Rektor
Vang Kulturskule
Vi søker ein kreativ og engasjert rektor for Vang kulturskule i 50% fast stilling.
Vang Kulturskule har for tida undervisningstilbod innan musikk, dans, teater og visuelle kunstfag, og har for tida 13 alærarar fordelt på 2 årsverk og 41 elevar fordelt på 53 elevplassar. Kulturskulen held til i innhaldsrike og flotte lokale på Vang barne – og ungdomsskule (VBU), og samarbeider med ulike samfunnsaktørar om ulike prosjekt og aktivitetar for innbyggarane i kommunen og regionen.
Rektor har det pedagogiske, kulturfaglege og administrative ansvaret for kulturskulen. Du skal vidareutvikle ein framtidsretta, attraktiv og aktiv kulturskule i samarbeid med barn, unge, føresette, tilsette og lokalsamfunn.
Arbeidsoppgåver
- Kulturfagleg, pedagogisk og administrativ dagleg leiing av kulturskulen, herunder økonomi- og personalansvar
- Utvikling av kulturskulen og andre kulturarenaer og -møteplassar i kommunen
- Samarbeide med andre aktørar innan kultur, skule og frivilligheit
- Noko undervisning kan inngå i stillinga
Kvalifikasjonar
- høgare kunst, kultur eller musikkfagleg utdanning
- ønskeleg med pedagogisk utdanning
- ønskeleg med utdanning eller erfaring i leiing av lærings- og utviklingsarbeid
- fordel med erfaring frå kulturskule eller anna relevant verksemd
- god kjennskap til og forståing for arbeid på kulturområdet generelt
- har digital kompetanse
Personlege eigenskapar
- er kreativ og har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
- er bevisst relasjonsbyggar og liker å arbeide med barn, ungdom og vaksne i ulike aldre
- er løysingsorientert, handlekraftig og kan jobbe sjølvstendig
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
- gode kulturarena og -lokale
- varierte og spennande arbeidsoppgåver
- lønn etter avtale og gode pensjonsordningar
Stillingsprosent: 50%
Politiattest må leggast fram før tilsetting.
Kontaktinformasjon
Marta Bjørnøy Lalim, Kommunalsjef Utdanning og kultur, 97756665, Marta.Bjornoy.Lalim@vang.kommune.no
Vi gjer merksam på at søkarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.