© kulturrad.no

Kultur som lokal næring

Kva for statlege og regionale verkemiddel trengst for å sikre ei levande kulturnæring i heile landet, spurte Førdefestivalen torsdag.

Av Ida Habbestad, Førde
Før den offisielle opninga av Førdefestivalen går første dag av Førdekonferansen av stabelen. I Sogn og Fjordane har ein stilt spørsmål om kva verkemiddel som trengst for å sikra ei levande kulturnæring i heile landet.
Konklusjonen etter avslutta første økt, kan tyda på at det er like stor avstand mellom dei to hovudkjeldene for offentleg stønad – Innovasjon Noreg og Norsk kulturråd – som antyda i [link id=65908 title=»denne evalueringa»] frå tidlegare i år.
— Kulturnæringa er ikkje spesiell
Tre hovudleiarar i første bolk utgreia for den løyvande sida.
Fylkesdirektør for næring i Sogn og Fjordane, Jan Heggheim, fortalte at fylket – kommune og fylkeskommune samanlagt – nyttar nokså gjennomsnittleg med midlar på kulturnæringar. Fylket har stor utflytting – og Heggheim antyda at kulturnæringa kan vera svar på desse utfordringane, men let spørsmålet stå ope.
Heggheim kunne vidare fortelja at det ikkje per i dag eksisterer særskilde verkemiddel til kulturnæringar i fylkeskommunen Sogn og Fjordane. Snarare må ein slutta å sjå kulturnæringa som ulik andre næringar, hevda han.
— Eg trur ikkje kulturnæring skal ha spesielle verkemiddel. Eg trur at ein då får søknader som er designa mot desse verkemidla og ikkje dei reelle behova, sa han.
Eitt bestemt verkemiddel nemnte han likevel: Fylkeskommunen ynskjer å prioritera gjennom satsing på klynger av næringar, det å utvikla infrastruktur for få; og satsa meir på færre stadar og færre prosjekt.
Han etterlyste elles modige attendemeldingar.
— Utkant-Noreg sitt største problem er mangelen på kritiske brukarar. Vi er så happy for det som skjer at me absorberer det meste kritikklaust, sa han.
– Kan me til dømes stola på lokalpressa når den skriv at ei førestilling er god?
Meir næring i kulturen
Både Heggheim og Anne Øvrebø i Innovasjon Norge peika på at føresetnadene for vekst i kulturnæringane er at leiinga av dei bør bli meir kommersielt orienterte.
Måten ein stør kulturnæringar på er som regel i form av entrepenørskap, fortalte Øvrebø.
— Det er få som kjem fordi dei ynskjer vekst, me såg gjerne at fleire kom av di dei vil vokse, sa ho.
Mellom sentrale utfordringar for kulturnæringa peika ho på at det i kulturnæringar er meir fokus på kultur enn på næring. Dermed er det vanskeleg å sjå næringspotensialet i dei, understreka ho: Selskapa er som regel små, med hovudvekt på einmannsføretak og ein har fokus frå prosjekt til prosjekt framfor å planlegga langsiktig.
— Kvar er innovasjonen i desse næringane, spurte Øvrebø.
Kvalitet er sentralt
— Utan opplevingar, ingen industri, svarte Arnfinn Bjerkestrand, som peikte på at kulturnæringar kjem til kort om dei renonserer på kvalitet.
— For å få nokre gjennombrot må ein gjera risikabel finansiering, hevda han, og stilte spørsmål til Innovasjon Norge om i kva grad dei er villige til å ta ein slik risiko.
Bjerkestrand peika òg på at det kom fram i undersøkinga ”To mål – to midler” at dei fleste kunstnarar meiner at Norsk kulturråd si stønad var avgjerande for prosjekta deira. Ikkje berre økonomisk, men som kvalitetsstempel for å få andre aktørar med.
Vidare stilte han ei rekkje spørsmål for konferansen vidare:
— Korleis kan ein arbeida med kompetanseutvikling for utøvarane? Skal ein gjera tilpassingar i økonomien deira?
— Korleis kan ein få meir makt i kulturlivet – så næringa vert vekta meir likt som område som utdanning og helse?
— Korleis ser kunstnarane på finansiering vidare; kor lenge skal den offentlege finansieringa vara?
— Kva bør vera kommunale og fylkeskommunale bidrag?
— Skal me gje meir til færre eller litt til alle?
Ballades dekning av Førdefestivalen fortsetter gjennom helgen.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Ballade klassisk: Jeg har delte meninger

Ballade klassisk: Jeg har delte meninger

Denne gangen er det delte meninger i enmannsredaksjonen Ballade klassisk.

Ny mentorordning for unge orkestermusikere fra nord

Ny mentorordning for unge orkestermusikere fra nord

Musikkstudenter fra Nord-Norge kan nå søke opptak til mentorprogrammet Arktisk Mentor Arena. Programmet skal gi unge orkestermusikere erfaring, veiledning og et springbrett til profesjonell karriere.

Fuglefjellet som mista stemmen

Fuglefjellet som mista stemmen

Et stilnet fuglefjell åpner festival.

Blodtur til København

Blodtur til København

I midten av januar dro ein full buss frå Oslo og omland til København med Tuvas Blodklubb. Sjå korleis det gjekk med "den norske invasion” på dansk folkemusikkfestival.

Slik ble jeg en diva

Slik ble jeg en diva

KRONIKK: – Jeg må slutte å late som om forståelsen av sangerens rolle i jazzmusikken ikke henger sammen med likestilling og en kjønnsdefinert og forutinntatt forståelse av hva sangere befatter seg med.

Se alle saker
Konserttips Oslo
Serier
Video
Radio