Musikk- og kulturskulelærar – 2. gongs utlysing
Høyanger kulturskule
Kulturskulen har ledig vikariat i 60 % stilling som musikk- og kulturskulelærar, med hovudvekt på direksjon. Vikariatet er ledig frå snarast og tom. 31.07.24. Kan bli forlenga etter dette.
Vi søkjer ein medarbeidar som ønskjer å vere ein del av det lokale kulturlivet og vere med å vidareutvikle kulturskulen.
Arbeidsoppgaver, korpsdireksjon:
• Direksjon og undervisning i grupper
• Konsertvirksomhet og samspillprosjekter
• Planlegging, kortsiktig og langsiktig i samarbeid med styrene
• Rekrutteringsarbeid
Kvalifikasjonar:
• Det er krav om musikkutdanning på høgskulenivå, inkl. pedagogikk eller liknande. Fagønskje: Direksjon av korps, (gruppeundervisning i messing/treblås kan tilkomme)
• Må kunne undervise på norsk
• Søkjarar må ha førarkort kl. B og disponere bil då noko køyring må påreknast
Personlege eigenskapar:
• Gode samarbeidsevner
• Positiv og flink til å kommunisere med både born og vaksne
• Evne til å legge til rette for å utvikle eit miljø som skapar relasjonar, tilhøyre til kulturskulen og motivasjon for læring og utvikling blant elevane
• Fleksibel i høve arbeidsoppgåver
• Tek utgangspunkt i den enkelte elev sine evner, føresetnader og ønskjer og er i stand til å tilpasse undervisninga etter dette
Vi tilbyr:
• Spennande arbeidsoppgåver
• Løn etter tariff
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
Det blir kravd politiattest av den som blir tilsett.
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.