Sildajazz ,mobil 2

Ein halv million til skulekorpsa i Hordaland og Sogn & Fjordane.

Det vart 15. januar underteikna ein avtale der Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap vart hovudsponsor for skulekorpsa på Vestlandet. BKK vil i 2002, med mogleg forlenging, gå inn med kring 500 000 kroner i året til skulekorpsa i fylka.

Kalender

Västanå Sessions

02/08/2024 Kl. 18:00

Hopalong AKA i bakgården på Folk

03/08/2024 Kl. 19:00

Oslo

Féile Oslo 2024

15/08/2024 Kl. 19:00

Oslo

Féile Oslo 2024 åpningskonsert

15/08/2024 Kl. 19:00

Oslo

Støtta er i følge ei pressemelding frå Norges Musikkorps Forbund delt i to:

BKK-fondet: ei rekkje korps i dei to fylka vil nyta godt av denne sjekken. Kvart korps søkjer etter enkle kriterium, og svarer på eit spørjeskjema om familien sitt førehald til kraftleverandøren sin.

BKK-tilskot til sommarkurs: BKKs sommarkursstipend vert gjeven til korps som ikkje har økonomi til å senda medlemmer på NMFs sommarkurs. Slik vil fleire korpsmusikantar koma seg på sommarkursa. Dette vil mellom anna vera
med på å halda på musikantar i nystarta korps.

I tillegg vil BKK stilla med minst ein av sine sponsorstøtta idrettsnamn på eit NMF-arrangement.

NMF Hordaland/Sogn og Fjordane er svært glade for at BKK ser verdien av dei lokale skulekorpsa i kraftfylka , og så aktivt støttar skulekorpsa våre.

— Dette er ein merkedag med kraft i tonene seier ein jublande generalsekretær i NMF, Trude H. Drevland.

Krinsleiarane Steinar Mangersnes og Bodil Bjørlo Takle gler seg til å fordela BKK-midlar til den positive skolekorpsungdommen i dei to fylka.

For meir informasjon om NMF, sjå: http://www.musikkorps.no/Hordaland og http://www.musikkorps.no/SognogFjordane/

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.