Vil du vere med å lage Skandinavias største folkemusikkfestival? Førdefestivalen har ledig vikariat som produsent (100%).
Vår produsent skal ut i permisjon og vi har derfor ledig vikariat frå april 2026 – 1. september 2027.
Under slagordet ‘Verda kjem til Førde’ har Førdefestivalen i over 30 år invitert publikum i alle aldrar til å oppleve folkemusikk frå heile verda frå 30 store og små arenaer, inne og ute. Festivalen har opparbeidd seg eit solid internasjonalt renommé, og er eit viktig utstillingsvindauge for norsk og nordisk folkemusikk. Den internasjonale folkemusikkfestivalen vert arrangert over 5 dagar i juli (veke 27) kvart år. Festivalen er og ein viktig heilårsarrangør gjennom Bornas Verdsdag Førde i november, konsertar heile året og turnétilbodet VestaFolk. Administrasjonen (4,5 årsverk) held til i Førdehuset i Førde.
Dei viktigaste arbeidsoppgåvene vil vere:
- Planlegging og gjennomføring av arrangementa på festivalen og gjennom året
- Kontraktar og kontakt med teknisk leverandør, artistar og andre aktørar
- Oppfølging av samarbeidspartar og -prosjekt
- Budsjett-, søknads- og rapporteringsarbeid
Vi ser etter deg som:
- Har erfaring frå arrangørverksemd, festivalarbeid eller prosjektleiing
- Er strukturert, nøyaktig og løysingsorientert
- Er engasjert og initiativrik, med stor arbeidskapasitet
- Likar og har evne til å jobbe med fleire oppgåver parallelt
- Har gode kommunikasjonsevner
- Har godt språk munnleg og skriftleg på norsk (nynorsk) og engelsk
Det er ein fordel om du har relevant høgare utdanning og kunnskap om og interesse for folkemusikk.
Stillinga er eit vikariat med ønska oppstart frå 7. april 2026, med varigheit til 1. september 2027.
Arbeidsdagen vil vere variert med tidvis stor arbeidsmengde, periodevis også kveld og helg. Fleksibel arbeidstid. Løn og oppstart etter avtale. God pensjonsordning.
Førdefestivalen nyttar nynorsk. Arbeidsstad er Førdehuset i Førde.
Stillinga rapporterer til direktør.
Søknadsfrist 23. februar.
For spørsmål, kontakt direktør Sølvi Lien på epost solvi.lien@fordefestival.no eller på tlf. 41 69 23 78
Send søknad med CV på epost til solvi.lien@fordefestival.no


































