Frist
03/03/2024

Søknad leveres
Søknadsskjema

Område
Agder

Stillingstype
Offentlig
Institusjon
Fast
Heltid

Nettside


Om virksomheten

Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.



Kalender

Västanå Sessions

02/08/2024 Kl. 18:00

Hopalong AKA i bakgården på Folk

03/08/2024 Kl. 19:00

Oslo

Féile Oslo 2024

15/08/2024 Kl. 19:00

Oslo

Féile Oslo 2024 åpningskonsert

15/08/2024 Kl. 19:00

Oslo

Legg til arrangement
Se alle

Folkemusikklærar

Valle kommune

KULTURSKULELÆRAR I FOLKEMUSIKK

Ei satsing på folkemusikk og -dans i Setesdal!

Bygland, Valle og Bykle kommunar, Agder

I 2019 var vi så heldige at spel, dans og song i Setesdal vart innlemma på UNESCO si representative liste for immateriell kulturarv. Dette har skapt spennande mogelegheiter for kommunane i Setesdal. Bli med på å vidareutvikle tradisjonen og miljøet, der opplæring og rekruttering av barn og unge står i sentrum!
Dette er ei 3-årig interkommunal prosjektstilling, med gode mogelegheiter for forlenging

Stillinga kan delast på fleire personar, og du/de vil ha mange gode samarbeidspartnarar i setesdalsmiljøet og kulturskulane i Bygland, Valle og Bykle.

Arbeidsoppgaver

  • Opplæring i folkemusikk, i eitt eller fleire av kompetansefelta hardingfele, munnharpe, kveding eller folkedans.
  • Skape entusiasme gjennom folkemusikkaktivitetar for barn og unge.
  • Rekrutteringsarbeid i samarbeid med det frivillige og andre aktuelle.
  • Vere ein synleg utøvar i lokalsamfunnet.

Kvalifikasjoner

  • Ønskeleg med minimum 3-årig relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet. Realkompetanse kan kompensere for utdanning.
  • Undervisingskompetanse. Relevant erfaring/realkompetanse kan kompensere for utdanning.
  • Gjerne erfaring frå arbeid med barn og unge
  • God i norsk munnleg og skriftleg
  • God til å nytte digitale verktøy
  • Førarkort klasse B

Personlige egenskaper

  • Glad i å jobbe med barn og unge
  • Liker å jobbe sjølvstendig, men er også ein lagspelar og kommuniserer opent og godt med andre
  • Jobbar strukturert, men er også fleksibel
  • Løysingsorientert og tilpassingsdyktig
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Andre opplysningar

  • Krav om godkjent politiattest ved tilsetting
  • Stillinga inneber ein del kvelds- og helgearbeid
  • Stillinga kan delast på fleire personar
  • Du må disponere eigen bil
  • Søkjarar som ønskjer større stilling vil bli prioriterte
  • Valle kommune har arbeidsgjevaransvar for stillinga
  • Oppstart seinast 01.08.24, men gjerne før

Vi tilbyr

  • Tett samarbeid med andre fagpersonar i eit spennande, aktivt og utviklande miljø
  • Løn etter kvalifikasjonar, etter tariff
  • Hjelp med å skaffe bustad ved behov
  • God barnehagedekning
  • Gode tilbod i kulturskulane
  • Tilgang til fritidsleilegheit i Kristiansand
  • Flyttegodtgjersle etter eige reglement
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Om UNESCO Setesdal

I 2019 kom spel, dans og song i dei tre øvre setesdalskommunane Bygland, Valle og Bykle på UNESCO si representative liste for immateriell kulturarv – den utøvande kulturarven. Denne kulturskulestillinga er ei satsing for å auke rekrutteringa og skape entusiasme til folkemusikktradisjonen.

Gjennom opplæringsprosjektet Gorrlaus, eit samarbeid mellom kommunane og Setesdal Spelemannslag, får alle barn og unge opplæring i folkemusikk og -dans i barnehage og skule. Agder fylkeskommune oppretta i 2021 prosjektet Setesdalsfolk, med Annbjørg Lien som prosjektleiar. Også Setesdalsmuseet har immateriell kulturarv i sitt arbeid.

Du vil vere ein del av eit stort miljø som jobbar med UNESCO-satsing, både i det frivillige og kommunale. Setesdal Spelemannslag, Setesdalsfolk, Setesdalsmuseet og Agder folkemusikkarkiv er alle døme på naturlege samarbeidspartnarar.

Om oss

Fritidstilboda i Bygland, Valle og Bykle er mange og varierte, både sommar og vinter. Her kan du oppleve alt frå bading og båtliv i idylliske Byglandsfjorden, til bratt friluftsliv og alpinbakkar i Brokke og på Hovden. I alle tre kommunane finn du gode idretts- og kulturanlegg, flotte forhold for ski og fjellturar, sykling og klatring med meir. Vi har også eit mangfaldig organisasjonsliv, og generelt mange gode tilbod og arrangement for barn og unge.

Vi ser fram til å høyre frå deg – ikkje nøl med å ta kontakt dersom du lurer på om denne stillinga kan vere noko for deg!

CV, vitnemål og attestar skal lastast opp i Webcruiter. Dersom ei utrekning av ansiennitet skal omfatte fødsel/omsorg for barn, må fødselsattest eller anna dokumentasjon lastast opp. Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.

Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.

Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.

Kontaktinformasjon

Torunn Charlotte Nyberg, Leder/Virksomhetsleder, +4797061587

Frist
03/03/2024

Søknad leveres
Søknadsskjema

Område
Agder

Stillingstype
Offentlig
Institusjon
Fast
Heltid

Nettside


Om virksomheten

Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.