Randi Skeie (Foto: folkemusikk.no)

Endringsvilje i folkemusikkmiljøet

DEBATTINNLEGG: - Landslaget for Spelemenn og Norsk Folkemusikk- og Danselag har starta ei tilnærming, dei tilsette i administrasjonane samarbeider nå innanfor informasjonsfeltet og i arbeidet for dei profesjonelle utøvarane. Dette er tenkt som ein god start – og eg er optimistisk i trua på vidare utvikling, som og vil omfatte resten av den organiserte delen av feltet, skriv styreleiar i LfS, Randi Skeie, i dette innlegget.

Av Randi Skeie

styreleiar i Landslaget for Spelemenn (LfS)

Kva er best for folkemusikken og -dansen vår?
Kva er best for dette kulturuttrykket – som har synt seg godt levedyktig gjennom generasjonar?
Og kva er best for utøvarane våre; for songarar, musikarar og dansarar?
Kva er best for heile miljøet vårt; frå dei yngste til dei eldste – frå ”grasrot” og ”småskog” til dei store tradisjonsberarane og dei beste artistane?

Desse spørsmåla stiller eg meg.

Slik prøver eg å fokusere på kva dette i røynda skal dreie seg om. Slik prøver eg å heve blikket.

I dei åra eg har fått vere med i leiinga i Landslaget for Spelemenn har eg blitt meir og meir audmjuk i høve til tradisjonsmusikken og –dansen vår og alle menneska knytta til denne sjangeren.

Dette er det verdfulle.

Starta ei tilnærming

Organiseringa av feltet har inga verdi i seg sjølv, bare i kraft av å vere ein god reiskap.
Derfor må vi våge å tenkje endring; gje slipp på noko, og byggje noko nytt – slå gode krefter saman, og få ekstra god utteljing.

Landslaget for Spelemenn og Norsk Folkemusikk- og Danselag har starta ei tilnærming, dei tilsette i administrasjonane samarbeider nå innanfor informasjonsfeltet og i arbeidet for dei profesjonelle utøvarane. Dette er tenkt som ein god start – og eg er optimistisk i trua på vidare utvikling, som og vil omfatte resten av den organiserte delen av feltet.

Spel syng og dans

Organisasjonane samarbeider allereie om viktige grep for å møte nye utfordringar, moglegheiter og krav som Staten gir uttrykk for gjennom Løkenutvalets innstilling om ei omlegging av tilskotsordningane – og den Stortingsmeldinga om det rytmiske feltet, som Kulturdepartementet vil legge fram om kort tid.

Lokallag, tradisjons- og rekrutteringsarbeidet er den viktige basisen som alt byggjer på. Formidlinga er drivkrafta vår! Oppgåva nå er å skape enno betre strukturar for utøvarar, arrangørar, fagmijø, kultupolitisk arbeid og ressursutnytting.

Vi må våge å sleppe taket – og tenkje nytt saman.

Dette arbeidet gler eg meg til – og eg ser og fram til at nye sameinte krefter skal overta – akkompagnert av ein drivande springar!

Spel, syng og dans!

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Blodtur til København

Blodtur til København

I midten av januar dro ein full buss frå Oslo og omland til København med Tuvas Blodklubb. Sjå korleis det gjekk med "den norske invasion” på dansk folkemusikkfestival.

Slik ble jeg en diva

Slik ble jeg en diva

KRONIKK: – Jeg må slutte å late som om forståelsen av sangerens rolle i jazzmusikken ikke henger sammen med likestilling og en kjønnsdefinert og forutinntatt forståelse av hva sangere befatter seg med.

Ballade video: Trygghet og kontroll

Ballade video: Trygghet og kontroll

På utstilling med Himmelleite, Luna Mare, Andie Loui, Maizu & Richard, Kristine Blir Rapper, Kamelen, Rule Of Two og Clawfinger.

Mari Boine hedret

Mari Boine hedret

Artist og låtskriver Boine fikk ærespris for langt og betydningsfullt virke. Og avslører at hun skriver på ei bok.

Adama Janlo lar seg ikke stanse av musikalske grenseposter

Adama Janlo lar seg ikke stanse av musikalske grenseposter

Fra Sagene til Mississippi-deltaet, via Senegal og Gambia – Adama Janlo er Norges mest oppsiktsvekkende tilskudd til den tradisjonelle bluesen, og hun er ikke redd for å hente inspirasjon utover det forventede.

Se alle saker
Konserttips Oslo
Serier
Video
Radio