Kulturskulelærar dans og drama
Stord kulturskule
Stord kulturskule er ein frivillig skule som har ei rekke tilbod om undervisning innan musikk, dans, teater, parkour, musikkterapi og visuelle kunstfag. Det meste av undervisninga er lagt til ettermiddagstid og er i Stord kulturhus eller i Osen 6, sentralt i Leirvik sentrum. Kulturskuletilbodet rettar seg i hovudsak mot born og unge i alderen 0 — 20 år, men skulen har ingen aldersgrense, og er difor open for alle. Kulturskulen har fast fellestid for alle tilsette to dagar i veka. Undervisninga er i hovudsak lagt til ettermiddagstid og det er elevar i alle aldrar, også vaksne. Lærar har tilgang til arbeidsrom/kontor i tilknyting til undervisningsrommet. Stord kulturskule har 600 elevplassar og 18 tilsette og skulen er organisert under Eining for kultur.
Det er ledig 85 % stilling for allsidig danse- og dramalærar.
Stillinga består av om lag 60% undervisning i dans (jazzdans, moderne) og 25 % undervisning i drama. 60% av stillinga er fast, medan 25% er vikariat.
Det er ei forventning om at lærar tek ansvar for planlegging og gjennomføring av ulike framsyningar og prosjekt, både aleine og i samarbeid med kulturskulen sin andre danselærar. I tillegg til ordinær undervisning, vil noko av arbeidstida verta lagt til helg, i samband med konsertar, framsyningar og liknande.
Arbeids- og ansvarsområde:
- Førebu, gjennomføra og evaluera undervisninga
- Kommunikasjon med føresette, elevar og samarbeidspartnarar
- Arbeida aktivt med rekruttering av elevar
- Bidra positivt og aktivt til utviklingsarbeid i fellesskap
- Bidra i planlegging og gjennomføring av framsyningar og andre arrangement
- Bidra til synleggjering av faget og kulturskulen generelt.
Kvalifikasjonskrav:
- Det er ynskjeleg med bachelor i dans, drama/teater eller musikal
- Det er ynskjeleg med pedagogikk
- Må beherske munnleg norsk
- Den som vert tilsett må leggje fram politiattest.
Personlege eigenskapar:
- Du er initiativrik og har evne til å tenkje kreativt og utradisjonelt i utviklinga av kulturskulearbeidet
- Du er sjølvstendig, målbevisst og engasjert
- Du holdar deg fagleg oppdatert
- Du har godt humør og er positiv i møte med elevar, forsette og medarbeidarar
- Du er fleksibel og løysingsorientert
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
- Du må gjerne vera nyutdanna
Me kan tilby:
- Eit kreativt og hyggeleg fagmiljø med mogleikar for å påverka vidare utvikling av kulturskulen
- Ein spanande og utfordrande stilling, med stor fridom innan gitte rammer
- Eige kontor/undervisningsrom
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje
Nærare opplysningar får du ved å venda deg til rektor/avdelingsleiar i Stord kulturskule, Gareth Whittaker, + 47 53 49 67 98 eller e-post: gareth.whittaker@stord.kommune.no
Ein finn meir informasjon om Stord kulturskule her.