© Presse

Stort og smått på Nattjazz

ANMELDELSE: Duoen Glow, med sitt lågmelte, minimalistiske uttrykk, gjorde større inntrykk enn det enorme Fire! Orchestra ved årets Nattjazz, meiner Olav Opsvik.

Nattjazz i Bergen hadde i år eit imponerande og variert program med alt frå legender som Wayne Shorter og Billy Hart, til eksamenskonsertar ved Griegakademiet, impro- og frijazzkonsertar og meir poporientert musikk som Miss Tati og The Fjords.

Til trass for at heile USF Verftet er i sving og omkransar festivalen skapar ikkje Nattjazz den festivalkjensla ein får ved tilsvarande arrangement, der ein gjerne har jazzmusikk utandørs på dagtid og større variasjon med omsyn til lokale. For ein entusiast er det dermed varierte programmet som fengar, og under er to konsertar som gjorde festivalen verdt besøket, også fordi dei representerer ytterpunkta av mellom det storslagne og intense, og det konsise og mest minimalistiske på festivalen.

Ikkje heilt brennbart
Den svenske trioen Fire!, med den brutale saksofonisten Mats Gustafsson i spissen, har blitt utvida til eit stjernelag av eit 27-manns orkester: Fire! Orchestra. Både bandnamnet, dei fleste bandmedlemmane og forbindinga til Gustavsson skapar forventingar til ein heftig passasje, men etter konserten på Nattjazz sat eg diverre att med ei kjensle av noko uforløyst.

Martin Hederos bak Rhodesen leia an første låt med eit enkelt, men like mykje sterkt og effektfullt bluesriff. Fleire i orkesteret henger seg på, og Mariam Wallentin, kanskje mest kjent som vokalist i duoen Wildbirds and Peacedrums, stal fokuset med si dramatiske og rungande stemme. Hennar medsamansvorne trommeslagar frå nemnte duo, Andreas Werlin, var dominerande med omsyn til den rytmiske profilen, med tunge bluesrockrytmer og bakoverlente brekk.

Etter kvart som heile orkesteret meldte seg på auka intensiteten veldig. Likevel var det svært kontrollert heile vegen. Musikken tok også brå vendingar, som då alt braut ned og Sofia Jernberg tok over rolla som leiande vokalist, i byrjinga heilt åleine, med eit intens strekk av støyande og høgfrekvente lydar.

Kontrastar
Jernbergs stil står i sterk kontrast til Wallentin. Der Wallentin hellar mot det meir pompøse, har Jernberg eit mikroskopisk fokus på små, lyse tonar, klikking og så bortetter. Og det er slike kontrastar mellom sterke individualistar som gjer Fire! Orchestra verdt pengane. Eit anna døme er skilnaden mellom den rocka stilen til Andreas Werlin og den eldre frijazznestoren Raymond Strid, som spelte små, vilkårlege fanfarar og kvikke vendingar til og frå ulike delar av settet og med alskens perkusjonstilbehør.

Sjølv om konserten varierte med omsyn til fokus på ulike instrumentalistar og ulike konstellasjonar mellom desse, blei det eit svært føreseieleg mønster i det overordna biletet. Dei byrja gjerne med små konstellasjonar og bygde opp intensiteten medan fleire og fleire meldte seg på, og klimakset kom då heile blåserekka var i sving. Og så braut dei det raskt ned igjen til ein ny start.

Fire Orchestra ved en konsert i København, januar 2014

Eit gir for lite
På dei mest intense strekka hadde Miriam Wallentin rolla som dirigent, der ho gjennom enkle handteikn instruerte og slo inn ulike delar av blåserekka, samt tidvis andre delar av bandet. Kanskje var det denne ordninga som stoppa orkesteret for å nå dei formtoppane eg higa etter som lyttar.

Eit konkret døme på dette var då Wallentin avbraut eit strekk midt i eit fabelaktig kor av saksofonist Fredrik Ljungkvist (kanskje mest kjent frå Atomic). I tillegg til små augneblink med forvirring resulterte denne maktstrukturen også i 26 musikarar som heile tida venta på å bli avslått. Dermed fekk dei aldri rive seg heilt laust og late musikken ta dei dit den ville.

