Frist
23/11/2022

Søknad leveres
Søknadsskjema

Område
Vestland

Stillingstype
Offentlig
Institusjon
Fast
Deltid

Nettside


Kalender

Roligt att höra – Kenneth Karlsson 70

02/12/2022 Kl. 20.00

Oslo

Lørdagsopera 3. desember

03/12/2022 Kl. 15:30

Oslo

Mens grauten koker – en julekonsert

04/12/2022 Kl. 18:00

Oslo

Legg til arrangement
Se alle

Organist

Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd / Os sokn

Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd har ledig stilling som organist i Os sokn. Stillinga er ein fast, 60%- stilling.

Bjørnafjorden er ein kommune sør for Bergen med om lag 25.000 innbyggjarar. Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd er delt inn i to sokn, Fusa og Os. Tilsette i fellesrådet og prestar knytt til sokna utgjer to engasjerte og kompetente stabar på til saman rundt 30 tilsette.

Som tilsett vil du få ansvar og fridom til å utvikle kyrkjelyden sitt musikalske arbeid i samråd med kantor og øvrig stab. Vi har stor tru på musikken si evne til å byggje bru, skape samhald og opplevingar som knyter kyrkjelyden saman. Du vil òg arbeide saman med kateket, barne- og familiearbeidar, prestar, ungdomsarbeidar, diakon og dei andre tilsette på kyrkjekontoret i Os.

Os sokn har to kyrkjer, Os kyrkje og Nore Neset kyrkje, med til saman om lag 6 gudstenester i månaden. Os kyrkjelyd har eit rikt musikkliv som bidreg til ulike musikkuttrykk i både gudstenester og andre aktivitetar.

Velkommen til å vere med å bygge kyrkjelyd i Os, i eit kreativt, stimulerande fellesskap!
Eit godt arbeidsmiljø er ope for mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.

Arbeidsoppgaver

  • Førebuing og gjennomføring av gudstenester og kyrkjelege handlingar etter tenesteplan.
  • Medverke i skule-, kyrkje- og institusjonsarbeid
  • Medverke i musikkretta tiltak, særlig knytt til trusopplæring og kyrkjelydsbyggjande arbeid.
  • Planlegge og gjennomføre konserter og andre arrangement i samarbeid med kollegaer og soknerådet.

Kvalifikasjoner

  • Kirkemusikalsk utdanning eller annen relevant musikkutdanning
  • Erfaring og kompetanse i orgelspel
  • Erfaring frå korarbeid og samarbeid med andre musikarar er ein fordel
  • Kjennskap til og erfaring med ulike musikksjangrar er ein fordel
  • Gode kommunikasjons- og formidlingsevner

Personlige egenskaper

  • Sjølvstendig og strukturert
  • Gode samarbeidsevner
  • Inspirerande, engasjert og kreativ

Annet :

  • Den som vert tilsett må vera medlem av Den norske kyrkja
  • Tilfredsstillande politiattest må leggjast fram ved tilsetting
  • Den som vert tilsett må meistre norsk skriftleg og munnleg godt.
  • Det vil bli lagt opp til prøvespel i samband med intervju til stillinga
  • Søkar må kunne disponere eigen bil i tenesta
  • Personleg eignaheit vil tilleggast stor vekt

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med dedikerte kollegaer
  • Ein stor og aktiv kyrkjelyd med rom for nye prosjekt og eigenutvikling
  • Pensjonsordning gjennom KLP
  • Løns- og arbeidsvilkår etter KA sitt avtaleverk

Spørsmål om stillingen

Fungerande kyrkjeverge Hans Einar Markhus, E-post: hm629@kyrkja.no, Tlf.: 95 93 65 80
Dagleg leiar i Os sokn Sigurd Rotvik Tunestveit, E-post: st575@kyrkja.no, Tlf 93 86 91 09

Frist
23/11/2022

Søknad leveres
Søknadsskjema

Område
Vestland

Stillingstype
Offentlig
Institusjon
Fast
Deltid

Nettside


Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev