Frist
13/05/2024

Søknad leveres
Søknadsskjema

Område
Vestland

Stillingstype
Offentlig
Organisasjon
Fast
Heltid

Nettside


Om virksomheten

Alver kommune – Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!

Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.

Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.

Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.

Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.



Distriktsmusikar messing

Alver kommune

Om stillinga

Me har ledig ei 100% fast stilling som distriktsmusikar på messinginstrument.

Alver kommune er ein stolt korpskommune, med lange og sterke korpstradisjonar.  I samarbeid med Vestland fylkeskommune lyser me no ut ein utøvande og kompetansebyggande musikarstilling.

Stillinga er delt i to områder. Undervisningsdelen utgjer 50% og består av instruksjon og opplæring til korps, kursing og seminarverksemd, samt instrumentalopplæring i kulturskulen.

Utøvardelen utgjer 50% og kan til dømes bestå av konsertverksemd i samarbeid med lokalt og regionalt musikkliv, andre musikarar eller distriktsmusikarar, konsertar for barn og unge i den kulturelle skulesekken, arrangement og events i samarbeid med næringslivet.

Me søkjer deg som vil fremje lokal musikkultur, ta aktiv del i utviklinga av korpskommunen Alver, og fremje musikken som del av lokalsamfunnet gjennom utøvande verksemd og opplæring.

Stillinga er organisert i tenesteområde kultur / Alver kulturskule, og er delt i ein utøvande del og ein kompetansedel med opplærande oppgåver.  Du trer inn i eit kompetansesterkt og engasjert kollegium i ein bevisst kulturkommune.

Me ønskjer deg som trivst med å jobbe aktivt og oppsøkande, skape arbeid og inntekt og leie fram kunstnarisk og kompetansebyggande verksemd.

Stillingsfunksjonen vil ha inntektskrav, som du må trivst med å jobbe etter. Me godtek både grov- og finmessing, men søkjarar må ha hovudkompetanse på instrument som eignar seg for solospel.

Kvalfikasjonskrav

Utøvande musikkutdanning med eit messinginstrument som hovudinstrument, minimum bachelor/4 år eller høgare

  • Utdanninga må vere NOKUT-godkjent
  • Godkjent prøvespel for denne stillinga (sjå nedanfor)
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B

Me vil setje krav til personleg eignetheit, erfaring og engasjement for utøvande, skapande og inntektsretta kunstnarisk og musikalsk verksemd.

Me søkjer deg som har følgjande erfaring:

  • som utøvande messingmusikar i ensemble og solo
  • frå prosjektretta musikarverksemd, kunstnarisk produksjons-/innhaldsarbeid og inntektsgenererande verksemd
  • med formidling, instruksjon, direksjon og opplæring både til barn og vaksne
  • med arrangering av musikk og gjennomføring av framsyningar

Du må legge ved kunstnarisk CV, i tillegg til vanleg CV.

Om prøvespel

Me kallar først inn til prøvespel for stillinga.  Dette består av ein sjølvvald del på om lag 15-20 minutt, ein minikonsert (ca. 10 min) for ei gruppe skuleelevar og ein samtale. Dato for prøvespel vert informert om i god tid. På prøvespelet vil det vere ein fagpanel samansett av ein eller to ekstern(e) sensor(ar), samt representantar frå Vestland fylke, Alver kulturskule, HR og tillitsvald.  Kandidatar må bestå prøvespelet for å kunne verte vurdert for vidare prosess og intervju.


Flere saker Se alle saker
Konserttips Oslo

Serier
Video
Radio