Glødande minimalisme
Duoen Glow skapar intens og elegant minimalisme, og under konserten ved Nattjazz demonstrerte dei korleis små, men sterke og gode idear, kan stå støtt utan verken tak eller veggar.

Glow er pianist Øystein Skar, for tida mest aktiv med popgruppa Highasakite, og trommeslagar Øyvind Hegg-Lunde, også til dømes kjent for trommeduoen Crab is Crap med Øyvind Skarbø. Saman utforskar dei andre landskap enn eg har høyrt dei operere i tidlegare, der det mest karakteristiske kjenneteiknet for musikken er ekstremt minimalistiske, rytmiske motiv, gjerne med berre ein einskild repetert tone som base for komposisjonane.

Slike distinkte og enkle idear blei langsamt og tålmodig utvikla i kvar låt gjennom konserten og saman skapte Skar og Hegg-Lunde eit kontrollert og sofistikert uttrykk som gav ein mediterande og fengslande effekt.

Jamstilte
Det rytmiske fokuset fekk fram det perkussive i pianoet, i tillegg til at dei minimalistiske, jamt repeterte rytmiske aspekta danna eit klårt og oversikteleg lydbilete der kvar enkelt lyd frå kvart enkelt slag blei svært tydeleg. Dermed blei til dømes også den tonale klangen, faktisk tidvis sjølve grunntonen, i kvar symbal på trommesettet også mykje meir i fokus for meg som lyttar enn det vil vere elles.

Slik blei pianoet like mykje eit rytmeinstrument og trommesettet like mykje eit melodiinstrument (i den grad det var noko særleg melodisk fokus), og vidare førte dette til eit svært jamstilt forhold mellom dei to instrumenta og instrumentalistane som trakterte dei.

I tillegg til at komposisjonane sin natur skapte desse tilhøva, spelte også mykje av utstyret Hegg-Lunde ei rolle for å jamstille dei to. Med til dømes ein liten xylofon og ei høgfrekvent, lita bongo-tromme blei melodiske element meir framtredande frå den kanten, og eg trur også dei tynne blomsterpinnane han nytta som trommestikker fekk fram nyansane i overtonespekteret til symbalane i større grad enn vanlege stikker ville gjort.

På samme måte bidrog Skar si preparering av pianoet til å framheve perkussive effektar. Det beste dømet på dette, som kanskje også var den mest effektfulle prepareringa, var då han la ein symbal over dei mørkaste strengane på flygelet.

Jamstillinga mellom dei to førte til at eg ikkje lenger høyrte på ein piano-tromme duo, men fekk eit meir universelt forhold til utøvarane som musikkskaparar som gradvis bygde klanglege landskap i rommet føre meg.

Impotente synthar
Ein klar nedtur kom nesten kvar gang Skar skifta frå flygel til digitale hjelpemiddel, altså to klaviatur hjelpt av ein laptop. I forhold til dei klanglege kvalitetane i flygelet og trommesettet blei synthlydane han la fram spinkle og impotente.

Dette kunne blitt løyst med større overtonespekter i synthlydane og kanskje den varmare lyden av ein god analog synth også hadde gjort ein betre jobb. Slik det var under denne konserten hadde det vore betre å ikkje nytte synthesizer i det heile.

Gjennomført
Den store styrka i Glow ligg i dei distinkte idéane og en reindyrka minimalismen som gjer det heile til eit tydeleg og gjennomført prosjekt. Samtidig får dei utfordra og utnytta potensialet som ligg føre i eit slikt format, innanfor dei tydelege premissa dei sjølv har sett.

Soleis skapte Glow større opplevingar med sin vesle musikk enn det svære frijazzorkesteret Fire! klarte denne gangen. I mylderet av meir eller mindre opphause konsertopplevingar på norske jazz-festivalar er det ofte det nye og ukjente som gjer sterkast inntrykk. Likevel var begge konsertane rike opplevingar og lyspunkt i ein elles litt for anonym festival.

Nattjazz 2014 gjekk føre seg 22.- 31. mai. Dei aktuelle konsertane var høvesvis 26. og 28. mai. Ballade var tilstades mellom 26. og 29. mai.


Konserttips Oslo
Serier
Video
Radio