Frist
01/10/2023

Søknad leveres
Søknadsskjema

Område
Møre og Romsdal

Stillingstype
Offentlig
Institusjon
Vikariat
Deltid

Nettside


Om virksomheten

Stiftinga Viti er den største kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Museet er ein profesjonell vitskapleg institusjon med i overkant av 60 tilsette og mange frivillige. Viti er organisert i 3 museumsfagavdelingar; kulturhistorisk avdeling, avdeling for samlingsforvaltning og kunstfagleg avdeling. I tillegg kjem administrasjonsavdelinga. Administrasjonen ligg i Ålesund, og dei spesialiserte museumsarenaene ligg i kommunane Ålesund, Sykkylven, Volda og Ørsta. Samlingane omfattar både natur-, kyst-, by- og industrihistorie, samtidskunstkunst, jugendstil og folkemusikk.



Folkemusikar

Stiftinga Viti – Folkemusikkarkivet

Viti har no ledig eit 40 % vikariat som folkemusikar for Folkemusikkarkivet i Viti

Folkemusikkarkivet er ei fellesteneste for dei tre regionmusea i Møre og Romsdal. Stillinga rapporterer til fagdirektør kulturhistorisk avdeling.

Sentrale arbeidsoppgåver i prosjektperioden:

  • Formidling av arkivet til Folkemusikkarkivet med innspeling, konsert, kurs og publikasjon.
  • Tekstproduksjon og publisering.
  • Arrangere fagdag i folkemusikk / dans for regionmusea.
  • Rådgjeving i høve museet sine formidlingstilbod.
  • Delta i museumsarbeid etter avtale.

Vi søker deg som har

  • Utdanning innan folkemusikk.
  • Erfaring med arrangement, kurs og opplæring.
  • Erfaring frå utøving av folkemusikk på høgt nivå.
  • Erfaring med arkiv – og museumsarbeid.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • God IT- kunnskap.

Av personlege eigenskapar ønskjer vi oss deg som

  • Har gjennomføringsevne.
  • Likar å jobbe sjølvstendig.
  • Har god samarbeidsevne.
  • Har nettverk og kontaktar i folkemusikkmiljøa

Vi brukar som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må meistre norsk både skriftleg og munnleg. Begge målformene må kunne nyttast.

Personlege eigenskapar og erfaring blir vektlagt.

Vi kan tilby

  • ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø
  • stillinga er plassert i statens sitt lønssystem SK 1434 Rådgjevar (brutto årsløn i spennet mellom kr 502 300 – kr 584 500) eller SK 1408 Førstekonsulent (brutto årsløn mellom kr 466 500 – kr 509 300 ) ut frå kvalifikasjonar, ansiennitet og erfaring.
  • fleksibel arbeidstid og medlemskap i Kommunal Landspensjonskasse med gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonskassa.

Stillinga inneber noko kvelds – og helgearbeid, og det må påreknast ein del reising mellom kontorstadane i organisasjonen og i regionen.

Arbeidsstad: Kontorstad Volda / Folkemusikkarkivet Viti

Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju og vi ynskjer då referansar, vitnemål og attestar.

Merk søknaden folkemusikar Folkemusikkarkivet VITI.

Vikariatet startar 01.01.2024 og sluttar 31.12.2024

Nærare opplysningar om stillingane ved å kontakte ingvil@vitimusea.no eller anna@vitimusea.no


Flere saker Se alle saker
Konserttips Oslo

Serier
Video
Radio