Vil du leie arbeidet med å sikre den immaterielle kulturarven i Noreg? Vil du vere med på å gjere vår folkemusikk og folkedans kjend og synleg både nasjonalt og internasjonalt?
FolkOrg søkjer ein kulturinteressert, røynd, trygg og engasjert dagleg leiar til å drifte og utvikle organisasjonen. Vi søkjer deg som ønskjer å nytte kompetansen din til å styrkje ein viktig del av den norske kulturarven, og medverke til å sikre kulturpolitisk gjennomslag for programmet vårt, arbeidet vårt og medlemmane våre.
FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans, har ei mangfaldig og svært engasjert medlemsmasse som kontinuerleg jobbar for å skape gode og varierte kulturopplevingar i heile landet. Røynsle frå folkemusikk- og folkedansfeltet er ikkje eit krav, men for å lukkast i rolla er det viktig at du har ei genuin interesse for sjangeren, og at du forstår verdien av arbeidet vi gjer. Dagleg leiar skal i det daglege stå i spissen for å styrke FolkOrg sitt arbeid og auke oppslutninga om organisasjonen i heile landet.
Vi søkjer deg som har solid leiarrøynsle og røynsle med økonomistyring. Vidare ser vi gjerne at du har røynsle frå politisk påverknadsarbeid, og at du har sansen for å ta ei synleg rolle i media og delta i relevante debattar.
Du kommuniserer godt, og er ein stødig, samlande og engasjert leiar både for administrasjonen og for våre medlemmar.
Vi kan tilby ei spennande og utfordrande leiarstilling i ein organisasjon med brei kontaktflate både nasjonalt og internasjonalt, og eit sterkt fagmiljø på kontoret sentralt i Oslo sentrum. Dagleg leiar rapporterer til styret i FolkOrg. Stillinga er fast.
Vi veit at mangfald skapar betre resultat, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.
Spørsmål om stillinga kan rettast til våre rekrutteringsrådgjevarar hjå Hodejegerne, Åsta Braathen, tlf.: 989 01 025, eller Elisabeth Lien, tlf.: 481 33 390.
Søknadsfrist snarast, og seinast 12. mars. Vi inviterer relevante kandidatar til samtale så fort søknadene kjem inn, så søk gjerne så snart som mogleg. Byrjing etter avtale.