Frist
18/08/2023

Søknad leveres
Søknadsskjema

Område
Møre og Romsdal

Stillingstype
Offentlig
Organisasjon
Vikariat
Deltid

Nettside

Om virksomheten

Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca.4.600 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og  treningssenter

Kalender

Jubileumskonsert – Schola 60 år!

15/06/2024 Kl. 17.00

Oslo

Irsk søndagskonsert med Caraid

16/06/2024 Kl. 15:00

Oslo

Legg til arrangement
Se alle

Kulturskulelærar- vikariat 60% stilling

Stranda kommmune

Vi har ledig vikariat som kulturskulelærar i inntil 60% stilling frå 01.08.23 – 31.07.24, med moglegheit for fast stilling.

Stillinga/ vikariatet er fordelt slik:

Ca. 23 % messingopplæring på Stranda og Hellesylt
Ca. 18 % Stranda skulekorps (aspirantkorps og hovudkorps)
Ca. 19 % anna kulturskuleundervisning i Geiranger, t.d. piano, gitar og slagverk.

Om ønskjeleg, kan stillinga delast mellom fleire lærarar.

Det kan verte mogleg å auke stillinga som messinglærar i vikariat hausten 2023 i nabokommunen Fjord med 15 % undervisning av messingelevar (tidsbegrensa kontrakt i Fjord kommune). Nabokommunen Fjord har i tillegg dirigentstilling for korps ledig i inntil 20 % på fast basis (kontrakt i Fjord kommune).

Arbeidsstad og oppmøtestad er kulturskulen sine lokale i Stranda sentrum.

Aktuelle søkjarar kan/ vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Vitnemål og attestar skal scannast inn som vedlegg til søknaden. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.