Frist
05/01/2023

Søknad leveres
Søknadsskjema

Område
Vestland

Stillingstype
Offentlig
Institusjon
Fast
Heltid

Nettside


Om virksomheten

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.



Kalender

Reza e i Ragazzi

12/04/2024 Kl. 20:00

Viken

Operapub på Grønland Boulebar

13/04/2024 Kl. 19:00

Oslo

Engegård, Svendsrud og Haugen trio i Trysil

13/04/2024 Kl. 15.00

Innlandet

Legg til arrangement
Se alle

Opptaksansvarleg i Studieseksjonen ved Fakultet for kunst, musikk og design

UiB

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) er det ledig 100 % fast stilling som opptaksansvarleg (seniorkonsulent), med særskilt ansvar for fakultetets rekrutterings- og opptaksarbeid.

Som fakultetets rekrutterings- og opptaksansvarlege inngår du i studieseksjonen på fakultetet med om lag 12 andre medarbeidarar. Stillinga rapporterer til studiesjef ved fakultetet, og samarbeider i det daglege tett med KMDs studieseksjon og fagmiljøa.

Arbeidsoppgåver:
Til stillinga ligger blant annet følgjande ansvar og oppgåver:

  • Administrasjon og koordinering av KMDs lokale opptak og opptaksprøver/intervju, etter gjeldande regelverk
  • Organisere og leie tilhøyrande prosesser inn mot fagmiljøa og studieadministrasjon
  • Veiledning av søkjarar
  • Systemarbeid i forbindelse med søknad og opptak (FS, m.m.)
  • Rapportering, oversikter og statistikkar, og utviklingsarbeid
  • Medansvar for rekrutterings- og informasjonsmateriell til KMDs studieprogram, og fakultetets nettsider om søknad og opptak
  • Internasjonalt opptak i samarbeid med internasjonal koordinator
  • Bidra i UiBs nettverksgrupper på relevante fagområde
  • Vurdering og godkjenning av søkjaranes formalkompetanse for opptak til våre studieprogram
  • Delta i utvikling og i vedlikehald av rutinar og regelverk

Det kan være aktuelt også med andre oppgåver i stillinga, eller tidvis avsetting av ressursar til spesifikke prosjekt. Den som vert tilsett må og rekne med å bidra med anna sakshandsamingsarbeid innanfor studieadministrasjonen sitt ansvarsområde.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Fakultetet søker ein erfaren medarbeidar som raskt kan sette seg inn i arbeidsprosessar, og legge til rette for ein god arbeidsflyt på dei aktuelle fagfelta.

  • Søkjar må ha høgare relevant utdanning på minimum bachelornivå. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for utdanningskravet.
  • Like viktig er kravet om at søkjaren kan dokumentere kunnskap og brei erfaring innafor det kunstfaglege utdanningsfeltet. Kjennskap til, og erfaring med andre digitale verktøy er eit føremon (Office-pakken og særleg Excel, FS, Ephorte, samt ev. andre digitale kommunikasjonsverktøy)
  • Den som innehar stillinga må kunne uttrykkje seg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk
  • Søkjar bør ha erfaring med leiing av prosessar, og kunne vise til gode resultat

Ved vurdering av kandidatane vil vi leggje vekt på personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga.
Til eksempel:

  • Sjølvstendig, strukturert, nøyaktig
  • Trivast med detaljarbeid, og handtere store mengder av informasjon
  • Sjå arbeidet som en del av heilheita
  • God evne til å planlegge, koordinere og gjennomføre arbeidsprosessar sjølvstendig og saman med andre
  • Positiv, serviceinnstilt og imøtekommande
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • God evne til å handtere store arbeidsmengder og høg aktivitet med tidsfristar
  • Motivasjon for arbeidet, forståing av ansvar og resultatorientering

Vi kan tilby:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit spanande og internasjonalt kunstfagleg miljø
  • Moglegheit for vidareutvikling og kompetanseheving
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 58 – 64 (for tiden kr. 534 900 – 593 500) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknad der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • Attestert kopi av vitnemål og relevante attestar
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert vurdert med den informasjonen og dokumentasjonen som ligg i JobbNorge når søknadsfristen går ut.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Studiesjef Hilde Skare (hilde.skare@uib.no) eller assisterande fakultetsdirektør Eli Neshavn Høie, (eli.hoie@uib.no).

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Frist
05/01/2023

Søknad leveres
Søknadsskjema

Område
Vestland

Stillingstype
Offentlig
Institusjon
Fast
Heltid

Nettside


Om virksomheten

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.