Frist
01/10/2023

Søknad leveres
Søknadsskjema

Område
Møre og Romsdal

Stillingstype
Offentlig
Institusjon
Vikariat
Deltid

Nettside

Om virksomheten

Stiftinga Viti er den største kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Museet er ein profesjonell vitskapleg institusjon med i overkant av 60 tilsette og mange frivillige. Viti er organisert i 3 museumsfagavdelingar; kulturhistorisk avdeling, avdeling for samlingsforvaltning og kunstfagleg avdeling. I tillegg kjem administrasjonsavdelinga. Administrasjonen ligg i Ålesund, og dei spesialiserte museumsarenaene ligg i kommunane Ålesund, Sykkylven, Volda og Ørsta. Samlingane omfattar både natur-, kyst-, by- og industrihistorie, samtidskunstkunst, jugendstil og folkemusikk.

Kalender

Västanå Sessions

02/08/2024 Kl. 18:00

Hopalong AKA i bakgården på Folk

03/08/2024 Kl. 19:00

Oslo

Féile Oslo 2024

15/08/2024 Kl. 19:00

Oslo

Féile Oslo 2024 åpningskonsert

15/08/2024 Kl. 19:00

Oslo

Legg til arrangement
Se alle

Formidlar

Stiftinga Viti – Folkemusikkarkivet

Viti har ledig eit 50 % vikariat som formidlar i høve utstilling om folkedans, «Museene danser», på Sunnmøre museum.

Stillinga er ein del av Folkemusikkarkivet og rapporterer til fagdirektør i kulturhistorisk avdeling i Viti.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • Montere utstillinga.
  • Lage og gjennomføre formidlingsprogram i utstillingsperioden.
  • Demontere og rapportere utstillingsperioden.
  • Rådgjeving i høve museet sine formidlingstilbod.
  • Delta i anna museumsarbeid etter avtale.

Vi søker deg som har

  • Utdanning og / eller erfaring innan folkedans.
  • Erfaring med arrangement og kurs.
  • Erfaring med undervisning for fleire målgrupper.
  • Erfaring med utstillingsarbeid.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • God IT- kunnskap.

Av personlege eigenskapar ønskjer vi oss deg som

  • Har gjennomføringsevne.
  • Har god samarbeidsevne.
  • Har nettverk og kontaktar i folkedansmiljøa.

Vi brukar som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må meistre norsk både skriftleg og munnleg. Begge målformene må kunne nyttast.

Personlege eigenskapar og erfaring blir vektlagt.

Vi kan tilby

  • Ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø
  • stillinga er plassert i statens sitt lønssystem SK 1434 Rådgjevar (brutto årsløn i spennet mellom kr 502 300 – kr 584 500) eller SK 1408 Førstekonsulent (brutto årsløn mellom kr 466 500 – kr 509 300 ) ut frå kvalifikasjonar, ansiennitet og erfaring.
  • fleksibel arbeidstid og medlemskap i Kommunal Landspensjonskasse med gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonskassa.

Det må påreknast noko reising mellom kontorstadane i organisasjonen.

Arbeidsstad: Sunnmøre museum

Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju og vi ynskjer då referansar, vitnemål og attestar.

Merk søknaden Vikariat utstilling folkedans.

Vikariatet startar 01.12.2023 og sluttar 30.05.2024

Les og sjå meir om utstillinga og oss:

https://www.folkemusikkogfolkedans.no/museene-danser