivalen (Dagbladet 22. juli). Spørsmålet er kor langt ein er viljug til å gå for å tekkast media. Kven er du til for, Sveinung Sundli? Dagbladet eller ditt eige publikum?

Norsk folkemusikk får stort sett den mediemerksemda han fortener – og treng. Verre er det ikkje.

Knut Aastad Bråten er redaktør i Spelemannsbladet. Lederen stod på trykk i Spelemannsbladet nr. 5 2008.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Tekstforfatterpris til Ane Brun

Tekstforfatterpris til Ane Brun

– Hun skriver personlig og eksistensielt, men samtidig universelt.

Ballade video: Søvnløse netter

Ballade video: Søvnløse netter

Med Synne Sanden, Døssi, Bjørn Berge, Jonas Lovv, Joakim Kleven, Leander, Twin Serpent, Nullskattesnylterne & Teater nonSTOP, Halycon Days og Nicolas Leirtrø’s Action Now!

Sarah Winona Sortland er ny daglig leder i Musikkforleggerne

Sarah Winona Sortland er ny daglig leder i Musikkforleggerne

Går fra kommunikasjonsstilling til toppjobben.

Musikk på litteraturfestival: Fortelling, poesi – og nødvendig friksjon

Musikk på litteraturfestival: Fortelling, poesi – og nødvendig friksjon

Hvilken rolle kan musikk ha i en litteraturfestival? Blir vi klokere på musikkens og ordenes roller i språkmodellenes tid? Kan konserter vise veien til leselyst?

– Hva skjedde med rehabilitering ...

– Hva skjedde med rehabilitering ...

Ting man tenker på er som regel lett å få ut, bare man får det til å rime. Slik ser en innsatt på Ullersmo på rap.

Et rom for alt – unntatt musikk

Et rom for alt – unntatt musikk

INNLEGG: – Det er rart hvordan musikkens kraft alltid hylles i festtaler, men aldri i romfordelingen. Musikkfaget er viktig – så lenge det ikke tar plass, skriver Bodil Gullseth, musikklærer og 2. nestleder i Skolenes landsforbund.

Se alle saker
Konserttips Oslo
Serier
Video
Radio