Howard Snell har vore sjefsdirigent i Eikanger-Bjørsvik sidan 1986 og er hovudkraften bak EBML si formidable musikalske utvikling. Han byrja karrieren som solotrompetist i London Symphony Orchestra (LSO). I åtte av desse åra var han styreformann i orkesteret, og ein sentral aktør i prosessen der LSO blei eit leiande symfoniorkester på verdsbasis. I 1978 slutta han i LSO for å bli dirigent på heiltid.
Særs få brassband har hatt gleda av Snell si rettleiing opp gjennom åra. Ingen andre korps har hatt eit lengre samarbeid med Snell enn Eikanger-Bjørsvik. Snell har komponert og arrangert store mengder musikk for brassband. Men 12. mars er han nok ein gong attende der korpset liker han aller best: Som dirigent for sine elevar gjennom mange år i EBML.
Elgar Howarth (biletet) har vore knytta til korpset i ti år. Saman har EBML og han mange minneverdige konsertar bak seg, og to cd-ar er det blitt. Howarth er ein verdskjend komponist og dirigent, men har òg gjort nokre av dei beste transkripsjonane som finnest for brassband.
Ikkje minst har han transkribert «Bilete frå ei Utstilling» av Modest Mussorgskij (1839-1881), som utgjer første halvdel av konserten. Verket er mest kjend i orkesterversjonen Maurice Ravel laga. Men Howarth valde å ta utgangspunkt i Mussorgskij sin originale pianoversjon då han transkriberte musikken for brassband.
Arkitekten og målaren Victor Hartmann døydde i 1873, berre 39 år gammal. Han var ein god ven av Mussorgskij, som tok seg særs nær av tapet av venen. Året etter blei det arrangert ei utstilling av måleria til Hartmann. Mussorgskij vitja utstillinga, og blei inspirert til å skriva musikk som skildrar ti av måleria til Hartmann. Satsane er bundne saman av eit promenadetema som illustrerer vandringa komponisten gjer frå bilete til bilete.
Frode Rydland, Svein Henrik Giske og Reid Gilje er den musikkskrivande troikaen som til dagleg arbeider innanfor rekkjene i EBML. Frode og Svein er kornettistar, Reid er fast dirigent. Saman har dei skrive mykje musikk spesielt for Eikanger-Bjørsvik.
Til konserten 12. mars syr dei saman det ypperste EBML kan tilby av sitt underhaldningsrepertoar. Bla.a får me høyre «Art of the states» – ei reise I Amerikansk underhaldingsmusikk. Programmet vart skrive til fjorårets Siddis Brass, og tar publikum med på ei musikkhistorisk reise frå Negro Spirituals, via dixiland og ragtime til moderne jazz.

Tekstforfatterpris til Ane Brun
– Hun skriver personlig og eksistensielt, men samtidig universelt.

Ballade video: Søvnløse netter
Med Synne Sanden, Døssi, Bjørn Berge, Jonas Lovv, Joakim Kleven, Leander, Twin Serpent, Nullskattesnylterne & Teater nonSTOP, Halycon Days og Nicolas Leirtrø’s Action Now!

Sarah Winona Sortland er ny daglig leder i Musikkforleggerne
Går fra kommunikasjonsstilling til toppjobben.

Musikk på litteraturfestival: Fortelling, poesi – og nødvendig friksjon
Hvilken rolle kan musikk ha i en litteraturfestival? Blir vi klokere på musikkens og ordenes roller i språkmodellenes tid? Kan konserter vise veien til leselyst?

– Hva skjedde med rehabilitering ...
Ting man tenker på er som regel lett å få ut, bare man får det til å rime. Slik ser en innsatt på Ullersmo på rap.

Et rom for alt – unntatt musikk
INNLEGG: – Det er rart hvordan musikkens kraft alltid hylles i festtaler, men aldri i romfordelingen. Musikkfaget er viktig – så lenge det ikke tar plass, skriver Bodil Gullseth, musikklærer og 2. nestleder i Skolenes landsforbund.



















































