Oslo Kammerkor februar 02 2019-6.2

En kulturskole for alle?

Styreleder Lidvin Osland i Norsk Kulturskoleråd (tidligere Norsk Musikk- og Kulturskoleråd) følger her opp debatten som har pågått rundt kulturskolens fremtid denne høsten. Vi bringer her videre Oslands leder fra desemberutgaven av tidsskriftet «Kulturtrøkk».

Kalender

Oslo Operafestival OPERAKONSERT

17/09/2021 Kl. 19:00

Oslo

Oslo Operafestival OPERAPERLER

17/09/2021 Kl. 21:00

Oslo

Oslo Operafestival – Lørdagsopera

18/09/2021 Kl. 15:30

Oslo

Ein av hovudgrunnane til at Norsk Kulturskoleråd i fleire år jobba for å få til ei lovfesting for norske musikk- og kulturskolar var tanken om ein kulturskole for flest mogleg born og unge i heile landet – i praksis ein kulturskole for alle.

Det er nyleg etablert ei ordning med 20 frikommunar som får rammetilskot i staden for øyremerka tilskot – også til kulturskolen. Dei fyrste signala er alt komne – det som var øyremerka tilskot til kulturskolen vert nytta til andre føremål, og spørsmålet om auka elevbetaling langt utover kr. 1600,- pr. år er reist.

Timesatsen i dag er på berre 69 kroner, og denne har ikkje auka på ti år. Skal den norske kulturskolen være for alle, må dette tilskottet aukast til 100 kroner timen, minst!

Kommunar som slit med skral økonomi har ikkje råd til å gje sine innbyggjarar eit godt kulturskoletilbod med ein timesats på 69 kroner, og resultatet kan bli at elevkontingenten aukar. Langt dei fleste av landets kommunar har i dag ein årskontingent som ligg på maksimumssatsen,1600 kroner.

Ved sida av skral kommuneøkonomi er gjeldande refusjonssats frå staten største hinderet i høve til målsettinga.

Musikk- og kulturskolen var eigentleg meint som eit opplæringstilbod som ikkje skulle være avhengig av elevane sin økonomi, og elevbetalinga har allereie nådd ei smertegrense.
Norsk Kulturskoleråd vil kjempa med nebb og klør for å få auka timesatsen drastisk, og vi vil ikkje sitja roleg og sjå på at den norske kulturskolen berre vert eit tilbod til born av foreldre med god råd.

Utdanningsminister Trond Giske deler nok dette synet med oss, men no må det handlast før det er for seint. Dette bør verte Giske sin julepresang til born og unge i heile landet.

Lidvin Osland (styreleiar)

For å kommentere her må du ha en Facebook-konto. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du sende oss en e-post.

Stillinger

Kirkemusiker

Tromsø kirkelige fellesråd

Markedsansvarlig

Kirkelig Kulturverksted AS

Prosjektleder

Norsk ressurssenter for klassisk musikk

Redaktør

Periskop

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev