Frist
18/05/2025

Søknad leveres
Søknadsskjema

Område
Vestland

Stillingstype
Offentlig
Institusjon
Fast
Heltid

Nettside


Om virksomheten

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.



Kulturskulerektor

Øygarden kommune

Vil du vere med å forme ein kulturskule for framtida i Øygarden kommune?

Øygarden kommune er ein vekstkommune med nær 40000 innbyggarar som har som visjon å vere eit fyrtårn i vest.

Kulturskulen gir opplæring innan kunst- og kulturfag som er tilpassa ulike aldersgrupper. Målet er å bidra til å bygge born og unges estetiske, sosiale og kulturelle kompetanse og evne til kritisk refleksjon og sjølvstendige val. Kulturskulen skal ivareta både bredde og talent, og ha et variert tilbod. Her kan born og unge prøve seg fram og fordjupe seg i det dei har interesse for. Det er også ein stad å møte venner og ta del i eit fellesskap. Kulturskulen er heimla i Opplæringslova §26 og Barnekonvensjonen artikkel 31 og følger Rammeplanen for Kulturskolen, Kulturskole for alle.

Vi søkjer ein dyktig og utviklingsorientert leiar med gjennomføringsevne for kulturskulen i kommunen.

Kulturskulerektor er ein del av leiargruppa til kultursjefen og rapporterer til den. Kulturskulerektor har det øvste ansvaret for kulturskulen i kommunen. Hovudbase og kontor ligg på Liljevatnet.

Leiingskompasset med verdiane modig, stolt, med glød og på lag gjev retning for korleis vi utøvar leiarskap i kommunen.

 

Ansvarsområde

  • strategisk utvikling av kulturskulen
  • organisasjons-, fag- og kompetanseutvikling
  • dagleg drift og leiing
  • budsjett, økonomi- og verksemdstyring
  • personalansvar
  • kvalitet, helse, miljø og tryggleik
  • marknadsføring og kommunikasjon
  • ulike arrangement
  • samhandling med oppvekstfeltet og kulturlivet i kommunen
  • samarbeid med UH-sektoren
  • partssamarbeid

 

Kvalifikasjonar

Aktuelle kandidatar må ha:

  • Høg kunstfagleg kompetanse, med minimum 3 års formell kunstfagleg utdanning innan kunst-, teater-, dans- eller musikkfag
  • Leiarutdanning, relevant leiarerfaring eller anna realkompetanse
  • Minimum 3 års erfaring frå kulturskule
  • Gode datakunnskapar

I tillegg kan det vere ein fordel med:

  • Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
  • Dokumentert kompetanse på leiing av kulturskulens utviklingsarbeid

Personlege eigenskapar:

  • Gode leiareigenskapar og samarbeidsevner
  • Kreativ, initiativrik og løysningsorientert
  • Strukturert og god til å planlegge
  • Kan engasjere og motivere
  • Snarrådig og har gjennomføringskraft
  • Har ei heilskapleg tilnærming og er medviten om kulturskulen sitt samfunnsansvar

Vi tilbyr:

  • ei utfordrande og spennande stilling
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • engasjerte og kunnskapsrike kollegaer

 

Kontaktperson:

Kultursjef Marian Guddal Hansen, telefon 988 53 282.

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Flere saker Se alle saker
Konserttips Oslo

Serier
Video
Radio