Teaterlærar – årsvikariat
Ålesund kulturskole
Ålesund kulturskole har ledig eit årsvikariat i 90 % stilling som teaterlærar skoleåret 2023/24 frå ca. 25. august 2023. Vikariatet kan bli utvida til 100% fram til ca. 1. november.
Arbeidsoppgåver
- Undervisninga foregår i grupper, nokre med to lærarar pr. gruppe. Vi har pt. to undervisningsstader, Jugendteateret i Ålesund sentrum og Gomerteateret på Skodje. Gruppene er gjerne med på ein til to større produksjonar i året, og Jugendteateret har sin årlege storproduksjon, Putti Plutti Pott, til jul. I tillegg har vi fleire mindre produksjonar og framsyningar, spesielt for dei eldre elevane.
- Ca.¾ av arbeidet vil vere knytt til undervisning, resten til produksjon-, prosjekt- og administrative oppgåver. Fordeling av arbeidsoppgåver blir gjort i samarbeid med avdelingsleiar og dei andre tilsette innafor teaterseksjonen, og blir tatt inn i undervisnings-/arbeidsplanen for kvart skoleår.
Kvalifikasjonar
- Minimum tre års kunstfagleg utdanning (teaterfag) og tilfredsstillande pedagogisk kompetanse.
- Det er ønskeleg med erfaring frå undervisning i kulturskole/grunnskole. Den tilsette bør ha førerkort (klasse B).
Personlege eigenskapar
- Vi ønsker oss engasjerte, initiativrike, samarbeidsvillige og sjølvstendige tilsette ved Ålesund kulturskole.
- Evne til samarbeid og oppslutning om kommunen sine verdiar, open – engasjert – modig, er viktig for oss.
Vi tilbyr
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande reglar og avtaleverk.
- Undervisningsstillingar er plassert i kap. 4 B i HTA etter kompetanse og ansiennitet.
Kontaktinformasjon
Annbjørg Rørvik Skar
Avdelingsleiar
Telefon:70 16 24 58
Gro Dalen
Verksemdsleiar
Telefon:70 16 34 82