Hilde Bjørkum (Foto: Førdefestivalen)

Festival utan skjegg

INNLEGG: Guttemusikk, skjegg og hornbriller - eller “Women’s world”?, spør Hilde Bjørkum, direktør for Førdefestivalen

Aftenpostens Joacim Lund skriv i ein kommentar nyleg om overvekta av mannlege musikarar på festivalscenene i Norge. Han har nok delvis rett. Vi reagerer likevel over generaliseringa; slett ikkje alle festivalarrangørar har skjegg, hornbriller og 50 år gamle haldningar, og slett ikkje alle festivalar har 90% mannlege artistar på plakaten!

Førdefestivalen til dømes, ein av Norges knutepunktfestivalar med eit besøkstal på 25000 – 30 000 kvart år, har ei over 20 år lang historie med å booke artistar frå alle verdshjørne, og svært mange av desse er kvinner, eller har kvinneleg frontfigur. Dette året er festivalens hovudfokus “Women’s World”, der framtredande kvinnelege artistar frå heile verda vert gitt scene- og talerom.

Les også: [link id=66723 title=»Førdefestivalen ser på damene «]

Kanskje ein sjanse både for publikum, media og rockefestivalarrangørar til å få justert røyndomsbildet sitt? Det faktum at leiinga i Førdefestivalen består av kvinner er (eller burde ikkje vere) poenget, våre val er bygd på kunnskap, kvalitet og tidsmessige haldningar.

Framstormande kvinner innan folk- og verdsmusikken
Det er eit interessant perspektiv at innan folk- og verdsmusikken har dei kvinnelege artistane formeleg fossa fram dei siste åra, tydelegvis i motsetnad til i andre sjangrar som rock og jazz. Her i landet har sterke damer som Sigrid Moldestad, Unni Løvlid, Synnøve Bjørset og mange fleire skapt seg sine eigne rom og vunne nytt publikum dei siste åra, og dei står i ei rekke av kvinner som har vore sterke førebilete: Kirsten Bråten Berg, Annbjørg Lien og Susanne Lundeng, for å nemne nokre. Faktisk er det slik at det snart er motsatt bekymring når det gjeld rekruttering innan den norske folkemusikken; det er fleire kvinner enn menn som ser ut til å bli framtidas folkemusikarar.

P.S. Og apropos kunnskapslaus debatt: Tema på årets Førdekonferanse som går i samband med festivalen har “Kompetanse i kulturlivet – mytar, meiningar og kunnskap” som tittel – vi inviterer hermed medlemene av guttemusikken, Aftenpostens kommentator og alle andre til deltaking!

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Ballade klassisk: Ba-rock og spillelistetilpasset Bach

Ballade klassisk: Ba-rock og spillelistetilpasset Bach

Ballade klassisk er tilbake med syv aktuelle plater som en start på det klassiske musikkåret 2026.

Jarles låt er lyden av monsteret i fjorden

Jarles låt er lyden av monsteret i fjorden

Vreid spiller og synger offisiell låt til storfilmen «Kraken».

Tono åpner døren for «gratispassasjerer». Er musikkbransjens Ikea-øyeblikk her?

Tono åpner døren for «gratispassasjerer». Er musikkbransjens Ikea-øyeblikk her?

INNLEGG: Dagens definisjon av opphavsrett er en gavepakke til alle som vil unngå å betale, skriver musiker Anders Odden i svar til TONO.

Blant en million sanger som trengte seg på fant Kristopher Schau 16 om rusmisbruk

Blant en million sanger som trengte seg på fant Kristopher Schau 16 om rusmisbruk

Hvor skal vi begynne? Med duoen som aldri øver på nye låter, de to som også er del av et notorisk rockeband? Eller med navnebrødrene?

Disse skal tevle om tittelen Årets unge jazzmusikere

Disse skal tevle om tittelen Årets unge jazzmusikere

Prestisjemønstring i jazzen: I februar starter oppkjøringa til Årets unge jazzmusikere.

Nå kan du foreslå Årets verk 2026

Nå kan du foreslå Årets verk 2026

Har du hørt et verk som fortjener større oppmerksomhet? Nå kan du foreslå kandidater til Årets verk 2026 hos Norsk Komponistforening.

Se alle saker
Konserttips Oslo

Serier
Video
Radio