Frist
15/03/2024

Søknad leveres
Søknadsskjema

Område
Møre og Romsdal

Stillingstype
Offentlig
Institusjon
Fast
Heltid

Nettside


Om virksomheten

Kulturavdelinga utfører tenester innafor arbeidsfelta ungdomsarbeid, folkehelse, rus- og kriminalitetsførebyggande arbeid, idrett og friluftsliv, frivilligsentral, kulturskole, bibliotek, samt kulturformidling og lokalhistorisk arbeid. Viktige samarbeidspartar for tenestene er alle som engasjerer seg som frivillige, det frivillige kulturlivet og einingane i kommunen. Kultur har delt drifta inn i ni ulike sjølvstendige fagområde. Den store bredda i fagfelta vert utnytta som ei styrke i utviklinga av kulturfeltet i kommunen.



Kalender

Lørdagsopera

20/04/2024 Kl. 16:00

Oslo

OperaFest!

20/04/2024 Kl. 19:00

Viken

Operapub på Grønland Boulebar

20/04/2024 Kl. 19:00

Oslo

Legg til arrangement
Se alle

Kulturskolelærar song og fagleiar musikk

Aukra kulturskole

Det er ledig inntil 100% fast stilling som vokallærar (80%) og fagleiar (20%) frå og med 01.08.2024

Beskriving av arbeidsstad
Aukra kulturskole har ca. 270 elevplassar og 12 tilsette innan musikk, dans, teater og kunst. Kulturskolen flytta i 2022 inn i nye lokalar i Aukra kulturhus som ligg midt i Aukra sentrum. Undervisninga går føre seg på øya Gossen og på fastlandet ved Julsundet skole og fleirbrukshus. Kulturskolen samarbeider tett med kommunens frivillige kulturliv og kommunen sine øvrige tenestetilbod. Aukra kulturskole er organisert under eining for kultur saman med bibliotek, frivilligsentral, kino, basseng, ungdomsarbeid, kulturformidlar, folkehelsekoordinator, SLT koordinator og LOS.

Arbeidsoppgåver

Fagleiar 20%, kan kombinerast med undervisning.

  • Skoleadministrative oppgåver som inn- og utmeldingar, elevregister, timeplanar, vikarløysing, elevfakturering.
  • Fagleiar for musikkteamet.
  • Team og utviklingsarbeid.
  • Planlegging og medansvar for gjennomføring av kulturskolen sine arrangement og produksjonar.

Undervisning inntil 80%:

  • Undervisning i song individuelt og i grupper.
  • Direksjon for song- og korgrupper
  • Tverrfagleg prosjektarbeid og medverknad med produksjonsutvikling.
  • Team- og utviklingsarbeid.
  • Andre undervisningsoppgåver etter behov og søkaren si kompetanse.

Kvalifikasjonar fagleiar i musikk

  • Relevant musikkfagleg utdanning på høgskulenivå
  • Kompetanse og erfaring frå arbeid i kulturskolen
  • Leiarutdanning er ønskjeleg
  • Kunnskap og erfaring med kulturproduksjonar
  • Evne til samarbeid og god kommunikasjon
  • God datakunnskap og erfaring i bruk av data som arbeidsverktøy.
  • Bruke nynorsk som målføre.

Kvalifikasjonar songlærar

  • Relevant musikkfagleg utdanning på høgskolenivå med song som hovudinstrument.
  • Formell pedagogisk kompetanse er ønskeleg.
  • Erfaring som kordirigent.
  • Kompetanse/erfaring innan drama/teater er ønskeleg.
  • Undervisningserfaring frå kulturskole og/eller grunnskole.
  • Kunnskap og erfaring med kulturproduksjonar
  • Evne til samarbeid og god kommunikasjon
  • God datakunnskap og erfaring i bruk av data som arbeidsverktøy.
  • Bruke nynorsk som målføre.

Personlege eigenskapar

  • Kreativ, engasjert og positiv.
  • Evne til samarbeid, kommunikasjon og til å bygge relasjon.
  • Evne og vilje til å lytte, motivere og samhandle med alle partar i kulturskolekvardagen
  • God teamdeltakar som kan bidra til godt miljø og utvikling innan kulturskolens fagtilbod.
  • Ha stor arbeidskapasitet, arbeidsglede og gjennomføringskraft.
  • Fleksibel og løysingsorientert.
  • Strukturert og likar å jobbe både på eiga hand og i samarbeid med andre.

Vi legg vekt på at du har dei personlege eigenskapane vi ønsker.

Vi tilbyr

  • Inntil 100 prosent fast stilling.
  • Moglegheiter til å forme og påverke eigne arbeidsoppgåver.
  • Kreativt og godt arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Kommunale tilsetjingsvilkår og løn etter tariff
  • Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk

Søknadsfrist 15.mars 2024

Kontakt
Malin Solberg, rektor,
mobil: 93266609.
E-post: kulturskolen@aukra.kommune.no

Frist
15/03/2024

Søknad leveres
Søknadsskjema

Område
Møre og Romsdal

Stillingstype
Offentlig
Institusjon
Fast
Heltid

Nettside


Om virksomheten

Kulturavdelinga utfører tenester innafor arbeidsfelta ungdomsarbeid, folkehelse, rus- og kriminalitetsførebyggande arbeid, idrett og friluftsliv, frivilligsentral, kulturskole, bibliotek, samt kulturformidling og lokalhistorisk arbeid. Viktige samarbeidspartar for tenestene er alle som engasjerer seg som frivillige, det frivillige kulturlivet og einingane i kommunen. Kultur har delt drifta inn i ni ulike sjølvstendige fagområde. Den store bredda i fagfelta vert utnytta som ei styrke i utviklinga av kulturfeltet i kommunen.