«Framtidas kulturformidlar – generalist eller spesialist», spør førsteamanuensis ved BI, Donatella de Paoli, under Førdekonferansen. Det vil seia, føredraget hennar vil handla om kulturleiing, som er de Paoli sin spesialitet. Men formidling og leiing heng nøye saman, meiner forskaren.
— Eg meiner at einkvar som jobbar i kulturfeltet også må leia. Ein kunstnar må kunna leia seg sjølv og vedkomande han eller ho samarbeider med – om det er utøvarar eller arrangørar. Likeeins meiner eg at kulturleiarar må kunna driva med formidling, seier ho.
Kulturfelt i endring
For kulturfeltet er annleis tidlegare. På eit felt som endrar seg i takt med samfunnet, høver ikkje lenger den tradisjonelle leiingstankegangen.
De Paoli peikar på at kulturleiarane vil tena på å reflektera over korleis kommune og stat ser kunst og kultur som ressursar i stad- og næringsutvikling. Ein bør ha i mente at det statlege ynskjer at kunst og kultur vert nytta som brubyggjar mellom minoritetar og den «gamle» befolkninga på ein stad.
Kravet til eigeninntening for kulturprodukt vil truleg vera veksande, og til sist har kunst og kultur i digitaliseringa si tidsalder endra strukturar. I det internasjonaliserte feltet vil framsyningar som kan forståast globalt ha høve til å nå lenger, hevdar de Paoli.
Breiare sett av interessentar
Spørsmålet blir: Korleis påverkar alt dette kulturleiaren si rolle?
— Det mest typiske er nok at ein må arbeida mot eit breiare sett av interessentar enn før. Dei som klarer å balansera kulturpolitikk, i den tradisjonelle aksen mot stat og fylkeskommune, som i tillegg kan tenkja forretning, og som til slutt klarer hanskast med media, er dei som vil komma lengst som leiarar, svarer de Paoli.
Samansett kunnskap
Ho understrekar at media ikkje handlar om berre den tradisjonelle pressa, men heile breidda av sosiale medium og andre webbaserte kanalar.
Poenget er altså at dagens kulturleiar må tenkja samansett.
— Den tradisjonelle forventninga til kulturleiaren var at vedkomande skulle kunna det aktuelle kunst- eller kulturfeltet det var snakk om. I dag må ein også kunna noko om PR og kommunikasjon, og helst bør ein ha kunnskap om fleire kulturfelt enn sitt eige. Ein lagar kanskje produkt på fleire område samtidig.
— Gitt at kulturleiarane har stadig breiare kunnskap, trur du dei vil klara å ha rom for den kunstnarlege utviklinga?
— Eg trur ikkje innhaldet vil bli svekka. Kulturleiarar er jo i regelen folk som har ei veldig sterk interesse for feltet dei leiar. Kompetansen deira på feltet vert neppe mindre, den andre kompetansen kjem i tillegg.
Skilnader mellom typen institusjon
de Paoli meiner at kulturleiarane bør ha både spesialisert og generalisert kunnskap.
— Ser du sjangerspesifikke leiingsutfordringar?
— Etter mange år i feltet ser eg fleire fellestrekk enn skilnader. Og skilnadene som finst, er nok meir knytt til institusjon enn sjanger. Etablerte institusjonar har andre utfordringar enn dei uetablerte. Som ikkje-etablert institusjon har du gjerne ein del appell, du er viktig for samtida, samstundes har du ikkje den same legitimiteten ovanfor det statlege, den same finansieringa og nettverka som større institusjonar. Leiarane for uetablerte organisasjonar må i stor grad vera entrepenørar og tenkja nyskapande. Dei kan ikkje kopiera den større institusjonen.
Gje dei unge utfordringer
Slike nytenkjande eigenskapar finn ein aller helst hjå dagens unge, meiner de Paoli.
— Eg er i kontakt med ei rekkje unge gjennom arbeidet mitt, og meiner at desse har eit heilt anna utgangspunkt enn min generasjon. Dei er i mindre grad retta mot eit enkelt løp, og har i 18-20 års alder forsøkt seg på mykje. Dei har ikkje måtta hanskast med jantelova, dei tør tenkja nytt, og dei vil gjerne gjennomføra meir enn ei utdanning. Mellom desse vil ein finna gode kulturleiarar.
I eit slikt perspektiv er ein for lite flinke til å gje unge utfordringar, meiner ho.
— I næringslivet dyrkar ein jo dei unge. I kulturlivet opplever eg det motsette: At det å ha vore i feltet lenge gjev pondus. Feltet kunne tent på å vera meir utradisjonelt.
— Korleis står det til med rekrutteringa, når få får prøva seg?
— Det er for lite rekruttering. Samstundes kan ein ikkje senda dei unge rett frå utdanning og inn i leiarposisjonane. Slik sett burde kulturlivet hatt ein traineeordning, der institusjonar gjekk saman om å gje eit utval unge ein sjanse. Det ville vera ein god måte å sikra tilfanget i framtida, trur de Paoli.

Lyden av Gamle Oslo Gammaldans
Gamle Oslo Gammaldans er sju voksne folk som ikke spiller gammaldans. Opplev dem live på Ballade-arrangement i Gamlebyen i Oslo torsdag 27. mars.

Ballade på Parkteatret: Opera-premiere, musikkvideovisning og minikonsert søndag 23. mars
Solveig Sørbø og Maria Kjos Fonn snakker om operaen "Heroin Chic". Rockemusiker Henning Andersen spiller utvalgte låter. Og vi viser et godt knippe nye musikkvideoer på skjermen.

Selma fra Hønefoss ble publikummer nummer en million i Bærum Kulturhus
Selma Hasund Poole (18) fra Hønefoss ble overrasket med konfetti, gavekort på danseforestilling og jazzfestival som besøkende nr. 1 million i Bærum Kulturhus i helgen.

Tord Gustavsen kåret til Årets europeiske musiker 2024 i Frankrike
Musikeren og komponisten dedikerer prisen til musikerkollegaer gjennom årene.

Ballade video: Våpen og ammunisjon
Vi setter fyr på kontoret med Honningbarna, Moddi, Don Juan Dracula, Hüskey King, Earth Moon Transit, Tor Kvammen, Kyra Snø, Heartland Countrytrio og Markella.

Om kunst og tankefrihet
ESSAY: Plutselig er det å tenke egne tanker og la fantasien spinne fritt en radikal ting. Og her er kunsten ikke bare nyttig, den er essensiell, skriver Torstein Slåen.