Fakultetsdirektør ved Fakultet for kunst, musikk og design
UiB
Fakultet for kunst, musikk og design tilbyr utdanningar på bachelor-, master- og ph.d.-nivå fundert på høgt anerkjent kunstnarleg utviklingsarbeid og vitskapleg forsking. KMD utdannar framtidas kunstnarar, designarar, kuratorar, utøvande musikarar, komponistar, musikkterapeutar, musikkvitarar og pedagogar.
Fakultet for kunst, musikk og design rommar både kunstnarleg utviklingsarbeid og vitskapleg forsking. Kunstnarleg utviklingsarbeid utgjer den største delen, men KMD har òg ein betydeleg del av vitskapleg forsking innan musikkterapi, musikkvitskap og musikkpedagogikk. Fakultetet legg til rette både for spesialisering og for samarbeid mellom ulike fagfelt og forskingstradisjonar, samt for ulike former for offentleggjering og dokumentasjon.
Fakultetet har rundt 700 studentar og 190 tilsette. Den faglege verksemda er organisert i tre institutt (kunst, musikk og design) med felles administrasjon. Institutta har både vitskaplege og kunstnariske stipendiatar. Fagmiljøa innan kunst og design er samlokalisert i eit nytt bygg, spesialteikna for verksemda av Snøhetta. UiB arbeider for å etablera eit eige bygg for Griegakademiet – Institutt for musikk på nabotomta i Møllendal. For meir informasjon om fakultetet, sjå nettsidene våre.
Om stillinga
Fakultetsdirektøren er del av den strategiske leiinga ved fakultetet og samarbeider med dekanen om å førebu saker for fakultetsstyret og setje vedtak i verk. Dekanen er fakultetets faglege leiar og er den øvste leiaren ved fakultetet. Dekanen er tilsett i åremålsstilling på fire år.
Fakultetsdirektøren rapporterer til dekan.
Ved universitetet er omfattande ansvarsmynde delegert til fakulteta. Fakultetsdirektøren har overordna, koordinerande oppgåver knytt til budsjett-, forskings-, studie- og personalforvaltning, i tillegg til formidling. Fakultetsdirektøren har òg ansvar for å følgje opp arbeidsgjevarpliktane for dei tilsette i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk. Administrasjonen ved fakultetet tel om lag 30 medarbeidarar.
Fakultetsdirektøren har regelmessige møter med universitetsdirektøren saman med fakultetsdirektørane ved dei andre fakulteta ved universitetet og med direktørane i fellesadministrasjonen.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Høgare utdanning på masternivå
- Relevant leiarerfaring, gjerne frå universitets- og høgskulesektoren
- God arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- Leiar- og samarbeidseigenskaper med vekt på kommunikasjon og resultatansvar
- Evne til å vere utviklingsorientert, ta initiativ og tenke strategisk
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
Vi tilbyr:
- Interessante og utviklande leiaroppgåver
- Gode samarbeidsrelasjonar, inkluderande arbeidsmiljø og eit spanande fagmiljø
- Støtte til leiarfunksjonen, tilbod om kompetanseutvikling og leiarutvikling
- Løn som avdelingsdirektør etter kode 1060 i Statens lønsregulativ. Løn vert fastsett ved avtale
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse, som gir god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån og forsikringar
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: dekan Frode Thorsen, tlf.: 414 79 223,
e-post: frode.thorsen@uib.no
eller assisterande universitetsdirektør Kari Fuglseth,
tlf.: 926 35 462, e-post: kari.fuglseth@uib.no.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for auka likestilling og vektlegg kjønnsbalanse og mangfald i leiargruppene. Kunnskap om og erfaring med likestillings- og mangfaldsarbeid vert vektlagd ved rekruttering av leiarar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Spørsmål om stillinga
Frode Thorsen
Dekan
414 79 223
frode.thorsen@uib.no
Kari Fuglseth
Assisterande universitetsdirektør
926 35 462
kari.fuglseth@uib.no