Oliver Nelson: The Blues and the Abstract Truth

Abstrakt sanning kan vere ganske slåande

- Studio Sokrates er eit eigenarta radioprogram som NRK sender kvar laurdag – det handlar om både jazz og filosofi, nokså parallelt. I programmet deltek ein progamleiar, ein filosof og Knut Borge - i tillegg til mange døde og levande jazzmusikarar på plate. Den 3. mars lura dei litt på abstrakt sanning, men la det vekk utan å gå meir inn på kva det kunne innebere, skriver Kjell Håve, som tar tak i nettopp dette aspektet i sitt innlegg.

Av Kjell Håve

Den 3. mars lura dei litt på abstrakt sanning, men la det vekk utan å gå meir inn på kva det kunne innebere. Uttrykket forekjem i nament på den førti-femti år gamle jazzplata ”The Blues and the Abstract Truth”, der stjernearrangøren Oliver Nelson leiar ein septett av topputøvarar – engasjert for høvet – i Nelsons komposisjonar.

Problemet med å finne ut av dette trur eg beror på at ein oppfattar abstrakt som astralt, eller esoterisk, noe mystisk ein må trenge inn i.

Matematikkens sanningar

Eg veit ikkje kva Oliver Nelson meinte – det kan vere muleg at han var opptatt av samanhengen mellom musikk og matematikk (matematikkens sanningar) og såleis signaliserte ei tilnærming til europeisk kunstmusikk, men det antyder igjen at musikken på plata ligg innafor den stilen som vart kalt ”Third Stream”, og det gjer den ikkje.

Det kan jo hende at dei som komponerte tittelen hadde hovudet vendt i denne retninga, men om Nelson og hans folk hadde hatt det, ville dei ikkje vore i stand til å skape jazzens vakraste enkeltprodukt: ”Stolen Moments”, den karakteristikken gjeld iallfall ensemblespelet i opninga – før Freddie Hubbard begynner å øydelegge leppene sine (soloen hans er uansett flott og integrert).

Enkelte jazzinnspelingar har overgått Ellington og Strayhorn med omsyn til venleik, her er ei. (Diverre har den seinare blitt mobba eller sampla eller kva det heiter.)

Auditivt vesen

Og her er eg ved den andre mulege forklaringa, og den som appellerer til meg: Enkelte andre kutt på plata er kanskje meir matematiske, men ”Stolen Moments” er av den typen musikk som kan få lyttaren til å bli meir enn eit auditivt vesen, til å føle at slik skal det vere, at bak dette ligg ingen kalkylar, dette er noe ukjipt, noe rett – når du er i dette området, treng du ikkje, kan du ikkje lyge.

Ein føler at løgna ikkje kan vere i denne musikken.

Slike opplevingar treng ikkje vere knytta til rein venleik, men til eventuelt for eksempel hardtslåande så vel som formfullendte soloar. Noe som følast rett. Det etiske flyt inn i det estetiske, det er ikkje murar mellom dei to – i motsetning til kva ein kan ha opplevd i Sokrates studio-stadium, inspirert av S. Kierkegaard.

Verbal kultur

Kulturen i vår tid er altfor verbal og ser på musikken som noe som skal tene orda. Dermed blir sanning til informasjon, og musikken får problem: den kan vanskeleg informere (enten no attgjevinga er analog eller digital).

Var det ikkje ei plate med namnet ”The Preacher”? Var ikkje den instrumental? Var det ikkje ein saksofonist frå Kansas City som vart betrakta som ein slags profet? Han song da aldri ei tone, ikkje fuglesong ein gong.

Til slutt grip vi til eit stort namn i amerikansk musikk: William Geary Johnson. Han var meir kjent under oppnamnet Bunk – verken det namnet eller han sjølv var særleg astralt eller mystisk, heller nærmast fysisk nærverande. Han var ein av dei berømte New Orleans-trompetistane i jazzens barndom og fekk eit stort og merkverdig comeback som aldrande på førtitalet. Bunk Johnson sa: ”You Can’t Lie In Jazz.”

Ordet abstrakt betyr ikkje vagt eller skoddeaktig. Men det er altså ikkje alt som er verbalt eller informativt.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Ballade klassisk: Jeg har delte meninger

Ballade klassisk: Jeg har delte meninger

Denne gangen er det delte meninger i enmannsredaksjonen Ballade klassisk.

Ny mentorordning for unge orkestermusikere fra nord

Ny mentorordning for unge orkestermusikere fra nord

Musikkstudenter fra Nord-Norge kan nå søke opptak til mentorprogrammet Arktisk Mentor Arena. Programmet skal gi unge orkestermusikere erfaring, veiledning og et springbrett til profesjonell karriere.

Fuglefjellet som mista stemmen

Fuglefjellet som mista stemmen

Et stilnet fuglefjell åpner festival.

Blodtur til København

Blodtur til København

I midten av januar dro ein full buss frå Oslo og omland til København med Tuvas Blodklubb. Sjå korleis det gjekk med "den norske invasion” på dansk folkemusikkfestival.

Slik ble jeg en diva

Slik ble jeg en diva

KRONIKK: – Jeg må slutte å late som om forståelsen av sangerens rolle i jazzmusikken ikke henger sammen med likestilling og en kjønnsdefinert og forutinntatt forståelse av hva sangere befatter seg med.

Se alle saker
Konserttips Oslo
Serier
Video
Radio