Frist
25/06/2023

Søknad leveres
Søknadsskjema

Område
Møre og Romsdal

Stillingstype
Offentlig
Institusjon
Fast
Heltid

Nettside


Om virksomheten

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.



Treblås-/saksofonlærar – fast 100 % stilling

Ålesund kulturskole

Ålesund kulturskole har ledig ei fast stilling som treblås-/saksofonlærar frå 1. august 2023.

Arbeidsoppgåver

  • Kulturskoleundervisning på treblås, primært klarinett og saksofon, både individuelt og i gruppe.
  • Undervisninga er desentralisert, slik at den tilsette vil måtte ha førerkort (klasse B).

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3-årig høgskoleutdanning i musikk, primært med saksofon hovudinstrument, og tilfredsstillande pedagogisk kompetanse.
  • Det er ønskeleg med erfaring innafor rytmisk musikk/jazz, likeså erfaring frå undervisning i kulturskole/grunnskole.

Personlege eigenskapar

  • Vi ønsker oss engasjerte, initiativrike, samarbeidsvillige og sjølvstendige tilsette ved Ålesund kulturskole.
  • Evne til samarbeid og oppslutning om kommunen sine verdiar, open – engasjert – modig, er viktig for oss.

Vi tilbyr

  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande reglar og avtaleverk.
  • Undervisningsstillingar er plassert i kap. 4 B i HTA etter kompetanse og ansiennitet.

Kontaktinformasjon

Gro Dalen
Verksemdsleiar
Telefon:70 16 34 82
E-post:gro.dalen@alesund.kommune.no

Miki Campins
Avdelingsleiar
Telefon:70 16 34 81
E-post:miguel.angel.camacho.campins@alesund.kommune.no


Flere saker Se alle saker
Konserttips Oslo

Serier
Video
Radio