Ektefolk_263

Digital innkjøpsordning: – Tek berre stiling til politikarane sine løfter

Samstemt-organisasjonane, med FONO i spissen, meiner at politikarane har lova ei ny digital innkjøpsordning. Denne ordninga vil dei ha innført umiddelbart, trass i at Norsk kulturråd ikkje tykkjer forslaget frå bransjen er hensiksmessig.

Av Sigrun Åland
Mandag denne veka, skreiv Ballade om Norsk kulturråd sine vurderingar av ei eventuel ny digital innkjøps- og utlånsordning. Rådet si vurdering, sendt til departementet i midten av mai, er prega av sterk tvil om etableringa av ei digital innkjøpsordning og digital distribusjon er formålstenleg.
FONO sit på detaljane
Det lukkast oss diverre ikkje å komme i kontakt med alle frå Samstemt. Både Norsk Rockforbund og Norsk Jazzforum presiserer imidlertid at dagens innkjøpsordning ikkje er tilpassa røynda, og at det trengst ei ny. Vidare understrekar dei at FONO har mest detaljar i saka. På spørsmål om kva rolle organisasjonane, sett vekk frå FONO, har hatt i utarbeidinga av Samstemt sitt innspel til statsbudsjettet, svarar Camilla Slaattun Brauer frå Norsk Jazzforum følgjande:
— Både Norsk Rockforbund og Norsk Jazzforum har hatt meir med arrangørstøttebiten å gjere. Vi kjenner ikkje detaljane i saka like godt som FONO gjer.
Men, er det ikkje vanskeleg å sette namnet sitt bak eit krav på 50 millionar statlege kroner, når ein ikkje kjenner alle detaljane?
— Vi kjenner jo definitivt saka, og vi har diskutert den i ei rekkje møter. FONO har likevel best oversikt på detaljplan per dags dato. Om du derimot lurer på noko som har med arrangørstøtte å gjere, kan eg svare nermare på dette.
50 millionar er ikkje eit stort tal
For å få eit meir detaljert svar, tok vi oppmodinga og kontakta Larry Bringsjord som er styreleiar i FONO. Han tykkjer ikkje Samstemt sitt krav om 50 millionar er urimeleg, tvert i mot.
Kva er dine reaksjonar på norsk kulturråd sine vurderingar av ei eventuel ny digital innkjøpsordning?
— Vi tek berre stilling til løftene som vart givne av politikarane i kulturløfte II, og tykkjer det er heilt håpløst om desse bestemmelsane ikkje skal bli gjennomført no. Det handlar rett og slett om tillit til politikarane.
Er det ikkje mykje å forvente heile 50 millionar kroner av statsbudsjettet til dette?
— Nei, 50 millionar er ikkje noko stort tall. Vi vil jo gjerne bli økonomisk likestilt med innkjøpsordninga for bøker, og den summen som per dags dato vert bevilga til musikk, kan ikkje eingong brukast som målestokk.
Kulturrådet set spørsmålsteikn til i kva grad ei utvida innkjøps og utlånsordning er naudsynt, og viser til at norsk musikk er godt representert både på streaming-tenester som Spotify og WiMP, og på nettbutikkar som iTunes og Musikkonline. Kva er dine tankar om dette?
— Vi er ikkje interessert i å vere ein konkurrent til det kommersielle. Innkjøpsordninga av digital musikk er jo retta inn mot bibliotekene, og ein kan ikkje byrje å «streame» Spotify med reklameavbrot der. Vi er rett og slett interessert i å spre musikken i andre kanalar, med ei anna tilgjengelegheit. Det er rart at marknaden skal rå i ei slik sak.
Kulturrådet avviser ikkje å bevilge meir midlar til innkjøp av digital musikk på sikt. Dei hevdar også at digital musikk allereie er inkludert i den eksisterande innkjøpsordninga, og at dei vil følge marknadssituasjonen for å sjå om behovet for ei utvida ordning melder seg. Trur du det er teneleg å sette dette prosjektet på vent?
— Som sagt tek vi berre stilling til politikarane sine løfter. Om marknaden skal rå i denne saka, tykkjer vi det er bekymringsverdig. Politikarane har lova ei utvida digital innkjøpsordning, og den vil vi ha innført umiddelbart!

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Mari Boine hedret

Mari Boine hedret

Artist og låtskriver Boine fikk ærespris for langt og betydningsfullt virke. Og avslører at hun skriver på ei bok.

Adama Janlo lar seg ikke stanse av musikalske grenseposter

Adama Janlo lar seg ikke stanse av musikalske grenseposter

Fra Sagene til Mississippi-deltaet, via Senegal og Gambia – Adama Janlo er Norges mest oppsiktsvekkende tilskudd til den tradisjonelle bluesen, og hun er ikke redd for å hente inspirasjon utover det forventede.

Ballade på Tidsskriftbonanza: Samtale med Peter Case & Sid Griffin

Ballade på Tidsskriftbonanza: Samtale med Peter Case & Sid Griffin

En sjelden mulighet til å møte to amerikanske legender, når Balladeskribent Arvid Skancke-Knutsen snakker med Peter Case & Sid Griffin på Deichman Grünerløkka torsdag 5. mars.

Å være musikalsk i et etisk perspektiv

Å være musikalsk i et etisk perspektiv

Under festivalen "Ding-dong eller dong-ding?" 4. mars vil pianist Ellen Ugelvik og musikkterapeut Gro Trondalen utfordre publikum til å reflektere over hva det egentlig betyr å være musikalsk, også i et etisk perspektiv.

Norske arrangører om «de fire store» og internasjonal konkurranse

Norske arrangører om «de fire store» og internasjonal konkurranse

Får «de fire store» i livemarkedet for mye makt? NKA-lederen peker på maktskifter som kan skape en ubalanse i resten av feltet.

En ny vår for norsk opera: To × opera off-Bjørvika

En ny vår for norsk opera: To × opera off-Bjørvika

Ballades klassisk-anmelder Ola Nordal opplevde nylig operaene «Heroin Chic» og «Nokon kjem til å komme» på Parkteatret i Oslo. I denne dobbeltanmeldelsen prøver han å fange noe av det som skjer i norsk operaproduksjon.

Se alle saker
Konserttips Oslo
Serier
Video
Radio