Lokalsamfunnet i Vågå har over år bygd opp mykje arrangementskompetanse! Vågå kyrkjelege fellesråd ønskjer å vidareutvikle Vågåkyrkja som ein attraktiv samfunnsaktør. Vi ønskjer oss god oppslutning kring gudstenestene, eit godt samarbeid med lag og organisasjonar, eit rikt kulturliv og eit godt samarbeid med barnehagane og skulane. Alle generasjonar skal vere representert og vi ønskjer å drive kor- og kulturarbeid, diakonalt arbeid, sorggrupper og ulike temasamlingar, i tillegg til trusopplæring og anna fellesskapsbyggjande arbeid.
Dette er ei spennande stilling i ei tradisjonsrik, men moderne folkekyrkje. Vår nye organist/kyrkjemusikar må kunne ivareta både klassiske kyrkjemusikktradisjonar og nye musikkformer. Her er det moglegheiter og spennande oppgåver!
Vi ønskjer oss ein allsidig musikar som
- har godkjent kyrkjemusikalsk utdanning eller anna relevant utdanning og erfaring
- har det overordna musikalske ansvaret i soknet i samband med gudstenester, vigsel, gravferd, andakter, salmekveldar og andre kyrkjelege aktivitetar
- har eit sterkt ønskje om å utvikle musikalsk arbeid og styrke songgleda i kyrkjelyden, saman med frivillige og staben.
- er engasjert med i stabs- og planleggingsmøter for kyrkjeleg aktivitet
- medverker til musikalsk profil/tek del på trusopplæringsaktivitetar.
- samarbeider aktivt med det rike kulturlivet i bygda – legg til rette for og gjennomfører konsertar og musikalske prosjekt i regi av kyrkja.
Av eigenskapar vil vi vektleggje
- at du evner å involvere, inspirere og skape musikkglede.
- at du har god samarbeidsevne og leiareigenskapar.
- at du er positiv og kontaktskapande.
- at du er løysningsorientert og fleksibel.
- at du ønskjer å arbeide for kyrkja sine mål og visjonar.
Om stillinga elles:
- Du vil få høve til å profilere deg som musikar, og til å påverke eigen arbeidssituasjon.
- Du får løn og godtgjering i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale i KA og pensjon- og forsikringsordning gjennom KLP.
- Vågå kyrkjelege fellesråd er IA-bedrift.
- Du må pårekne arbeid ettermiddag, kveld, helg og på høgtidsdagar.
- Det er ei frihelg i månaden.
- Du har ansvar for tilsyn og vedlikehald av kyrkja sitt orgel og øvrige instrument. Orgelet i kyrkja er frå 2002, og er beskreve som eit av dei flottaste kyrkjeinstrumenta i Gudbrandsdalen. Det er bygd av den danske orgelbyggjaren Marcussen & Søn. og har 1200 piper, 20 stemmer, to manualar og pedal. Det er og eitt piano av god kvalitet i kyrkja.
Staben held til i trivelege lokale i kommunehuset rett ved kyrkja og består av kyrkjeverje, sekretær, sokneprest, kyrkjelydspedagog, klokkar og kyrkjegardsarbeidar. Vi gler oss til å få ein musikar med på laget!
Aktuelle søkjarar vert innkalla til intervju og prøvespeling.
Politiattest må leggjast fram før tilsetjing, jfr Kirkeloven §29.
Du må være medlem i Den norske kyrkja.
Du må disponere eigen bil.
Oppstart i stillinga 1. februar 2024, eller etter avtale.
Har du spørsmål, ta kontakt med:
Dagleg leiar/kyrkjeverje Johanne Krogstadmo (mobil: 95 24 22 10 / e-post: jk854@kyrkja.no) eller fellesrådsleiar Erik Lillebråten (mobil: 909 71 257).
Søknad med CV, referansar og kopi av attestar og vitnemål sender du til Vågå kyrkjelege fellesråd v/ kyrkjeverje, Postboks 78, 2684 Vågåmo eller på e-post til post.vaga@kyrkja.no.